torsdag 26. november 2009

Draumeferien vart slett ikkje slik vi hadde tenkt....


Draumeferien har vore prega av sjukdom og til dels dramatiske hendingar som følge av sjukdom....
Draumeferien vart heller omvendt til eit mareritt, men alle fire er vel heime, og vi brukar dagane til å pusle om dei sjuke og ta vare på kvarandre...
Er brått tilbake!!

Klem Line

torsdag 12. november 2009

ABC i ord og bilder ~ H...


Enno ei veke har rast avgårde, og det er tid for ABC i ord og bilder igjen.
Vi er komne til bokstaven H, og eg velger meg H for haust!!
Eg tykkjer hausten er den vakraste årstida med sitt fargespel, kontrastar og overraskingar:0)









Eg har ikkje anledning til å kome innom ABC-deltakarane i denne runda...No er kofferten stort sett ferdigpakka, og i morgon set vi oss på bussen til Bergen, og reiser vidare til Egypt laurdag morgon:0))
Ynskjer alle mine bloggvener og abc- deltakarane ei strålande komande veke!! For meir ABC-leik, klikk deg inn HER

fredag 6. november 2009

ABC i ord og bilde ~ G...


Vekene flyg bokstaveleg talt avgårde, og vi skriv allerede 6 november...
No er det berre 49 dagar att til jul, og 8 dagar att til vi reiser til EGYPT...
Alt det praktiske er på plass, så no er det berre sommarfuglane i magen som slåst om plassen;9)
I dag sto vi og opp til - 7 grader, som var litt av eit sjokk for kroppen når temperaturane har vore mellom 10-12 grader heile veka...
Men no over til denne vekas bokstav som er G!!
Eg har valgt G for GROTTE!!
Grotter er spenannde, og det er enkelt å spinne fantasiar rundt dei...
Ta denne t.d, denne ligg ved Mosvatnet, den er stor, og den er forsegla...
Då kan fantasien berre få jobbe!!
Ei stor grotte som er forsegla kan ha vore brukt under krigen, det kan vere militæret som har brukt den, det kan vere ei smuglargrotte(Fredrik sitt forslag). Her er det mange tankar å spinne på...
Kanskje det er ei Huldregrotte, eller ei trollgrotte?
Denne ligg på fjellet i nærområdet vårt.
Fyrste gangen vi såg den hadde vi nett passert ein stein som såg ut som ein bjørn, og då var det jo sjølvsagt naturleg å tenke vidare at dette var ei bjørnegrotte...Men det kan og vere tilfluktsstad for haren eller tilhaldsstad for ei gaupe med ungar...
Og sjølvsagt, som den andre grotta kan det vere ei huldre og/eller trollgrotte;9)
Ein ting er i alle fall sikkert, grotter er utruleg spennande, og det er FRYKTELEG skummelt å gå nær dei...
Synest du dette ABC-innlegget var interessant? Klikk deg inn HER for fleire ABC-innlegg eller for å vere med sjølv:0)
Ynskjer alle ei strålande helg, her er det arbeidshelg, men timane som er fri skal nyttast til fulle;9)

onsdag 4. november 2009

Så enkelt kan ein lage ein skrivepult!!


Hobbyplata hadde vi frå før, men eg må vedgå at vi har vridd hjernecellene litt for å finne ut korleis vi skulle lage skrivepulten. Men så kom naboen vår med eit glimrande forslag....Vi kunne forhøyre oss hos ein kjøkkenforhandlar om dei hadde ståande nokre skuffer som dei ville bli kvitt. Ho var i Førde når ho kom på det, og tilbaud seg å stikke innom kjøkkenforhandlarane. Hos Gravdal kjøkken fekk ho napp, og dersom vi ville ha skuffene slik dei sto, så skulle vi få dei for 200 kroner. Eit kupp for skuffer som opprinneleg kosta rundt 2 500 kroner.
Og det passa jo glimrande at dei var kvite:0)

Vi skrudde plata fast i veggen på eine sida, og ned i skuffeseksjonen på den andre sida.
Voila!! Rakel har fått ein kjempeflott skrivepult.
Bøttene til fargeblyantar, tusjar m.m er innkjøpt på Ikea.

