onsdag 30. september 2009

Mennesker i fokus ~ sport


Med to fotballspelande ungar i hus seier det seg sjølv at dei fleste sportsbilda stammar frå fotballbana for tida....


Begge to er på miniputtnivå, Fredrik har sitt siste år og Rakel sitt første!!
På miniputtnivå spelar ein femmarfotball, dvs at dei er fire spelarar og ein keeper ute på bana, og bana er mykje mindre enn i vanleg fotball.


Dei spelar ikkje seriekampar, men det vert arrangert fire miniputturneringar...To på våren og to på hausten der dei spelar fire kampar.
Desse bilda er frå årets fyrste turnering, og for Rakel sin del var det jo ekstra spennande sidan det er fyrste gangen ho er med...


Gutane er blitt habilde spelarar etterkvart, og på fire turneringar har dei tapt berre to kampar. Jentene vinn litt og tapar meir...men ordtaket "Tap og vinn med same sinn" kjem verkeleg til sin rett blant miniputtungar:0) For dei er det idrettsgleda som står i fokus, ikkje tap eller seier...


I tillegg til miniputturneringane har vi fått invitasjonar til bl.a. Benditcupar...
Forrige laurda var vi på Benditcup, og vergudane var slett ikkje med oss.
Det striregna, og på slutten var det mykje vind og gufsekaldt. Gutane var litt meir usikre i møte med berre framande lag og tapte alle kampane...Dei var dyvåte, iskalde og klarte kun å putte ballen to gangar...Men hang dei med leppa?? Nei, dei såg på det som ei ny erfaring og tøff utfordring, og meinar at dei berre må trene endå hardare. Ein kan ikkje anna enn verte stolt!!


For fleire flotte sportsbilde, ta turen innom Fotoverden:0)

tirsdag 29. september 2009

Livets veg...


Ein av tidenes beste film er Schindlers liste.
Den trur eg har gjort eit så uutseletteleg inntrykk på meg at store delar av filmen for all framtid vil vere festa på netthinna.
Men kva trur du er det fyrste som dukkar opp på netthinna mi i forbindelse med at eg tenkjer på den filmen?
Det er den vesle jenta i den raude kåpa....Den raude kåpa i ein ellers svart/kvit film!!
Eg gløymer den aldri....
På bakgrunn av dette har eg redigert dette bildet...
Tenk litt over effekten og kva du vil hugse lengst etter å ha sett bildet:0)
For øyeblikket er eg av ein eller annan grunn utruleg fascinert av mennesker fotografert bakanfrå, og tek slike bilder så ofte eg kan...Det er noko med symbolikken trur eg...
Eg har sett ein tittel på bildet: "Livets veg..."

mandag 28. september 2009

Oops ~ Vil det ingen ende ta?


Mette seier: Oops?! Kva tenker du og ditt kamera om det da?

For min del måtte det bli ei tolkning av veret....No har det regna meir eller mindre samanhengande sidan juli månad, med enkelte oppbruddsdagar der det i alle fall er opplett!! Å fortvile over veret nyttar ikkje, det er berre å kle seg etter forholda og komme seg ut. I dag gjekk eg tur med mål for auget å fotografere elva og dens banebryting. Med alt vatnet som er komt ned, er det jo rett og slett ikkje plass i elva si naturlege bane, og då går den over sine breidder....

Oops...Denne elva er normalt sett ganske lita og unnseleg, men no er den kraftig og veksande.

Oops...Dette treet står normalt sett på fast grunn og ikkje langt ut i elva.

Oops...I dette området har elva komt seg nesten heilt opp til vegen..

Oops...Her har vel elva vokse seg ti - tolv meter lengre opp enn normalt, og "fossen" i bakgrunnen er normalt sett så unnselig at ein ikkje legg merke til den...

Oops....Dei seier at elva er flaumsikker, men??

Oops...Her om dagen kom ungane flygande inn, og sa eg måtte kome ut å sjå noko...Dei ville vise meg denne "elva" oppe i fjellet, som vi faktisk aldri har sett før...

Vatnet finn nye vegar og stort sett det meste er overdimsjonert om dagen, eg kan ikkje anna enn å seie....

Oops, korleis vil dette ende?

For fleire tolkningar, klikk deg inn HER


søndag 27. september 2009

Lille larve aldri mett...


