fredag 31. juli 2009

ABC i ord og bilde ~ V for...

VENNINNER!!


Vennskap er eit forhold som har sitt grunnlag i påliteligheit eller kjærleik. Vennskap kan utvikle seg mellom to eller fleire menneske som omgåasts og trivast i kvarandre sitt selskap, og som gjerne har noko til felles, til dømes i form av interesser.Sympati, empati og ærligheit er viktig i eit vennskap.
For mennesket er det viktig å ha nokon på si side når ein har det vanskelig. Ettersom mennesket i utgangspunktet også er eit flokkdyr er det viktig å ha nokon ved selskap. Dersom eit menneske er totalt einsamt, kan det føre til depresjonar og psykiske problem.
Henta frå «
http://no.wikipedia.org/wiki/Vennskap»

Utifrå dette kan ein i alle fall trekkje den slutninga at vennskap er alfa og omega for at vi menneske skal kunne fungere optimalt!!
Sjølv er eg så heldig å ha eit knippe nære og gode venninner, som eg i alle fall prøvar så godt eg kan å ta vare på:0)
Det må jo og nevnast at det finnast mange former for vennskap...
Ein har barndomsvennar, nære vennar, fjerne vennar og ikkje minst har eg oppdaga det fantastiske bloggesamhaldet og fått mange vennar her inne som eg faktisk ikkje har møtt ein gang!!

VENNSKAP

Vennskap er
som et lite frø.
Viss det ikke pleies
vil det visne og dø.

Vennskap trenger varme,
hvis det skal gro.
Det vokser i fred,
gjensidig tillit og tro.

Først kommer små spirer,
vær varsom gi akt.
Det har så lett for å knekkes
ved misbruk og makt.

Harde ord,
kan knuse så lett.
Vennskap må pleies
med omhu og vett.

Så kommer blader,
de vokst litt etter litt.
Vann godt,
med kjærlighet
fra hjertet ditt.

Gjødsle med forståelse
og milde ord.
Da vil vennskapet vokse
seg sterkt og stort.

Samhold og omsorg,
en veldig sterk makt.
En kamp der du ensom
ville ha tapt.

Men med venner du
vinner en seier så stor.
Smerten den lindres
med venners ord.

Men skal du få venner,
må du selv være en venn.
Du må elske for
å bli elsket igjen.

Du må forstå at venner
de vinnes med varme ord.

For ingen vennskap
kan vokse
der kuldens ego bor.
For fleire V-tolkningar, stikk innom HER!! Det skal eg gjere;9)

torsdag 30. juli 2009

Planar om å feriere på Pers Hotell??

Ja då er det berre å forberede seg på å halde lommeboka open, for det vert fort ein kostbar affære....

Vi bestillte eit tre dagers opphald med halvpensjon på hotellet frå fredag 24 til mandag 27 juli...Så langt så vel...
Vi sette oss i bilen og køyrde avgarde med freidig mot,9)
Vel framme ved hotellet sjekka vi inn og fekk tildelt hotellbevisa og Bjørnepasset...


Opp i byen og kika litt i butikkar, for så å returnere til hotellet og treffe Anita, kjetil, Eirik og Sondre som tok matpause her på veg heim frå Oslo der Eirik hadde vore med på Ajax fotballskule(noko som forøvrig var meget bra og er anbefalt vidare av både entusiastiske deltakarar og foreldre)

Sat og såg litt på Bjørnepasset og der venta dagens fyrste overraskelse...
"50 % rabatt på Tropicana for gjester ved Pers"
50 %???
Sist vi var her var det no vitterleg gratis for hotellets gjestar!!! inn i resepsjonen for å forhøyre meg, og fekk spørsmål om kva rom vi hadde...Etter å ha opplyst om det fekk vi servert at vi måtte betale oss inn på Tropicana!!

No må det seiast at eg har nokre hotelldøgn bak meg gjennom vervet som hovedtillitsvalgt i sjukepleiarforbundet, og det på forsksjellige destinasjonar som Alexandra, forskjellige hotell i bergen, union i Geiranger og hotell i Trondheim, og har ALDRI blitt krevd for pengar for å nytte hotellas fascilitetar!!

Vel inne på rommet studerte eg brosjyra over kva hotellet forøvrig hadde å by på, og der reklamerte dei for treningsrom for hotellets gjestar. Det kunne du som gjest benytte deg av, berre du betalte for det!!

MAKAN....

