mandag 18. januar 2010

Spennande dagar...


Det vert langt mellom blogginnlegga om dagen...Men eg har ikkje heilt verken tida eller energien til å blogge så mykje no, så då må det berre bli slik...Ei stund i alle fall.
Hos oss er det spennande dagar...Vi har skore ut ein vegg, og fått eit kjøkken som er ni kvadrat større, og gjett om det er himmelvid forskjell da?
Eg føler eg kjem inn på reine sutostraden kvar gang eg går inn på kjøkkenet...Enno er det ikkje lagt nytt golv og lister rundt der det er utskore, men det kjem det kjem!!
Bildet er tatt av dottra mi. Er ho ikkje flink?
Fredag kom snekkaren, og dermed er vi i gang med det nye badet!! *Glad*
Onsdag ber det til Ikea, der skal det handlast baderomsinnredning bl.a...
Ellers går tida mykje med på familie og vener, med større kjøkken er det jo så mykje kjekkare å be inn til middag;9) Ein del jobbing har det og vore, vi har for tida 2,85 % sjukepleiarstilling ute i langtidssjukemledingar, og då vert det ein del bakvakter...Men alt er ein overgang, heldigvis...

søndag 3. januar 2010

Perfekte dagar...


Denne jula har verkeleg vore perfekt, værmessig sett...Trur vi må ein del år tilbake i tid for å sjå føre oss like flott julever:0)


Eg har jobba veldig mykje, men Nyttårsafta kl. 15.00 kunne eg endeleg gå av på fire etterlengta fridagar...
Men til tross for mykje jobbing så har dette vore ei jul med mykje samvær med familie og vener.
Julafta var vi hos svigerfar, og totalt var vi 8 til bords...Fire generasjonar samla under same tak, det er sånt som gjev gode minner.


2 juledag kom systa med familie og var til 3 dag. Kjempekoseleg å få dei på besøk i jula, vi kosa oss med god mat og gode samtalar. Julie Kristin prøvde seg på ski for første gong, og det gjekk veldig bra. Nathaniel var og ute, og det var reint fornøyeleg å sjå kor han strekte hals når snøfnugga landa på kinna hans:0) Det vart tomt i huset når dei reiste, og vi håpar sjølvsagt at det ikkje vert så altfor lenge til vi treffast att...
Femte dag var vi på middagsbesøk hos svigerinna mi, og vi hadde ein flott kveld i lag med dei og broren til svogeren vår med familie.


Nyttårsafta var vi tradisjonen tru hos Svigermor og Heine i lag med svigerinna mi med familie. Vi kom til nydeleg dekka bord og fantastisk god julemat.
Mykje flotte rakettar og veldig kjekt å ta bilder med det nye kameraet.


Første dag var vi i middagsbesøk hos gode vener, og ungane var trygt plassert hos Svigermor. Deilig å få ein kveld for seg sjølv og....


I går inviterte vi gode vener på middag, og det vart ein utruleg triveleg kveld. Kjekt å kokkelere litt sjølv og ikkje minst kose seg med dekking av middagbord!!
Menyen besto av viltgryte og pannacotta til dessert...Mmm...
Dette gav meirsmak, så i dag inviterte vi Svigermor og Heine. Planen var å lage karamellpudding til dessert, men det vart droppa til fordel for skitur på Langeland:0) Heldigvis hadde vi att meir pannacotta frå i går...
Vi har og laga oss ei skikkeleg skiløype rundt tomta og utvida den til nabotomta, og der har vi gått kvar dag!!
No er skulesekkane og penala gjennomgått og pakka, kle er lagt fram og vi er klare for kvardagen att:0)


PANNACOTTA til 6 personar:
Ingrediensar
4 ½ stk gelatinplater
2 stk vaniljestang
7 ½ dl kremfløte
2 ½ dl sukker

Bringebærsaus:
1 pk (225 gr.) frosne bringebær
100 g melis
2 ss sitronsaft

Slik gjer du:
1. Legg gelatinplatene i kaldt vatn i 5 minutt. Skyll dei godt og klem ut vatnet.
2. Snitt vaniljestangene på midten, skrap ut frøa.
3. Kok forsiktig opp fløyte, sukker, vaniljestengene og innhaldet i dei. Ta det av plata, ta ut vaniljestengene, og rør inn gelatinen. Hell blandinga i seks små former eller glass. Avkjøl minst 3 timer før servering.
4. Ha tinte bringebær, melis og sitronsaft i en foodprocessor eller blender, kjør til massa er glatt og sil den.

Server desserten med litt frisk bærsaus. Kan lages 1-2 dager før servering.