torsdag 29. oktober 2009

ABC i ord og bilder ~ F for...


Vekene flyg fort pg vi er allereie komne til F i andre runde av ordleiken som Petunia driv for oss på ein fantastisk måte:0)
Min F står for forfall...

I dette tilfellet er det eit trist forfall.
Dette huset og hagen er i nabolaget til Mamma, og det var to ungkarsbrødre som budde i kvar sin etasje.
Her ser ein vegen opp til huset, der det etterkvart står ganske så velvaksne bjørker...

Det var tidlegare strøkets mest velhaldte hus, og hagen var utruleg flott. Desse karane var nøgne på det utvendige vedlikehaldet av huset, og plenen var alltidt velstelt og beda var fulle av blomar og ugraset glimra med sitt fråver...

No er hagen overgrodd...

og huset ber tydeleg preg av alvorleg og ikkje minst trist forfall...
Eit trist syn, og eg er overbevist om at det hadde vore vondt for dei som eigde huset å sjå at dei som arva det berre let det bli ståande som ein nedgrodd ruin. Då hadde det vore betre om det vart solgt slik at huset kunne bli ivaretatt av kjærlege hender!!


Til slutt måtte dette bildet av fiskaren min bli med!! Dette bildet er tatt forrige helg, og laksen hadde den nette vekt på 6,7 kilo!!
Guten er klar for ei ny fiskerunde til helga;9)
For meir ABC moro, klikk deg inn HER

onsdag 28. oktober 2009

Naturspeglingar og fotoprogram...


Var til Førde på kurs i går, og på heimvegen måtte eg berre stoppe for å fotografere litt.

Langelandsvatnet var blikkstille, og speglinga klare og utruleg flotte.
Så her var det berre å knipse i veg....

Det var sikkert mange som lurte når dei såg ei dame med kåpe, høghælte sko og sjokkrosa kamera stavre seg rundt innimellom busker og kratt;9)
Om nokon skulle kjenne att den beskrivelsen så var det berre meg,he he.

Her kom haustfargane til sin rett og, eg zooma, tenkte på komposisjonen, fargane, motivet, speglingane og gløymde både tid og stad ei stund...

Den siste tida har eg fått ein del spørsmål på kva fotoprogram eg brukar. Det er litt forskejllig, men i hovudsak så brukar eg den oppgraderte versjonen av picnic. Ein kan laste ned ein gratisversjon, som har ein del av funksjonane. Sjølv brukte eg den lenge, til eg var heilt trygg i måten å bruke programmet på. Då valgte eg å oppgradere og betalar 25 dollar året for det. Noko som på ingen måte er ein upris. I tillegg brukar eg photoscape, picasa 3 og photophilters.
Håpar dette var eit utfyllande og godt nok svar.
PS: Klikk på bilda for ein større bildeversjon....

tirsdag 27. oktober 2009

Smart på barnerommet:0)

Den siste veka har eg jobba med eit prosjekt på dei nye romma til ungane...

Eg har grunna, malt, pussa og malt igjen og VOILA!!
Innsida på romdørene har blitt til eit tavleeldorado:0)
Eg har brukt tavlemaling på heile døra, kjøpt inn svamp og tavlekritt, så no er det berre å la kunstnarane utfalde seg.
Det vart ein ubetinga suksess, og dei har tegna, svampa vekk, tegna og kost seg i massevis i kveld.

Dette var det fyrste Fredrik tegna og skreiv...
*Smelt*

Og Rakel ropte omtrent samtidig. ho hadde tegna Mamma og sola og skreve: "Eg likar deg"
Skjønningane mine...Då er det sanneleg verdt anstrengelsane....
Og dette kan trygt anbefalast vidare!!

mandag 26. oktober 2009

Regn...


Mandagstema er regn, seier Mette, og det baud jo på ei aldri så lita utfordring for min del. Attpåtil så nevner ho at 25 oktober var det mest regnfyllte døgnet!!
Ja ja, eg ristar på hovudet og toar mine hender, for her har oktober faktisk vore ein ganske fin månad...
Hadde temaet komt opp i juli, august, september hadde eg berre tenkt...fint...og stukke kameraet utanfor døra...for DÅ regna det då;9)

Nok om det...Desse bilda er tekne i august. Vi lånte hytta til svigerfar frå onsdag til torsdag, med den intensjonen at vi skulle fiske og grille.
DÅ regna det då. Vi var utpå i to timar, og regnet rann kontinuerleg. Til tross for regnkle var vi våte til skinnet.
Fisk fekk vi, og grilla den gjorde vi og, under tak;9)
Konklusjonen er: Litt(mykje) regn stoppar ikkje oss, nei!!

