søndag 30. november 2008

Når ein pepparkakebaker....og eit rop om KYNDIG hjelp!!


I dag har vi baka pepparkaker til den store gullmedalje...Tone og Johannes kom kl. 13.30 og då var det berre å sette i gang:0)


Litt kos med julebrus, gløgg og smaking på baksten høyrer sjølvsagt med;9)

Vi laga og hjerte, konemor og mann til å henge i vindauga...
Eg har VERDENS beste peppakakeoppskrift som mi beste venninne ar delt med meg:0)
You are the best Linda...


LINDAS PEPPARKAKER:

300 gram margarin eller smør
3 dl sukker
Dette skal smeltast og avkjølast.
2 dl sirup
3 egg
2 ts natron
2 ts ingefær
2 ts kanel
og til slutt 1 kilo peppar...eller....øh...he he, nei det var visst 1 ts peppar;o)
800 gram kveitemjøl

Eg brukar som oftast berre halve mjølmengda når eg lagar deiga. Knar og eltar inn meir mjøl når eg byrjar å bearbeide deiga, synst eg har betre kontroll då...
Deigen lagast kvelden før og skal stå i kjøleskap til den skal brukast.

Skal stå midt i ovnen på 180 grader og steikast til dei vert brune...





Etter at baksteøkta var avslutta var det lystenning, opplesing av første vers om adventslysa. Las og Legenden om dei fire adventslysa som eg la ut på bloggen før i dag!!





Og så kjem problemet mitt....
Windows Live Writer har svikta meg *snufs*
Når eg skulle legge ut dette innlegget kom det opp at det hadde oppstått eit problem, utan nærare informasjon...No har eg kava og prøvd meg fram på forskjellig vis, tom prøvd å laste nedatt WLW på nytt...utan hell... *Hikst, hyl*
No kjem det opp att det er feil på server og eit eller anna om Java, men JAva er no oppdatert??
Er det nokon her ute som har eit råd???PLEASE???
Merkar at det er FRYKTELEG tungvint å gjere det på "gamlemåten"

1 søndag i advent:0)

I desember har vi adventstida. Det latinske adventus betyr ankomst, og er betegnelsen på ventetida for Jesu kome i jula. Den byrjar fire søndagar før jul og varar fram til julaftan. I dei katolske land er advent ei botstid med faste, som i tidlegare tider byrja med Mortensmesse. Før var det og skikk at ein ikkje skulle danse og more seg i adventstida.

 PB300083

Adventsøndagane gjev ein forsmak på jula. Då kjem familien saman og tenner adventslysa, alt etter kva søndag det er. Mange stadar held ein enno gamle tradisjonar i hevd, til dømes med høgtlesing av juleforteljingar eller liknande.

 PB300084

Bruk av adventskrans oppsto i Tyskland i 1830 åra, etter ein ide av indremisjonens grunnleggar Johann Heinrich Wichern, der dei gamle julesymbola ~eviggrøne vekstar og lys ~er foreina i ein ring.

PB300085

Opprinneleg brukte ein raude band, som er livets farge på kransane, men i dag finn vi og andre fargekombinasjonar som til dømes lilla band, som er den liturgiske fargen for adventstida.

ADVENT

Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede.

Det står og skinner for seg selv og oss som er til stede.

Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede.

~Inger Hagerup ~

LEGENDEN OM DEI FIRE LYSA!

PB300086

Fire lys brann på adventskransen. Det var heilt stille, så stille at ein  kunne høyre lysene snakke til kvarandre.

Det første lyset sukka og sa:
”Mitt navn er fred. Eg skin klart, men menneska vil ikkje ha fred, dei vil ikkje ha meg”.
Lyset vart  mindre og mindre, til slutt slokna det heilt.

Det andre lyset sa:
”Mitt navn er tro. Men eg har vorte  overflødig. Menneska vil ikkje vete av Gud lenger. Det er meningslaust at eg brenn”.
Så slokna det andre lyset.

Bedrøva og med lav stemme sa det tredje lyset:
Mitt navn er kjærleik. Eg eig  ikkje lenger krafta til å brenne. Menneska overser meg.
Dei ser berre seg sjølv og ikkje dei andre som dei skulle elske”.
Også det tredje lyset slokna.

Eit barn kom inn i rommet, så på lysa og sa:
”Dykk skal då lyse og ikke slokne”, med auga  fulle av tårer. Då høyrdes brått  stemma til det fjerde lyset: ”Vær ikkje redd! Så lenge eg brenn, kan vi tenne dei andre lysa att. Mitt navn er håp”.

Og barnet tok ein flamme frå håpets lys med ein fyrstikk og tende igjen alle dei andre lysa.