Vi har og skrudd to hylleknektar ned i plata, så fekk ho bokplass på
skrivepulten sin. Planen er å få laga samme type skrivepult til Fredrik, men den har eg lyst til å ha i sølv.

Litt provisorisk seng foreløpig, men etter jul vert det innkjøp av nye senger, lampar og diverse...
Ingen av dei har bilder på veggane enno, for dei meinte at bilda på gamleromma var for barnslige;9)
Vurderar å forstørre opp litt bilder som eg har tatt, men har ikkje heilt bestemt meg enno...
Nyttar og anledninga til å takke for alle koselege gratulasjonsmeldingar på blogg, facebook, mail og sms.
Einaste skåret i tantegleda er at eg ikkje får sett det lisje nurket før i begynnelsen av desember:0(
Har arbeidshelg no til helga, så vert vi vekke to helgar i forbindelse med ferien vår, og deretter er det arbeidshelg att *sukk*

tirsdag 3. november 2009

Må berre dele...


Kl 19.27 vart eg Tante til ein nydeleg liten gutt på 3 630 gram og 50 cm. Har fått bilde på mobilen, og Tante kan nesten ikkje sjå seg mett på han:0)
Velkommen til verden, lille venn, vi i Storemyra gledar oss til å bli kjent med deg...

mandag 2. november 2009

Mørketid...


Vår mandagstemamor spør: "Hva er mørketid for deg? Utetid? Innetid? Aktivitet eller ikke? Dette er helt opp til deg og dette er det vil jeg se bilder på denne uka :)"
Mørketid betyr KOS!!! fyr i ovnen og lyden av knitrande ved, levande lys,meir tid til å dille i huset, hobbyaktivitetar, innkjøp av blomsterbukett til helga, baking, pleie vennskap og familie, flotte fotomotiv, lommelyktturar og koselege skiturar i lysløypa...er blant dei tinga eg assosierar med ordet mørketid...
For fleire tolkningar, klikk HER

søndag 1. november 2009

Happy Halloween ~ with awful witches and scary ninjas;9)


I går var det årets skumlaste kveld!! Med hekser, ninjaer, mannen med ljåen, Frankestein og kven veit kva anna!!


Det vert planlagt, styla og kledd ut etter alle kunstens reglar....
Det er femte året mine to går knask eller knep-runde, og fyrste gang dei ikkje går i lag. Fredrik gjekk med nokre vener frå klassen sin, og Rakel gjekk med vener frå si klasse. Litt rart når minstesnuppa no har blitt så stor og skal ordne opp sjølv...

Ho har vore med på dette frå ho var tre år, tidlig ~ I know ~ Men ho har alltidt gått hakk i hæl på broren, og snill og omsorgsfull som han er så har han gjerne tatt henne med seg...
Det første året hadde ho ei kort karriere, ut døra hos Linn Mari, der var dei ei superskummel heks og ho hylte så dei sannsynlegvis kunne høyre henne nesten til Volda;9)
Dermed vart ho att hos Irene og meg....Det vi ikkje vistte var at Fredrik og Linn Mari hadde tatt med korga hennar og forklart at ho ikkje var med fordi ho vart så redd, og folk hadde villig fyllt opp korga hennar ~ O`lykke!!

Men etter det året har ho vore 100 % med, og ho elskar det!!
Eg tenker som så at vi kan like det eller ei, og meine kva vi vil om både amerikanske og unorske tradisjonar, men faktum er at julebukken som alle elskar å samanlikne med er ein importert tradisjon og~frå Irland;9)

Eg trur nok at vi må godta det faktum at dagens generasjon veks opp med Halloween, og for dei vert det ein naturleg innlemming i norske tradisjonar som dei igjen vil vidareføre til sine barn...Og folkens, det er no litt koseleg og når gatene fyllast med søte små hekser, ninjas, mannen med ljåen, batman og ellers alt dei måtte finne på å kle seg ut som, ringer på dørene og seier så fryktinngytande dei kan: "Knask eller knep":0)
Medan våre håpefulle var ute, nytta vi anledninga til å besøke eit vennepar som er nybakte forledre, det er jo så deilig å kose med desse små.

Ungane kom opp dit når dei var ferdige, og det er vel ikkje så mange på tre veker som kan skryte på seg sånt skummelt selskap??
Ha ein fortreffeleg søndag alle saman:0)