fredag 26. juni 2009

ABC i ord og bilde ~ Q...


Hadde planar om å klekke ut noko innmari kreativt til denne ABCrunda, men vart det??
Neei......
Tenkte på kumquat, men så kom eg på at det begynner med k...
Sveipa innom qmelk, men på Rema var det ikkje qmelk å oppdrive...
Sveipa innom Eye-Q, som vi prøvde ut på Fredrik i forhold til konsentrasjon, men hadde ingen flasker att i huset....
Landa til slutt på dei lite utfordrande q-tipsa, men ein kan vel ikkje vere superkreativ kvar gong, eller??
Har heller leika meg litt med fotograferinga, og ikkje minst redigeringa i picnic....
Så alt i alt får eg seie meg fornøgd, og gledar meg til å kikke innom dei andre deltakarane for å sjå kva sprell dei har funne på!!
Nysjerrig du og??
Klikk HER for å kome til dei andre deltakarane....

Det største musikalske geniet i moderne tid er død!!


Nyheitsbildet i dag har vore sterkt prega av nyheita om Michael Jacksons død...
Etter mi meining er denne mannen det største musikalske geniet i vår moderne historie...
Dei siste åra har det desverre vore lite fokus på musikktalentet Michael Jackson, og stort fokus på alle spekulasjonane, rykta og skandalane...
Mitt første magiske møte med Michael Jackson var albumet BAD!! der hitane trilla ut som perler på ei snor:0)

Eg arva ein LPspelar av eine onkelen min, og i julegåve fekk eg to lpàr: Bad av Michael Jackson og True Blue av Madonna!!
Lykken var fullkomen og det vart nokon timar med musikk den jula, ja...
Men min personlege favoritt er likevel sangen Thriller!!

Eg håpar at ettertida vil minnast denne mannen for det han bør minnast for: Musikken!!
Ein ting er sikkert, og det er at ei epoke innan popsjangeren er over, og han går inn i historien som eit stort musikalsk talent der albumet Thriller framleis er det mestselgande albumet gjennom tidene!!
Kvil i fred, Michael....

torsdag 25. juni 2009

Ekstrem forvandling...

i heimen!!
Forrige veke var eg som kjent grasenke, og då gjeld det sjølvsagt å smi medan jernet er varmt;9) Som eg skreiv då: Når katten er vekke dansar musa på bordet.
Eg kjøpte inn møbelbeis og interiørmaling og sette i gang....

Har hatt trekvite møblar i ei årrekke, og har kjent ei stund at nok er nok....
Skjenken og reolen er beisa i fargen mørk eik, og eg er kjempefornøgd med resultatet.
Likar godt den lyse, lette stilen, men er samstundes glad i kontrastar...Lyse veggar, vinduskarmar, pynt og gardiner og mørke møblar vart ein perfekt kombinasjon:9)

Nye sommargardiner er innkjøpt. Kom over desse på Kid og fall pladask!!

På det lille stovevinduet har eg valgt å ha berre persienner, i alle fall no i sommar så får eg heller sjå kva eg har lyst til hausten.
Ommøblering er det mannen i mitt liv som står i bresjen for, så veka før forandra vi møbleringa i heile stova...

Databenken er no komen opp på loftet og har fått to strøk med kvit lady interiørmaling, glans 80....

tirsdag 23. juni 2009

Opning av kunstgrasbana vår:0)


Laurdag var endeleg dagen heile bygda har venta på så lenge komen!!
Etter mykje nitid jobbing, utallige dugnadstimar, kronerulling og tildeling av tippemidlar vart det ein realitet...
Bygda har fått KUNSTGRASBANE!!
I ei lita bygd er dette slett inga sjølvfølge, men etter iherdig innsats frå eldsjelene kan ein no sjå fram til heilt andre treningsforhold i alle aldersgrupper....
Kake høyrer sjølvsagt med på ein så stor dag!! Den var 2,5 meter lang og pynta etter alle kunstens reglar:0)