ADVENTSSTJERNE

PB300087
Den store femtakka stjerna som vert hengt opp i stovevinduet fyrste søndag i advent, har funne vegen til Norge via Sverige.

Den raudgule stjerna har sin opprinnelse i den tyske frikirkemeinigheta Herrnhuterne, også kjent som Brødremenigheten, som vart grunnlagt på 1700-tallet. Adventstida var viktig i deira kyrkjeliv, og på slutten av 1800-talet byrja borna i meinigheitas kostskular å lage desse stjernene av gjennomsiktig papir som dei sette utenpå oljelampar.

Kvar ideen opprinnelig kjem frå er uvisst, men herrnhuterne sjølv meinar at ein lærar på misjonsoppdrag i Sverige kan ha blitt inspirert til å lage stjerna etter å ha sett svenske stjernegutopptog.

Skikken vart verkelig utbreidt då elektrisiteten erstatta oljelampen. I Sverige vert den i dag kalla ”Polarstjerne” på folkemunne, fordi den skin frå tusenvis av vindauge.

ADVENTSKALENDER

Adventskalendar                Bilde frå Wikipeda

Den masseproduserte adventskalenderen kom i salg i Norge i byrjinga av 1930-årene, men vart  fyrst vanlig blant barn etter andre verdenskrig.

pakkar

Det finst ingen sikre opplysningar om korleis den fyrste adventskalendaren vart  til, men det vert  fortalt at tyske frau Lang laga den fyrste. Ho ville forkorte ventetida før jul for sin sjuke son på 1800-tallet.

lørdag 29. november 2008

Juleverkstad og tenning av julegrana:0)

I dag har vi vore på den tradisjonelle juleverkstaden på bedehuset....

PB290054

Her troppar heile bygda opp, og vi kosar oss med vafler og kaffe, og lagar litt småting med ungane...

PB290056

Den eldre garde benkar seg rundt eit bord litt på avstand frå verkstadbordet, og praten går lavmælt rundt bordet...

PB290055

Karane samlar seg som regle rundt eit bord for å prate, med eit halvt auge over på verkstaden...

PB290059

Mødrene, ja kvar trur du mødrene er??

PB290060

Jau, dei sit rundt verkstadbordet og held styr på klipping og liming, vafler, kaffe og saft. Med roleg stemme og stødig hand guidar vi dei gjennom aktivitetane, samtidig som praten går om eitt og hitt rundt bordet...

PB290057

For å ta litt generell informasjon om kommunen så er den delt i tre, og er svært langstrakt...Så er kvart kommunesenter atter inndelt i fleire små bygdesamfunn der ein gjerne har forsamlingshus for si grend...I vår grend har vi både bedehus og grendahus med tilhøyrande ballbinge. Kvinna eg skreiv om i går budde i ei anna grend , men i same kommunesenter....

PB290063

Litt lærdom og bodskap vert putta inn og, her vert det lese ei bok om julestjerna....

PB290065

Til slutt så har vi tenning av julegrana vår, ikkje er den stor, men den er vår, og vi tykkjer det er ein koseleg tradisjon...Sjølvsagt har vi og gang rundt juletreet og julesanger til akkomagnement...

PB290067

Takk til grenda mi for nok eit triveleg samkome, og no har ein del av grendafolket benka seg rundt småborda i grendahuset der det tradisjonsrike julebordet går av stabelen i kveld...

PB290072_01 PB290073 PB290074

Årets produkter...

PB290070

Mannen i mitt liv er på julebord. Vi hadde ikkje barnevakt, og sidan han er leiar i Grendahuset vart eg heime med våre søte små...Etter å ha kosa oss med mat og nammis, var det tid for å kle av og pusse tenner...

PB290068

Vi stabla opp alle dynene og putene våra i senga til Fredrik, rigga oss godt til og så: SNURR FILM!!

PB290071

Ei koseleg stund vart det for både mor og barn

PS! Du må ikkje gløyme å legge att ein kommentar i jubileumsinnlegget frå den 22 november...Då er du med i trekninga av to premiar...

fredag 28. november 2008

Ei bygd i sorg.....

I dag har Rakel og eg vore i begravelse til ei kvinne som knapt rakk å fylle 40 år før ho gjekk vekk...

Rita hadde kreft for andre gong...og 24 november 2008 tok kreftene slutt. Attende sit ein ektemann og tre små gutar på 13, 10 og 6 år... Det heile er så ufatteleg, meiningslaust og urettferdig....

Ja Presten vår brukte nett ordet urettferdig i kyrkja i dag, han sa endog at Gud er urettferdig...Men samstundes ba han oss om å fatte håp, og tru at dette ikkje er slutten for henne...eller for oss når vår tid kjem...