Forrige helg var vi så heldige å i alle fall ha opphaldsver...
Avtalte fjelltur med ei venninne laurdagen, og kl 12.00 var to vaksne og tre ungar klare for avgang!!
Overskya men ophaldsver, og vi gjekk glade og lette(utan regnkle) avgarde:0)


Flotte fargar og skikkeleg hauststemning, og på veg opp mot stølen trefte vi på denne vesle karen som sjølvsagt vart studert og avfotografert frå alle baugar og kantar...
For fleire Sunday Challenge bilder, klikk deg inn HER!!

fredag 25. september 2009

ABC i ord og bilder! Runde 2 ~ A...


Ja då er runde 2 av ABC i ord og bilder sparka i gang!!!
Dette var utruleg moro å vere med på sist, så eg har bestemt meg for å vere med vidare:0)
All ære og til vår ABCmor Petunia som leda oss trygt gjennom forrige runde, og som no tek på seg å lede oss gjennom runde 2....
Tre x tre hurra for PETUNIA!!
I første runde samarbeidar ABCbloggen og Fotoverden, der det er premiar å vinne på Fotoverden, så ta turen innom der og!!
Ja min a står denne gangen for ARKITEKTUR...

Her viser eg eit eksempel på kva som for meg er ei arkitektonisk katastrofe...
Dette tilbygget ser ut som det har komt susande med vinden og berre tilfeldigvis dumpa ned ved sidan av trehuset. Gammal og ny stil kan ofte kombinerast med bravur, men her passar dei to delane slett ikkje saman og det vert rett og slett grusomt i mine auge. Eg grøssar nesten kvar einaste gang vi køyrer forbi dette huset, og min bedre halvdel ler ofte av reaksjonen og uttrykket mitt når vi får huset i sikte...


Her viser eg to hus som for meg er arkitektonisk vellukka...
Her har ein klart å laga eit stilfullt hus med spesielle takvinklingar og det raude huset er behaldt i sin opprinnelege stil med litt moderne tilføyingar:0)
Eg understrekar og at dette er mi personlege oppfatning, og det eg synset er lite pent og mindre vellukka kan for andre oppfattast som pent og vellukka og omvendt...

For fleire ABC innlegg, klikk deg inn HER:0)

Ynskjer alle mine bloggvener ein strålande fredagskveld...
Klem Line

onsdag 23. september 2009

Big giveaway hos Vibeke ~ Duften av erteblomster!!

I anledning at Vibeke har passert 100000 besøk inne på bloggen sin så ynskjer ho å feire med en STOR giveaway!

Framgangsmåte om du vil vere med:
Alt du trenger å gjøre er å kopiere dette innlegget og publisere det inne på din egen blogg :)
Vinnerne blir trukket ut førstkommende søndag, lykke til venner!
Disse herlige bloggerne som du kan se under her har bidratt med hver sin gave i denne anledningen og jeg kommer til å lage et innlegg her inne denne uken om hver og en av dem slik at dere kan bli bedre kjent med dem.

tante mimmi butikken

unni strand med strand redesign

monome smykkedesign

klinkekulen ved katrine kalleklev

kasparas salgsblogg

buda mi- haust sin lille butikk

snøstorm

urban retro med urban retro-shop

tirsdag 22. september 2009

Koselig utmerkelse

Har fått denne flotte utmerkelsen av Renate som har ein herleg kvardagsblogg med det utruleg fine navnet Kolibrivinger og alvekyss.
Ein blogg det er vel verdt å ta turen innom dersom du ikkje har vore der før....
Eg ynskjer å dele utmerkelsen med:

søndag 20. september 2009

Spindelnett


Tidlegare i veka tok eg ein del bilder av edderkoppspinn, og etter litt redigering i picnic vart dette resultatet!!
Eg synst det vart ganske stilig, kva syns du??
For fleire vekas bilde, klikk deg inn her

fredag 18. september 2009

ABC i ord og bilder ~ Eg presenterar...


Hr Aasen!! Ivar sådan...


Ivar Aasen vart født 5. august 1813 i Ørsta.
Han kom frå fattige kår, og hadde i utgangspunktet eit heller dårleg skoletilbud.

Men han var svært interessert i skulearbeid, og skaffa seg stor kunnskap ved å lese på eigenhand. Han fekk etterkvart postar som huslærar, og her fekk han anledning til å fordjupe seg vidare i litteratur om hovedinteressene sine, botanikk og spesielt grammatikk.

