lørdag 30. august 2008

GADDEVATNET


Min bedre halvdel Frode og Ottar med Skarsvatnet i
bakgrunnen.


Smørtjønna



Gaddevatnet

I heile sommar har vi snakka om at vi skal reise opp på Gaddevatnet, men tida har liksom ikkje strukke til... Men i dag har vi altso vore der!!! Vi har hatt ein fantastisk tur, der naturen har bydd på seg sjølv og vist seg fram på sitt aller beste:)
I tillegg til Gaddevatnet, som då var hovedmålet, har vi og passert Skarsvatnet og Smørkjønna. Som dokke då skjønar, har dette vore ein laang tur. Vi reiste kl 10.00 i dag, og var heime att kl 20.00.
Ungane har vore heilt fantastiske. Dei er berre så flinke til å gå, og
det har ikkje vore EI EINASTE klage !!!
Det har stort sett vore overskya, men utruleg mildt og fint. Mor i huset har fått plukka enno meir blåbær, og vi fekk til sammen ca 30 kjø(krede), der vår lodd var på 14.
I morgon vert det med andre ord sjølvfiska middag og sjølvplukka dessert...
Takk for ein fantastisk dag, Ottar og Torill, dette må gjentakast:0)


Rakelmor


Nydeleg augenstikkar. Det er utruleg
mange av dei i år.


Ei maurtue vi traff på vår veg.

Flotte soppar.




Fredrik fiskar for harde livet,


og uttelling vart det... Det er alltidt
godt å få hjelp av Pappa.


Torill med dagens minste
fangst.
Ingenting slår eit varmande og sjølvlaga leibål.


Nydelege blåbær

For ikkje å snakke om dei
flotte blåbærfingrane.

Ein liten bjørn vi traff
på vår veg.
Kva kan dette vere! Ein liten
vette som freistar å gøyme seg,
eller kanskje ein nisse?!?

fredag 29. august 2008

Kjøkkenhøner, flaskepost og andre skattar!!

Den gang da...eg fyllte 25 år, som visst nok er nokre år sidan *Kremt,kremt*
Då fekk eg nokre kjempeflotte høner av Linda og Terje.
Desse hønene har fulgt meg i tjukt & tynt i alle år sidan, og eg er innmari glad i dei.
Til tross for at dei har budd på diverse hyblar, pryda kjøkkenet i kollektivet eg har budd i og vore med på tre flyttelass i mitt og Frode sitt samliv så er dei NESTEN like heile.
Babyhøna har fått ei lita skramme på nebbet, men litt må ein jo forvente av skader på slike ærverdige høner...
No har dei hatt sin faste plass på kjøkkenet på Sygna i 7 år, og dei seier at bedre plass å bu, nei, det finnast ikkje!!
Her om dagen kom det dumpande ein artig postkortvariant til mine søte små i postkassa.
Det var sjølvsagt frå Julie Kristin(syskenbarnet) som ferierte i Danmark. Ungane var frå seg av begeistring og syntest at dei var, ja,høyr berre her: DRITSTILIGE!! Heldivis er dei velsigna med ei tante som tenker på alt, og difor fekk dei kvar sin flaskepost....
I fjor var vi på ferie i Danmark. Då vi var på veg oppatt til Fredrikshavn, hadde vi ein stopp i Randers regnskog, noko som forøvrig anbefalast på det varmaste om nokon planlegg tur til Danmark. Der skulle ungane få velge seg noko i utsalsgbutikken. Rakel valgte seg ei vifte og ein bamse. Men Fredrik, nei han var ikkje interessert i dei vanlege, kjedelege minnetinga. Han fann seg eit komplett sett med frø som skulle bli til kjøtetande planter, potter og jord. Vi hadde knapt fått entra norsk jord før han lurte på kva tid vi skulle plante. Så snart vi var innanfor eigne dører, var det faktisk berre å sette i gang. Dei fleste plantene blei det ikkje noko av, eller dei døydde etter ei stund. Men vi har eit eksemplar som har overlevd. Eg tenkte som so at når det blei sol og varme, så vart det fart i vekseprosessen, men den gang ei. No har den hatt samestørrelsen i eit halvt år. Så dersom nokon der ute veit kva som skal til for å få fart på veksten, vert tips mottatt med takksemd...

Den siste skatten eg viser fram i dag er mine første sko.
Mamma hadde dei til oppbevaring til eg vart vaksen nok til å setje pris på sånne skattar.
Eg fekk dei tilbake til odel og eige i 2001, når vi då endeleg busette oss på "orntli".
Dei har og sin faste plass på kjøkkenet i lag med hønene mine, og trivst heldigvis like godt som dei.

Ha ei strålande helg alle sammen=0)

søndag 24. august 2008

Ei litt av kvart helg:)

Mi lisje frøken fekk seg ny sykkel til 6 årsdagen sin i juni, og var SÅÅ stolt over den nye sykkelen. Etter det har ho konsekvent nekta å bruke den, og sagt at ho vil vente til i morgon, at ho er fot trøtt m.m. I sommar har det på ein måte plystra litt forbi av di dagane har vore så hektiske. Men på fredag sa ho mor STOPP og jenta måtte til pers. Overraskelsen var difor stor når ho faktisk fekk det til. Laurdag ville mine søte små på sykkeltur, og eg tenkte som so at det er best å smi medan jernet er varmt...

Som tenkt så gjort, vi sykla til naboen for å gi gulerot til hesten.