Det vart sagt mange flotte ord i kyrkja i dag, om ei varm og tilstadeverande kvinne, kjærleg hustru og omsorgsfull mor...Rita hadde ei stor familie som alle heldt av henne, og det vart fortalt ein del anekdotar...Bla fortalte eine broren at om det kom folk på besøk så gjekk ikkje Rita i dusjen, då kunne ho nemleg gå glipp av noko...Ein gong hadde ho sågar dusja med døra open i frykt for ikkje å få med seg alt som skjedde...

Bildet som vart skissert for oss i dag var vakkert...Ei flott kvinne som sto på for sine.... Den mellomste guten deira har Downs syndrom, og ho kjempa som ei løve for rettane til guten sin...Det var mange som fekk merka Rita si styrke når ho sto på barrikadene...For Rita var sterk, og hadde sine meiningars mot...Ho var og ei kvinne som sette spor etter seg på mange måtar, og hennar karakteristiske latter og gode humør vil vi for alltidt bere med oss...

Det har vore ein tøff dag for bygda vår, og ikkje minst familien til denne flotte kvinna..

PB270024

Rakel perla eit smykke i går, ho sto og leika litt med det, før ho stille sa:

"Mamma, eg har laga eit hjerte. Dette hjertet er til Even sin Mamma, som ikkje kunne leve lenger sidan ho hadde kreft...Eg vil at Even skal ha det og, fordi eg er så glad i han""

Sterkt og omsorgsfullt sagt av ei lita jente på 6 år, som no naturleg nok har mykje tankar kring døden og er redd for at vi ikkje får leve lenger heller....

Denne vakre salmen er ein av mine favorittsalmar, og vart sungen i kyrkja idag:

KJÆRLIGHET FRA GUD

Kjærlighet fra Gud

springer like ut

som en kilde klar og ren.

I dens stille bunn,

idens dype grunn

gjemmes livets edelsten.

Kjærlighet fra Gud

som en yndig brud

komme smykket til oss ned.

Lukk kun opp din favn,

kom i Jesu navn,

himlen bringer den jo med.

Kjærlighet fra Gud

er det store bud,

er det eneste jeg vet.

Bli i kjærlihet.

og du har Guds fred,

for Gud selv er kjærlighet.

PB270024

Kvil i fred Rita...

Adventskalendar

Har vore på shoppingrunde i to dagar, og no er nesten alle julegåvene i boks...

HERLEG!!

PB280028

Handla og inn gåver til julekalenderen. I går kveld pakka eg inn for harde livet, og var SÅ fornøgd når eg var ferdig. Opp på loftet og dukka ned i mine adventskasser for å finne kalendaren.

NOTHING!! NADA!! INGENTING!!

PB280029

Eg som alltidt brukar å vere så nøyen har i alle fall ikkje pakka kalendaen i lag med resten. Eg har leita, grubla og tenkt, men nei... Håpar hjerna mi set inn høggiret og jobbar med meg og ikkje mot meg slik at den er på plass til 1 desember ellers vert det

FULL KRISE!!

Adventskalendaren er det nemleg Oldebesta som har stått for, vi fekk den til jul det året Fredrik vart fødd...Brodert med nydelege små sting, det er ikkje få arbeidstimar som ligg bak den kalendaren, nei...så

HER ER GODE RÅD DYRE!!

PS!  Du har vel ikkje gløymt å legge att kommentar i jubilumsinnlegget mitt frå 22 november???

torsdag 27. november 2008

Tante Mimmi

I går kom det pakke til meg i posten frå Tante Mimmi!! Rask levering og ringen eg har bestillt sto verkeleg til forventningane;0)

PB260015

Spennande spennande

PB260019

Nydeleg resikulert ringpose!!

PB260020

Ringen...Er den ikkje fin vel?

Tante Mimmi 

Tusen takk, Tante Mimmi, eg er kjempefornøgd med både ringen og servicen...

Fekk besøk av ei venninne i går kveld og då serverte eg desse herlegheitene i følge med ein god kopp te:0)PB260022

VANNBAKKELS:

50 gram smør

2 dl vatn

2 dl mjøl

2 store egg

Kok opp smør og vatn. Skru ned varmen og tilsett alt mjølet. Rør til deigen samlar seg og slepp underlaget. Tilsett eit og eit samanvispa egg og rør godt inn.

Steiketp: 200 grader

Steiketid: 30 minutt. NB!!Ovnen må ikkje opnast før tida  er ute

PB260021

PS!! Du har vel ikkje gløymt å legge att kommentar i jubileumsinnlegget mitt frå 22 november?? Dobbeltrekning og dermed dobbel sjanse til å vinne:0)

onsdag 26. november 2008

To Molly ~ with love

To Molly - with love

Eg  må innrømme at natta har vore prega av tankekrets rundt Molly og det ho går gjennom no...