Alle aldersbestemte lag gjekk inn på bana etter opningsvignetten til Champions Leage, og ein kunne kjenne høgtidskjensla krype under huda..
Det var tale av leiaren i idrettslaget, ordføraren og primus motor bak prosjektet...
Blomsteroverrekking til dei som har vore mest involvert og til dei største sponsorane, vi fekk 10 000 kroner frå sportsbutikken som vi har avtale med....
Alle fotballaga sprang med kvar sin ball og skulle score mot primus motor, og han hadde det rimeleg travelt ei stund;9)
Tommy har vore litt stor i munnen og uttalte ein gang at det kom ikkje til å bli kunstgrasbane før han gjekk med rullator, og dermed var den sjølvsagt på plass denne dagen!!
Eit vellykka arrangement vart det til tross for noko varierande ver, og vi er strålande fornøgde med den flotte, nye bana vår.
Om kvelden feira vi som dokke veit jonsok....

Mitt skjønne fadderbarn...
Besøk har vi og hatt av gode vener frå Volda, noko som alltidt er koseleg...
Det har vore ei utruleg hektisk, men veldig flott og minnerik helg, og mykje takka vere besøket vårt:0)

Fire gode venner...
Håpar det ikkje vert lenge til neste gang.

mandag 22. juni 2009

Midtsommar:9)


Tema i dag er midtsommar, og det passar jo bra sidan grenda hadde midtsommarfeiring på laurdag....

Her har det vore tradisjon å feire jonsok inn mot nærmaste helg...
Laurdag var det duka for feiring frå kl 18.00.
Kl 18.30 var det den tradisjonelle fotballkampen mellom barna og mødrene...
Denne kampen er ingen leik, her er det blodig alvor der mødrene må forsvare si ære;9) I år vart det ein knepen seier på damene....
Deretter er det duka for grilling for store og små, åresalg og trekking av vin på bilettane!! Bilettane tenker du vel gjerne no, men her har vi altså levande musikk med tilhøyrande dans for store og små frå kl. 21.00, og då tek ein femti kroner av dei vaksne i inngangspengar, borna er gratis....
Ikkje kom vi tomhendte heim frå åresalget heller....

kl. 20.00 skjer den største begivenheita i borna sine auger: Bålet vert tent!!
Like spennande kvart år om vi greier å få fyr på det...Og av ein eller annan grunn så lykkast vi kvart år, he he....
Ungane heldt ut til kl. 01.00, og hadde vel knapt lagt hovudet på puta før dei sovna!!
Trivelig besøk av Linda & co hadde vi og denne helga!!
For fleire tolkningar: KLIKK HER

torsdag 18. juni 2009

ABC i ord og bilder ~ P vert ein hyllest....


Ein hyllest til den beste Pappa i verden....som desverre vart reven frå oss så altfor tidleg...


Mitt favorittbilde av Pappa:0)
24 november 1999 var eg på besøk hos svigerinna mi, Frode var på røykdykkarkurs i Florø. Han ringer og seier eg må kome heim, Fredrik treng ikkje vere med...
Eg vart litt nervøs og lurte sjølvsagt på om det hadde skjedd noko på kurset, køyrde heim i full fart. Ser at presten sit i sofaen og ein irrasjonell tanke om kva katten no har gjort dukka opp...
Frode møter meg i døra, og ser litt rar ut...Vi går inn, og presten kjem raskt fram med ærendet sitt: "Far din er død!!"
Kjenner sjokkbølga slår innover meg, Frode er der og støttar meg...Tek det inn og tårene fossar...
Må vere sterk for Mamma si skuld, og rinjer heim for å snakke med henne. "Vi er på veg om eit augneblikk...Har du snakka med syskjena?"
Det hadde ho ikkje, så eg ringjer rundt for å informere....


Vi kjem til Volda, og det er så godt å vere samla...Onkel Lars er der, og presten...
Det slår inn for full styrke: Pappa er død i ein alder av 54 år....
Eg har alltidt vore ei Pappajente, og stabba etter han over alt. Eg var med i garasja for å epadere, eg klatra etter han opp på taket i ein alder av to år...Det Pappa gjorde, gjorde eg og....
Pappa var reisemontør i dei fyrste leveåra mine, og det var alltidt stas når han kom heim... Han samla på pyntedukker for meg, og eg har ei anseeleg samling frå alle verdenshjørner....