Verden sluttar aldri å overraske spør du meg.


Det verste var likevel at vi følte at hotellet var svært prega av dårleg vedlikehold. i spelehallen hag det lappar med "i ustand" på fleire av maskinene, ei av heisane, massasjestolen i gangen, inne i Tropicana var det berre to av dusjane som virka, "solene" var i ustand og


SURPRISE SURPRISE!! Ingen av solariuma var i orden...

Men ein ting må likevel seiast: Maten var utruleg god og variert:0)

Ein annan ting som og er flott opplagt er barneundehaldninga med klovneshow der dei dreg inn ungar til å opptre og barnediscoen frå kl 20.00 - 21.30. Rakel vann premie for kveldens best kledde;9)

Tek gjerne imot synspunkt på dette innlegget!!

onsdag 29. juli 2009

Stemning og kos....

....må vi visst skape sjølv om dagen, for ute finn vi det i alle fall ikkje...
Man tager litt sukker, rips og bringebær og rører til deilig syltetøy..
så kan ein bake litt gode rundstykker...og servere rykande ferskt!!
nokon likar det slik.... og andre slik....
Men alle likar bollane slik:0)
Deilig te frå mine skjønne nye krus....
Så plukkar vi inn litt duftande blomster frå hagen....
og kveikjer litt lys....
Vips så er stemninga og kosen sett...
Eg har fått besøk av ei venninne, og vinen er no skjenkt i glasa, skravla går nok snart og koseleg stemning er ikkje problem med å oppnå...
Håpar at alle klarar å nyte sommardagane til tross for veret *sukk*
Klem Line

tirsdag 28. juli 2009

Aksjon mot regnværssjuka - fargeutfordring!

Anne på MOSEPLASSEN har dratt i gang "Aksjon mot regnverssjuka - fargeutfordring"...Og eg hiv meg med....For meir bedrøveleg juliver skal ein jammen leite lenge etter *sukk*

Eg velger meg GULT fordi den no minner meg om sola og den livgivande varmen den gir:0) Synest og at gule blomster høyrer med i hagen, og disse påfuglblomstrane er utruleg artige og blomstrar villig...

Desverre får vi ikkje sett så mykje til dei no i regnet, då dei treng sol for å falde seg ut:0(


Ser og mitt snitt til å vise fram dei praktfulle erteblomstane mine i same slengen...Den flotte fargekaskaden lyser verkeleg opp i hagen for tida, og dei har blitt utruleg høge og kraftige:0)

mandag 27. juli 2009

ABC i ord og bilde ~ U kjem lovleg seint ...


Som sagt så kjem u-innlegget lovleg seint, men vi har vore vekke nokre dagar, og eg har (faktisk) vore fullstendig utan nettilgang;9)


Min U står for UTSIKT!!
Dette bildet er av Sognefjorden, og er tatt på UTSIKTspunktet .

Sognefjorden er den lengste fjorden i Norge og ligg midt i Fjord Norge og strekker seg meir enn 200 kilometer innover til foten av Jotunheimen og Jostedalsbreen. Her er naturen både dramatisk og gjestmild, og området blir rekna for å vere eit av dei vakraste reisemåla i verden.

Desse tre bilda viser den fantastiske utsikten på Langedrag...Ein flott park å besøke, som anbefalast på det varmaste:0)

Lyst til å sjå fleire innlegg på U?? Klikk HER!!

fredag 17. juli 2009

ABC i ord og bilde ~ T står for...