Når eg gjekk innom bloggen idag, såg eg denne overskrifta på Tove sin blogg!! Eg skunda meg inn for å sjå og vart heilt rørt av omsorga og den fantastiske gesten til Molly.

Tove ~You are one of a kind...

Heng meg sjølvsagt på denne oppfordringa, og no kjennest det  ut som om ein får gjort litt for å støtte, om ikkje så mykje!!

Oppfordringa til mine lesarar i dag vert difor å ta med seg hjertet inn på sin blogg og lage eit tilsvarande innlegg med overskrifta

To Molly ~ with love

Du kan bruke hjertet til Tove som eg har gjort eller finne eit anna...

Klem Line

tirsdag 25. november 2008

Ein roleg dag....

Med to sjuke ungar i hus vart det ikkje dei heilt store sprella i dag;0) 

PB250009 

For deira del har dagen stort sett vorten tilbragt på denne måten, og dei har ikkje eingong hatt energi til å krangle....Så nokon goder er det no når ungane er sjuke, kunsten er berre å time dei inn samtidig, hi hi...

PB250007PB250008

Mor i huset har lest litt for dei... Har fått støvsuga litt her og der og dilla litt rundt..PB230008

PB230013

Har arrangert mine nyspraya konglar i ei skål, og no er dei plassert i ei hylle i skjenken der dei har fått fyljgje av nøtteknekkaren som Frode laga på barneskulen!!

PB250010

Ma må til i sjuke skrottar, og det er sjølvasgt ikkje kva som helst som freistar...MEN bollar seier vi sjølvsagt ikkje nei til:0)

SVIGERMORS BOLLAR:

5 dl melk

100 gram smør

50 gram gjær

1,5 dl sukker

1 ts kardemomme

1 egg

Mjøl til passeleg deig

(Eg brukar og å tilsette 1 ts bakepulver...)

Hevast til dobbel størrelse og trillast ut. Etterhevast ca 30 minutt.

Steiketp: 200 grader på min ovn, men dei    fleste brukar nok 225.

Steiketid: Ca 15 minutt.

BON APETIT!!

j0401201

Nyttar og høvet til å takke med denne rosebukketten for mange gode og varmande ord i høve innlegget mitt i går. Det varmar utruleg mykje å vete at det er så mange som bryr seg her i flotte Blogglandia!!

j0399621

Tankane mine no kretsar rundt Molly, som har det utruleg tøft for tida...Sender deg varme tankar og ei rose herifrå, Molly!!

Kjekke helgeaktivitetar...

I dag sit eg her med 2 stk feberheite, hosteharkesjukelure ungar, og ser fram til ein strålande dag *sukk* Håpet er jo at dei er så slappe at dei ikkje orkar å krangle;o) Akkurat no ligg dei som to slakt i kvar sin stol og dermed så nyttar ho mor stilletida og kosar seg med å lage eit helgeinnlegg

På laurdag var det basar i bedehuset i bygda vår.I den vesle bygda utanfor sentrum har vi faktisk både ein ballbinge som er tilknytta eit grendahus og eit bedehus...og bygdefolket støttar godt opp om begge plassar...

Tradisjonen tru var det sal av mat og kaffe. 30 kroner pr voksen og gratis for ungane. Vi tok sjølvsagt lodd på boka vi har tatt lodd i før, og så var det ÅRESAL!!

Dette er like gøy kvar gong, og mannen i mitt liv og ungane mine har faktisk vinnarlykke...Skal ikkje begi meg ut på noko "Hell i spel, uhell i kjærlighet "her nei;9)

Men han var faktisk 30 år før han fann meg,eller eg fann han, alt etter kva versjon du får høyre fyrst.... så det er vel noko i det allikevel, hi hi...

Sondre, tante/onkelsøtnosen vår, var og med, men han hadde ikkje særleg tru på eige hell..."Eg vinn heilt sikkert ikkje"

Men vann gjorde vi, i bøtter og spann. Sondre vann ei nydeleg lyslykt på boka, og såg omtrent ut som han hadde dutte ned frå månen når namnet hans vart ropt opp...

Gløymte kameraet (utruleg men sant) , så eg har ikkje bilder frå basaren, men her er i alle fall gevinstane...

PB220060

PB220063PB220064

Om kvelden kosa vi oss med pølsepizza, brus og snop....

PB220067

PB220069

Søndag var det eit nydeleg vinterver, så når Tone og Johannes kom og lurte på om vi ville vere med ut å ake/gå på ski var vi slett ikkje seine å be...

PB230016

PB230017

PB230018

PB230037 PB230039

Du har vel huska å legge att kommentar i jubileumsinnlegget mitt frå 22 november??? Då er du med i trekninga.....