Men etter det ville dei sykle lenger!! Det heile enda med at vi reiste til Sande for å overraske Pappa på jobben, og tilbakela ein strekning på 5KM.... Eg sprang og gjekk omeitanna for å halde følge med mi stolte Prinsesse, og var sjeleglad for alle pausane, då pusten/pulsen kunne roe seg litt. Fredrik kosta sjølvsagt avgårde, og var framme LEEENGE før oss.Det var ei stolt frøken som sovna den kvelden:)

I dag har vi vore på Miniputturnering i Hyllestad. Engasjert fotballmamma som eg har blitt, så var dette som vanleg ein opplevelse av dei store.

Gutane vann og tapte med same sinn, og synest berre at det er GØY, GØY, GØY.

Frå turnering på Sande

Då har dei etter mi meining ei fin sportsinnstilling som dei vil nå langt med.
Her i Sogn og Fjordane er det og innført Fair Play, noko som eg tykkjer veldig om:)

Frå turnering i Dale

Fekk ikkje tatt lagbilde i dag, så dette er frå Sande
No på kvelden datt omsider Rakel si tann nr. 3 ut, den har vore laus ein EVIGHEIT, så det var sannelig på tide...
Dersom nokon vil lese ein god tannfehistorie må dokke stikke innom Tove i Tankar frå eit kvardagsliv, garanterar ein god latter der... Som dokke skjønar så har begivenheitene stått i kø denne helga;)
Ynskjer alle som er innom ei super veke!!

fredag 22. august 2008

Kunstveggen min!!


Ikkje er dei signerte og ikkje ber dei kjende navn, men dette er noko av dei flottaste kunstverk eg veit om. Dei er personlege, laga med stil, strev & omtanke og ikkje minst så er det mitt eige kjøt og blod som har laga dei!! Morfaren min var ein habil kunstnar, så eg har jo eit hemmeleg håp om at i alle fall ein av ungane skal arve denne evna, for det har diverre ikkje mora gjort *Sukk*


Har planar om å lage ein tilsvarande vegg nede i hovedstova. Med desse flotte kunstbilda
ynskjer eg alle der ute i Blogglandia ei riktig god helg =0)

Nyttar og høvet til å takke for alle dei koselege kommentarane eg her fått. Kjenner at det inspirerar...


torsdag 21. august 2008

Sære interesser

Her i huset må vi vel ha det som kan kallast ein sær interesse... Vi studerar edderkoppar og edderkoppnett!! Store, små, tjukke, tynne, rare, vanlige:) Vi studerar og kommenterar, og mor i huset elskar å fotografere, ungane brukar sågar å bidra med mat i netta deira(då helst fluger). Eg likar dei eigentleg ikkje, synst dei er ekle, men samtidig blir ein vannvittig fascinert av dissa krapyla. Når ein studerar netta så må ein jo berre verte imponert, det er faktisk ekte kunstverk. Nokon gong sett sola filtrere eit edderkoppnett?? Eller regndropar som heng i nettet??Dersom ikkje, er det verkeleg verdt å stoppe opp og gjere det...Nyt synet!!!













tirsdag 19. august 2008

SUPERMAMMA

Like sikkert som skulestart, kjem ungane heim med bøker som skal takast bokbind på.. Dette er diverre ikkje ein av mine favorittaktivitetar då eg beherskar det dårleg, og føler meg som ei skikkeleg kløne. Etter mi meining burde det vere tilbod om kurs i "korleis legge på bokbind" for oss stakkars foreldre i forbindelse med skulestart.
Stor var difor Mamma si glede då Rakel førsteklassing hadde med foreldreinformasjon og følgande sto: Elevane treng ikkje å ta bokbind på nokon bøker, sidan det berre er eingongsbøker dette skuleåret. Eg var sjølvsagt snar til å fortelle dette til mi søte førsteklassejente. Men kva skjer?? Jo, i staden for eit fantastisk Rakelsmil, ser eg ei lita tåre henge i augevippene. For ho hadde sjølvsagt kjøpt rosa bokbind med
DISNEYPRINSESSER på!!

Kva no? Jau, ein klistrar på seg si beste SUPERMAMMA mine & smil og seier: "Men sjølvsagt er det jo og lov å ta på bokbind, og det må jo vi gjere sidan vi har kjøpt så flott bokbind, ikkje sant??" Hvorpå mi lisje prinsesse nikkar forsiktig og litt etter litt kjem med sitt strålande Rakelsmil. Supermamma sukkar i det stille og noterar seg enda ei bok som må bindast inn til kvelden...

No er det gjort, og resultatet blei slik:

mandag 18. august 2008

Første skuledag







Då var dagen som Rakel har venta så lenge på endeleg komen. Ho skulle få begynne på skulen. Vi fann fram skuleklea, børsta og ordna etter alle kunstens reglar, og så var vi KLARE!!
Mamma og Pappa var så heldige å få vere med på den store dagen, og i gymsalen fekk ein stolt storebror site framfor førsteklassingane på ei matte i lag med resten av fjerdeklasse.
I gymsalen starta ein med allsong, og så var det opplesing av klassene trinn for trinn.


I klasseromet hadde dei fyrst samling, og så ei arbeidsøkt før dei fekk gå ut slik at alle foreldra kunne få ta klassebilde.

Etter fotoseansen ute tok vi oss og ei runde innom klasseromet og tok bilder av henne ved pulten, for det gjorde jo Mamma når Fredrik begynte i første klasse... Deretter fekk vi streng beskjed av vår håpefulle lille jente at no var det på tide å gå, altså.

Dette sette tankane mine over på Inger Hagerup sitt flotte dikt:

Liten?
Jeg?
Langtifra!
Er akkurat passe.
Fyller meg selv helt.
På langs og på tvers.
Er DU større enn deg selv, kanskje?



Klokka 15.00 fekk vi ei sliten, men lukkeleg lita tulle heim med bussen. Det å starte på skulen var nett like stort som f forventa!!