Tyskerbunkersane/tyskerfortet på Lammetun!!
Det offisielle navnet er Lammetun Kystfort, men tyskerbunkersane7tyskerfortet er benevninga på folkemunne...
Krigshistoria i Fjaler:
Kystfortet på Lammetun vart bygt frå oktober 1941, og skulle saman med Fure-fortet ha kontrollen med Vilnesfjorden og Bufjorden, og sperre innløpet til Dalsfjorden.
Etter at bygdefolk og buskap var tvangsflytta, starta arbeidet på eit stort fjellanlegg med kommandoplass og forlegning for soldatar i ein tunnel under kanonstillingane. Mykje av arbeidet vart utført av russiske krigsfangar, som vart skyssa til Lammetun frå fangeleiren i Fureneset med motorbåten "Fagervik I" frå Leitet.
Dei første kanonane på Lammetun var franske feltkanonar frå første verdskrig. Seinare vart dei erstatta av fire av nyare dato. Granatane frå Lammetun-kanonane kunne treffe mål 16.000 meter unna. Ved fortet på Lammetun var det 96 befal og soldatar. Det var stridsklart i juni 1942, men var ikkje ferdig utbygt då krigen tok slutt. Kring fortet vart det også sett opp ein del falske kanonar bygde av tømmerstokkar og finér for å lure fiendande ved eit åtak.
Etter krigen vart det rydda bort i alt 3066 miner kring fortet, og ein tysk offiser vart hardt skadd då ein mine gjekk av. Heilt fram til 1969 vart det funne miner på Lammetun.
(NRK: fylkesleksikonet)
Vi har hatt mange turar inn i og rundt fortet opp gjennom åra, og ungane synst det er like gruspennande/skummelt kvar gong.
Eg synst området er glimrande til å halde historia ved like, og brukar aktivt å snakke om krigen og krigshendingane når vi vandrar rundt.
Borna som veks opp i dag bør kjenne til denne delen av historien, og ved at dei får sjå områder som har vore brukt til krigshandlingar, føler eg at dei oppnår ein bedre forståelse av kva dette kan gå ut på...
Vi har snakka mest om kva som skjer når det er krig, eg har enno ikkje snakka så mykje om jødeforfølgelse og dei grufulle handlingane som føregjekk, dette er dei framleis litt for små til å forstå. Men det kjem etterkvart som dei vert eldre...
Ein kjenner verkeleg historiens sus ved å vandre rundt her, og eg merkar at ungane og vert høgtidssame av å få sjå, gå i trapper, kjenne og ta på instrumenta, veggane, dei trange romma....
Spennande å lese kva som står på skilta og tolke det.
Her er vi oppe på kommandorommet/vakttårnet...
Det er utruleg flott bygd og konstruert!!
Telefonen, eit slags morseapparat trur eg(?) og ei flott steintrapp.
Bilde frå krigen, navigasjonskart og landemerka til å navigere båtar og fly etter..
Landemerka er malt på veggane.
Ein pust i bakken og tid for ettertanke...
Gutane peikar seg inn på neste undersøkelsesobjekt;9)
"Tante...Mamma...Skal vi ned der?"
Her har vi komt ned til ein av dei mindre bunkersane, her er det og ei kanonstilling, og små avlukke som kanskje har vore brukt til soverom?
Det var ei omvisning i noko av vår lokale krigshistorie, eg håpar du har funne det interessant:0)
For fleire spenande T-tolkningar, klikk HER

tirsdag 14. juli 2009

Lammetun

Svigermor og Heine har ei praktfull hytte på Lammetun som er stor nok til å romme alle familiemedlemmane...
Fredrik elskar å vere på hytta, det er hans paradis på jord og den beste ferie han kan få...
Onsdag reiste han utover med Bep og Heine, og laurdag tok vi med oss Sondre utover.
Planen var å vere til søndag og så skulle Fredrik vere med heim...Men guten ba på sine kne om å få vere lenger, og vi reiste heim utan Fredrik og Sondre på søndag...
I dag kjem han heim og i morgon tidleg vender vi nasen mot Volda ei vekes tid:0)
Lammetun er eit mangfold av natur, sjø og spennande opplevingar!!
Fredrik køyrer firhjulingen med stø hand medan Heine sit bakpå og dirigerar. Kvar sin gong å sitte på, så dei andre to måtte gå i lag med meg og Frode...


På brygga er det duka for krabbefiske, ein aktivitet som sannsynlegvis kunne vore haldt gåande døgnet rundt utan at dei gjekk lei... Dei fangar krabbar, og slepp dei ut att, for så å fange dei att...Og slik held dei det gåande...

Men denne gangen var det ikkje berre krabbe som blei med opp...I følge ungane er dette ein eremittkreps, og med tid og tolmod klarte eg å knipse han i det han stakk hovudet ut...Etter ca 300 mislykka forsøk;9) Ein sky liten krabat dette...

Sjøstjerne fann dei og, det er sanneleg eit fascinerande lite vesen...ho blei studert og fotografert frå alle baugar og kantar før ho slapp utatt i sitt rette element.

Her ute er det og eit mangfold av fotoobjekt, og eg får rikeleg anledning til å utfalde meg innan fotokunsten...



Denne fantastiske utsikten kan vi nyte døgnet rundt...Her er himmelen farga rosa av sola som er på veg ned...
Klikk gjerne på bilda for større versjonar....