Eg har vakse opp i ein fantastisk heim og vore omgitt av kjærligheit heile mitt liv!!


Mamma og Pappa har vore gode forbilder for oss ungane, og intet problem var for stort, intet for lite...Vi har fått innprinta at det er betre å ringe hiem ein gong for mykje enn ein gong for lite, og har aldri møtt fordømmande blikk eller nedsettande tankegang i forhold til mange uregjerlege sprell....
Eg håpar at eg sjølv vert i stand til å formidle dei same haldningane og verdiane til mine barn!!


Familbilde frå 1973, her var eg 1 år11
Pappa var eit muntrasjonsråd og det fulgte alltidt liv og røre med han...Han kjente enormt mykje folk, og var likt av alle med si naturlege framtoning...Ikkje alltidt like lett for ein opprørsk tenåring å alltidt verte møtt med denne replikken;
"Å, du er dottra hass Knut, du, det er ein kjekk kar...."


Pappa var eit oppkomme av historiar, og det var aldri kjedeleg i familieselskapa når syskena begynte å mimre og fortelle diverse historiar frå ungdomstida....


Eg er svært glad for at Pappa fekk møte Mannen i mitt liv, og at dei gjekk utruleg godt overeins...Han fekk og oppleve å bli bestefar, og han var så stolt den gangen han fekk vete det....
Siste året han levde tok han til att som reisemontør, og Fredrik fekk kort frå Morfar når han var ute å reiste....


Frå Fredrik sin barnedåp...
Då Fredrik skulle døypast tok han på seg oppdraget under betingelse at han fekk reise heim til Norge i barnedåp...
Det fekk han...Fredrik vart døypt den 29 august 1999, og det var desverre siste gang eg såg han i live...
Pappa var, er og vil alltidt vere helten i mitt liv!!!
Eg håpar vi møtast igjen....


For fleire ABC innlegg, klikk HER

onsdag 17. juni 2009

Når katten er vekke dansar musa på bordet ~ dum di dum dei;9)


Eg har vore nesten heilt frå verande på bloggen denne veka...
Årsaka er at Frode er vekke og eg har vore grasenke!!
Då må det sjølvsagt handlast, og det RASKT!!
Så her har det skjedd ein del endringar i løpet av veka kan ein trygt seie;9)
Mannen i mitt liv kjem heim i dag, og eg må innrømme at eg er SVÆRT spent på reaksjonen....
Er heime med ei sjuk Rakel som allerede ser ut til å vere på bedringens veg...
Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko, no er det siste innspurt i heimen. Skal ryddast, vaskast og leggast på nye sengkle på gjestesengene i dag!!
Vi får nemleg besøk av gode vener i helga, og gledar oss masse alle saman...
Men kvar er bilda lurer du kanskje på no??
Sidan Linda(som les bloggen) kjem på besøk i helga, så vert det ikkje lagt ut bilder frå forvandlinga før over helga, må jo vere litt spenningsmoment her;9)
Så følg med, dum di dum dei....
Det første bildet er av Mamma/Mormor frå då ho var på besøk, og dei øvrige er frå miniputturnering i helga...
Fredrik sitt lag spelt ein uavgjort kamp og vann sju. Fredrik scora fem mål, og vi er så stolte av han!!
Rakel sitt lag tapte sine fire kampar, men var like strålande fornøgde fordi...Det kallar ein ekte idrettsglede:0) Eg fekk ikkje vere med denne gongen sidan eg var på jobb, men gler meg allereie til hausten sine turneringar, då har eg i alle fall fri!!
Nyt dagen alle mine flotte bloggvener og faste lesarar!!
Klem Line

søndag 14. juni 2009

ABC i ord og bilder ~ Helgas bokstav er O!!


Seint ute med denne helga ABC...
Men kan vel kanskje unnskylde meg med
arbeidshelg og at eg har ein del anna som skal vere i boks til opning av kunstgrasbana i bygda vår den 20 juni;9)
Men må vel og bite litt i støvet og innrømme at eg har vore rimeleg tom for idear....
Men så poppa det inn her:

OVERSKYA!!

er mitt valg for O....