I Norge var det i 1830-årene debatt rundt arbeidet med ein norsk språkreformasjon, og dette kjende Aasen sannsynlegvis til. I 1836 skreiv han ned for seg sjølv ein plan om å skape "eit sjølvstendig og nasjonalt språk". Året etter reiste han rundt på Sunnmøre og laga ei systematisk oversikt over Den søndmørske Dialekt. Denne var ferdig skreven i 1841, og ved hjelp av dette arbeidet fekk han eit stipend til å reise rundt i landet for å studere dei ulike bygdedialektene, med tanke på å lage eit "ægte norsk Skriftsprog".
I åra 1842-47 reiste han rundt i Norge og studerte dialektane, særlig på Vestlandet og dei indre bygdene på Østlandet, fordi desse dialektene var minst påverka av dansk. Basert på desse undersøkelsane utgav han i 1848 Det norske Folkesprogs Grammatik og i 1850 Ordbog over det norske Folkesprog, og i åra som kom fortsette han arbeidet med å utvikle ei normalform av dialektane. Det kom etterkvart fleire ordbøker og grammatikkar, og dette arbeidet fekk etterkvart avgjerenda betydning for utviklinga av det som i dag er kjent som Nynorsk. Aasens plass i historiebøkene er først og fremst som nynorskens far.
Men større betydning for utbredelsen av det nye skriftspråket blant vanlige folk enn ordbøker og grammatikkar, hadde nok Aasens skjønnlitteratur. Han skreiv ikkje mykje skjønnlitteratur, men var den første som tok i bruk det nye språket i lyrikk. Fleire av dikta hans vart sett melodi til, og blei til sanger som har vore populære opp til vår eigen tid, t.d. Mellom bakkar og berg ut med havet.
Ivar Aasen døydde i 1896.Før han døydde opplevde han at Stortinget likestilte Aasens skriftspråk, landsmål, med riksmålet.



Nordmannen
av Ivar Aasen

Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.

Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
"Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.

"Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.

Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.

Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar paa Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.

Eg må med skam melde at eg enno ikkje har vore på vitjing i det flotte Aasen-tunet i Hovdebygda. Men det kjem, det kjem...

I Ørsta er hotellet namna etter nynorskens far!!
For fleire ordleikinnlegg, klikk deg inn HER!!
Petunia er ordleikens norske mor, og ho har drifta oss trygt og sikkert gjennom heile alfabetet. Sjølv har ho halde seg til eit tema, og DET står det verkeleg respekt av!!
Ho har presentert Bergen på ein framifrå måte, og det er slett ikkje utenkjeleg at ho kan ta æra for straumen av nye turistar som vil bese Bergen etter å ha lese dei flotte presentasjonane og ikkje minst sett dei fantastiske bilda i ABC rundane:0)
Petunia har og bestemt seg for å køyre ei ny ABCrunde med start neste veke, så vil du vere med så heng på!!

onsdag 16. september 2009

Fotosafari ~ I edderkoppens rike!!


På veg til Førde møtte eg eit utruleg flott syn...
Sola skein på tonnevis av edderkoppspinn. Nydeleg, og heldig for meg hadde eg fotoapparatet med meg:0)
Det var berre å finne ein plass å sette bilen og komme seg på safari med apparatet....
Klikk gjerne på bilda for større og skarpare versjon.
ENJOY!!














Hos Petunia finn du ei eiga liste over Fotosafarideltakarar.

tirsdag 15. september 2009

Kjære Elin...


...eg er så utruleg glad for å vere vinnaren av jubileumskonkurransen din:0)
Duken er enno finare i verkelegheita enn på bildet, og ikkje minst større enn kva eg trudde!!
Og den er berre så utruleg flott...Trur dette må vere den vakraste duken eg har hatt i hus, og det ligg utruleg mykje arbeid bak...
Dette skjønne hjertet låg i pakken og...Har enno ikkje funne den perfekte plassen å ha det...
Dette skjønne,heimelaga kortet var det fyrste eg såg då eg opna pakken, med koseleg helsing frå DENNE flotte og hjertevarme dama, som eg set så utruleg stor pris på:0)
Og ikkje nok med det...
Ho hadde lagt med litt til mine søte små og...
Rakel fekk denne kuule elektriske tannkosten, og det må seiast at Fredrik er bittelitt misunnelig ja;9)
Rakel fekk denne stilige Ole Brumm pennen og...
Fredrik fekk ein kjempetøff dinosaurpenn, som er nøye undersøkt og godkjent;0)