Eg velger meg K for kjærleik!! Kjærleik til familien...Familien set ein jo alltidt pris på og held av, men etter å ha vore gjennom litt tøffe opplevelsar, så får ein seg ei påminning om kor skjørt livet eigentleg er, og ikkje minst kor viktig det er å ta vare på kvarandre medan ein kan....
Eg velger meg J for jul!!
Her vert det eit tilbakeblikk på jula 2008.
Det er alltidt moro og samtidig vemodig å sjå tilbake på året som var...Når ein ser bilder av ungane anno 2008 og anno 2009, så ser ein verkeleg at dei har vokse og utvikla seg og blitt enno eit år eldre. Det er og artig å sjå utviklinga i fototakinga på dette året, og ein ser faktisk at bildekvaliteten er komt opp på eit anna nivå:0))
Eg velger meg I for ild!!
For fleire sprelske påfunn, klikk deg inn HER Ilden har vel til alle tider fascinert og påverka oss mennesker.
Og kva er vel koselegare enn å sitje framfor ein open peis eller bli oppslukt i flammane frå ein ovn med glassdør...
I ettermiddag reiser eg til Volda med bilen full av gaver. Eg gledar meg enormt til å tilbringe helga med familie og gode vener, og ikkje minst til å få kose med det siste familietilskotet ~ Nathaniel. Kjenne den gode babylukta, få ta i han og kose han, ja no er jammen tante utålmodig og gledar seg til vårt første møte:0)