Skyer vert danna når usynlig vanndamp i lufta kondenserast til synlege små vassdråpar eller små iskrystallar.
Det kan skje på to måter:
1. Lufta blir avkjølt til sitt metningspunkt
. Dette skjer når luft kjem i kontakt med ei kald overflate eller ei overfate som er avkjølt ved stråling, eller ved at lufta blir avkjølt ved adiabatisk heving.
Dette kan skje:
langs en varm -
eller kaldfront(frontal heving)
der luft bles over eit fjell (orografsik heving)
ved konvektive bevegelsar forårsaka av oppvarming av overflata (oppvarming om dagen).
2. Lufta endrar ikkje temperatur, men absorberer meir vassdamp til lufta vert metta.
Skyer er tunge. Vatnet i ei typisk sky kan ha ei masse
på fleire millionar tonn. Men volumet er tilsvarande høgt og netto tettheit av vassdampen er faktisk lav nok til at luftstraumar under og i skya klarar å halde oppe dei små dråpane. I tillegg er ikkje forholda inne i ei sky statiske; små vassdråpar vert konstant danna og fordampar. Ein typisk skydråpe har radius i størrelsesorden 1 x1 10-51 m og ei
tterminalfart på 1-21 cm/s. Dette gjev desse små dråpane god tid til å fordampe når dei fell ned i den varmere lufta under skyen.

Dei fleste vassdråpar vert danna når vassdamp kondenserer rundt ei kondensasjonskjerne
, ein liten partikkel av røyk
, støv, aske eller salt.
Under overmetta forhold kan vassdråpen også fungere som kondensasjonskjerne.
Vassdråpar som er store nok til å falle til overflaten blir danna på to måtar.
Den viktigste prosessen kallast Bergeronprosessen etter Tor Bergeron som la fram teorien. I denne prosessen kjem underkjølte vassdråpar og iskrystaller i ei sky i kontakt med kvarandre og gir ein rask vekst av iskrystallar, som så fell frå skya og smeltar på vegen ned.
Denne prosessen skjer vanligvis i skyer der skytoppen er kaldere enn -15°C. Den nest viktigste prosessen er kollisjons- og kjølvannprosesser, som skjer i skyer med varmare skytopper. Der kolliderar stigande og fallande smådråpar og produserar større og større dråper som til slutt blir så store at luftstraumane ikkje lenger kan halde dei oppe, og de fell til bakken som regn. Når ein dråpe fell gjennom eit område med mindre dråpar rundt, vert smådråpane dradd inn i «kjølvannet» av den større dråpen, kolliderar med den og auker med det størrelsen på dråpen. Denne metoda å produsere regndråper på skjer hovedsakelig i lave stratiforma skyer og små cumulusskyer i tropiske område. Regndråpane som vert produsert på denne måten er som regel smådråper som yr.
Kva type sky ein får er avhengig av styrken på oppdrifta og luftstabiliteten. Ved ustabile forhold er det konveksjon som dominerar, og det dannast skyer som kan ha stor vertikal utstrekking. Stabil luft produserar horisontalt homogene skyer. Oppdrift i forbindelse med frontar skapar ulike skyer alt etter om det er ein varm- eller kaldfront. Orografisk heving kan og skape ulike skyer avhengig av stabiliteten til skyene, men skyer som «hetteskyer» (cap clouds) og bølgeskyer blir berre danna pga. orografiske effekter.
(Informasjon funne på Wikipedia)
For å finne mange flotte ABC- innlegg, klikk HER

torsdag 11. juni 2009

Barneselskap:0)

I dag kl 16.30 bar det laust med festen!!
19 glade gutar og jenter samla seg på plenen der Rakel sat ved eit bord å opna gavene...
Deretter bar det ned i paviljongen til pølser, kake og is:0)
Når sangane var sungne og maten fortært var det duka for skattejakt, les:jakt etter snop)
No var det frileik...Mange barn å halde styr på, men med ein grei gjeng så går det så bra så....

Prinsesse for ein dag

Borda....

Hello Kitty kake etter inspirasjon frå Silje. Silje lagar dei mest fantastiske kaker ein kan tenke seg. Stikk innom bloggen hennar for å sjå og nyte, og ikkje minst bli inspirert....