For fleire regnfulle tolkningar, klikk HER!!

søndag 25. oktober 2009

I går var ein stor dag...

Frode og Fredrik reiste under Osfossen kl 09.30 i går formiddag. Eg og Rakel var heime og pusla med litt forskjellig...
Kl 12.30 ringte telefonen...Fredrik hadde fått laks...STORLAKS!! Eg hadde litt problem med å la det synke inn og trudde fyrst at det var Frode som hadde fått den.
Men neida, det var nok Fredrik!!
Det var litt uklart om det var ein villaks, og som kjent så må jo villaksane utatt i...Her var det berre ein ting å gjere sidan vi berre har ein bil for øyeblikket.


Eg og Rakel kasta oss på syklane, og ho sykla 6 kilometer i forholdsvis raskt tempo utan å kny:0)) Flinke jenta mi...
Men det var nok ingen villaks, og dermed vart den avliva....


Vitale mål var: 89 cm og 6,7 kilo.
Det er litt av ein bragd for ein tiåring å hale ein laks av den størrelsen i land på eigen hand. Guten hadde eit skikkeleg adrenalinkick og han var så utruleg lykkeleg. Mamma, Pappa og Rakel er stolt over storfiskaren vår, og eg reknar med at jeger og fiskeforbundet no har fått verva inn eit livsvarig medlem!!

fredag 23. oktober 2009

ABC i ord og bilder ~ E for...


E for EGYPTFEBER!!!!
Om nøyaktig tre veker set familien i Storemyra kursen for det store utland...nærare bestemt Egypt og Sheik el Sharm.
Der skal vi nyte sol og varme ei heil veke til endes og vi GLER oss:0)
Det er fyrste utenlandsturen for ungane og faktisk fyrste gangen eg og Frode reiser til varmare strøk i lag. Ingen av oss har vore i Egypt før, og dermed stiller alle fire på lik linje.
Synest og det har vore ekstra kjekt at Fredrik har lært mykje om Egypt på skulen i år, og i forrige veke hadde han prøve om: "Livet ved dei store elvane", med berre 1 feil:0)
Det vert desverre ikkje verken Sfinxs eller Kheopspyramiden på oss denne gangen sidan Sheik el Sharm ligg så langt unna kairo og vi berre har ei veke på oss!! Men vi får i alle fall sjå både pyramidar og kamelar.
Eg prøvde å tenke ut noko som eg kunne legge mine eigne bilder til, men hjerna vil ikkje vere med meg...
Den berre gjentek Egyptfeber som eit mantra!!
Bilda i dag har eg funne på nettet, men lovar i alle fall å kome tilbake med eigenproduserte bilder om ein måneds tid;9)
Den arabiske republikken Egypt er eit land i Nordaust-Afrika, og delvis i Sørvest-Asia på grunn av den tilhøyrande Sinaihalvøya. Landet grensar mot Libya, Sudan, Gazastripen og Israel. I nord har landet kyststripe mot Middelhavet og i aust mot Raudehavet. I 1922 feikk landet delvis uavhengighet frå Storbritannia, som hadde styrt sidan 1882. Først etter andre verdenskrig fekk landet full uavhengigheit. I dag har landet ein hurtig veksande populasjon, som er den største i den arabiske verda. Lyst til å lære meir?? Klikk deg inn HER
For fleire ABC-påfunn, klikk deg inn HER

onsdag 21. oktober 2009

Mennesker i fokus ~ Svart/kvitt....

Tema på Mennesker i fokus hos Fotoverden i dag er svart/kvitt og her er mine bidrag:0)
Eg er veldig glad i svart/kvitt, evt sepiabilder. Synst bilda vert rolegare og får eit anna uttrykk...

Slitne men lykkelege...


Badenymfe...


Fiskaren...


Å neida...så lett slepp du ikkje unna...


Kosestund...


Avslappa...



Luringen...

Klikk gjerne på bilda for større versjon...
For fleire svart/kvitt bilder der mennesket er i fokus, klikk HER

søndag 18. oktober 2009

ABC i ord og bilder ~ D!!