Litt av gavene..Ho fekk mange flotte gaver og er superfornøgd!!
Ei slita men lykkelig prinsesse er no fallt i søvn, og drøymer mest sannsynleg om dagen mange inntrykk:0)
Mora og faren er og fornøgde med at begge årets barneselskap er vel overstått;9)
Tusen hjerteleg takk for alle koselege bursdsagshelsingar vi har fått gjennom bloggen, facebook og sms...
Dei er høgt verdsette alle som ein:0)
No skal eg slange meg på sofaen og slappe av med Criminal Minds...

onsdag 10. juni 2009

Mammas skatt og Pappas apekatt fyller år!!


Kl 15.35 den 10.06.2002 kom ei nydelig lita jente til verden på Førde sentralsjukehus. Underet var 3 268 gram og ein gyllen halvmeter lang:0)
Vegen fram til denne fødselen var lang og tornete, men Mamma og Pappa gløymte alt dette i det øyeblikket du kom og vi fekk helse på deg for fyrste gang....
Var på jordmorkontroll i det eg passerte veke 32. Brith sa då at dersom noko skjedde no, så fekk eg vere i Førde. Om natta kjente eg ei stund på ein del ubehag. Sto opp kl. 02.00 sidan "kynnarane" var såpass ubehagelege.... Etter ei stund gjekk det opp for meg at dette var merkverdig regelmessig, og dermed slo sjokket inn over meg med full tyngde...Dette var rier....
Vekte Frode som var noko fortumla...Ringde føden og fekk beskjed om å komme raskt....Vanskeleg å få tak i nokon, men fekk omsider svar hos Tante Anita, Fredrik kunne komme opp der...
Kom på sjukehuset og det vart fastslått at dette verkeleg var rier. Fekk lungemodningssprøyte nr 1, og stoppande drypp vart hengt opp... Hadde ca 1 cm opning, det roa seg etterkvart ned, og fødselen vart stoppa!!

Eg hadde ein veldig kraftig reaksjon på dryppet, og det vart avslutta før tida. Dei valgte og å ikkje gi meg tbl fram til termin pga dette. Fekk reise heim etter tre dagar!!
Dei neste vekene vart tunge med stadige rier og mange turar på føden...Fødselen kom aldri i gang, og vi var jo takknemlege for all den ekstra tida ho fekk i magen...Men slitsomt var det for heile familien med stadige falske alarmar....
Søndag 9 juni kl. 11.00 gjekk vatnet, og vi reiste på sjukehuset att...
Timane gjekk, men ingen rier viste seg....Mandag den 10 vart eg sett på kur, og då tok det ikkje mange sekunda før riene var i gang. Var oppe og gjekk litt, og dermed vart det full dramatikk...Fosterlyden forsvant heilt, og legane vart tilkalla i lag med anestesien... Men så kom fosterlyden att heldigvis...Etter det fekk eg ikkje bevege meg, og kunne kun ligge på høgre side...Ingen smertestillande, likar å ha kontroll...Etter 4,5 time kom lisje skatten vår ut i rekordfart, jordmora trudde mest ikkje sine eigne auge...Rekna med at dette ville ta lenger tid!!
Spurte kva det vart, og sjukepleiarstudenten som var med svarte at det var ein gutt..Det stemmer ikkje tenkte eg, hadde heile tida hatt ei sterk kjensle av at dette var ei jente...Så høyrde eg at jordmora sa at det var ei flott jente, og eg huskar at eg svarte at det var det eg visste, no kom jenta mi:0)
Navnet hadde ho fått tre mnd tidlegare: Rakel....
Vi valgte og å legge til Kristine, som er ei oppattkalling etter Pappa som heitte Knut!!
Det morosame då var at eg fekk vete at Kristine har vore brukt som mellomnavn i fem generasjonar på Mamma si side!!
Invitasjonar er laga og vart utsendt for ei veke sidan...Bordkorta er i boks, koppar, fat og godteposar likeså...Idag står kaka for tur, og i morgon entrar 18 glade barn heimen:0)

GRATULERER MED DAGEN RAKEL KRISTINE!!
Mammas skatt og Pappas apekatt...