Litt hektisk helg sidan eg har hatt arbeidshelg, i tillegg har eg vaska kle og pakka til Bergensturen min som varar heilt frå mandag til tirsdag;9)
Men her kjem altså min D!!



Eg byr på ei disig morgonstund....


Eg nyttar og anledninga til å vise fram to av mine eminente og familieproduserte dorullnissar:0)
Vi kjøpte klovneis frå isbilen ein haust, og sparte på flosshattane med tanke på at vi skulle laga nissar, og her slapp ingen unna...Alle mann til basen og i arbeid!! Vi tente lys, klipte og limte, åt pepparkaker, drakk kakao og kosa oss skikkeleg!!

For fleire sprelske D-påfunn, kan du klikke deg inn HER!!

tirsdag 13. oktober 2009

Meir spenning enn vi trengte...


På veg til Volda fredag fekk vi adskillig meir spenning enn vi strengt tatt hadde bruk for. Bilen oppførte seg litt merkeleg ei stund og brått begynte den å riste og skjelve. Ungane lo først, men så forsto dei at dette var alvor og då var sanneleg ikkje tårene langt unna verken på dei eller meg....
Ut av bilen for å sjekke, og eine dekket sto i ein unaturleg vinkel. Der sto vi då, stranda i Stigedalen...Langt i frå folk, og kaldt var det og.
Fekk ringt til Falck, som skulle sende ein bil. Dette tok litt tid og vi sto der vel ein times tid før bilen var på plass.
Eine styrekula var gåen, og ein del av hjulboltane hadde skrudd seg ut...
Redningsmannen tok bilen opp på Falckbilen, og vi måtte sitte i bilen vår. Dette synst jo sjølvsagt ungane var stilig;9)
Etter alle strabasane var det godt å kome heim til Mamma og nyte denne utsikta:0)
Barndomsheimen min ligg godt til. Vi har utsikt over heile Voldafjorden og mykje flotte fjell!!
Kjem tilbake seinare med fleire smådrypp frå turen.

fredag 9. oktober 2009

ABC i ord og bilder ~ Enkel løysning på C...


Vert ei enkel løysning på meg denne gangen sidan eg står på farten til arbeid og skal direkte til Volda etterpå....Denne helga skal stå i familiens teikn, og pcèn vert lagt på hylla til mandag...
Har difor ikkje anledning til å komme innom mine ABC-vener før på mandag.
Min C blir litt juks i dag og eg vel ei engelskspråkleg løysning...

C for contrast....
Bilda er redigerte i picnic:0)

For fleire(og meir kreative) løysningar enn mi, klikk deg inn HER!!
Ynskjer dokke alle ei strålande helg:0)
Klem Line
PS!! Måtte berre innom og meddele at eg har fått ei strålande nyheit:0) Våre gode venner Tommy og Jenny har blitt foreldre for første gang, og har fått ein nydeleg liten prins...
Guten var fødd kl. 06.10, og alt står bra til med alle tre!!
Vi gledar oss med dokke kjære vener, og gratulerer på det varmaste

torsdag 8. oktober 2009

Å Vestland Vestland...

Vestland, Vestland
(Sigurd Førsund/Tore Ørjasæter)

Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
Med fagre fjell og fjord og tronge vik.
Det stig i all sin venleik stort og vilt
Og atter møter meg so mjukt og mildt.
Og gleda strøymer i meg still
og stormed glans av bjørkeli og blåe fjord
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
den stille skogen og det store hav.
Min lette båt ein solblank kveld eg ror,
sjå fjell og himmel sym på stille fjord
og djupe dalen med sitt grøne fang,
som skin av lauv og blom frå li og vang.
Sjå skuggane som kliv
dei kvasse fjelllik
dagsens timar tøyer seg mot
Det sveiper seg om tind og tronge dal
eit draumeslør av sommarnatti sval
Måtte berre sette denne flotte teksta til bilda mine i dag...
Den har summa og gått inne i hovudet mitt gjennom heile skogsturen vår, og dermed måtte den berre vere med her og...
No har vi tilbragt to dagar inne, og det merkast på ungane for å sei det slik. Det var berre å kle seg godt å kome seg ut på tur!!
Vart mange flotte bilder både av naturen og ungane, og det var faktisk både friskt og godt ute til tross for regn/sludd/snø:0)
For ikkje å snakke om kor deilig det er å kome inn att;9)
Ynskjer alle ein flott torsdag, eg skal straks på jobb.