onsdag 26. mai 2010

Dette liflige synet…

Mai 2010 665 b

Mai 2010 671 b 

Mai 2010 676 b

Fulgte meg heile vegen heim frå seinvakt i kveld…fargane heldt seg medan eg var inn å henta fotoapparatet…

Blomar

ja endog etter at eg kom inn på kjøkkenet!! Det er ei stund sidan kveldshimmelen har vist seg fram i slike praktfulle fargar… Kan det vere eit bud om sol…

i morgon??

Ei utruleg koseleg familiehelg…

Fredag kom lisjesystra mi med familie på helgebesøk. Vi har verkeleg kosa oss, både små og store. Fredag var det nydeleg ver, og dermed einsbetydane med grilling og uteliv. Laurdag og søndag var det regn, regn og atter regn. Men til tross for dårleg ver og mykje innetid, var det likevel fred og ro i ungeflokken. dei kosa seg i lag, og det var ikkje krangling for heile helga:0)

Mai 2010 551 b

Julie Kristin er ein skikkeleg morgonfugl, og kl. 06.30 på laurdag kom ho trippande og måtte på do. Til tross for gjentatte forsøk på å forklare at vi måtte vere stille, så var ho like strålande, og så kom det kontant: “Tante Line, ej lika å stå tili opp, ej” Dette er vel det ein kan kalle gullkorn frå Barnemunn??

Mai 2010 583 b

Mai 2010 610 b

Mykje kosing, gode samtalar og gjennomførte måltid hadde ein sentral plass gjennom heile helga. Oppskriftene kjem fortløpande HER, dersom nokon skulle vere interessert:0)

Mai 2010 586 b

Det er både fordelar og bakdelar med at familie og vener bur eit stykke unna. Fordelane er jo heilt klart at samværet ofte er lenger og tettare når ein treffast, medan bakdelane sjølvsagt er at treffa blir betydeleg sjeldnare om ein bur i nærleiken av kvarande…

Mai 2010 596 b

Til tross for aldersforskjellane går ungane utruleg godt overeins, og dei kosar seg verkeleg i lag. Fredrik er på veg til å bli den mest forstandige, og synst det er stor stas med Nathaniel. Laurdag var eg ute å trilla Nathaniel, og då kom han etter på sykkel. Overtok trillinga som den største sjølvfølge, medan eg leia sykkelen hans. Vi fekk oss nokre gode minutt saman vi to, medan Nathaniel sov fredeleg i vogna si. han har vet på mykje den store guten min, og refleksjonane og betraktingane hans er til tider overveldane, men så utruleg skarpsindige:0)

Mai 2010 626 b

Tante Tina lagar dei flottaste fletter, og det er heilt klart meir stas at ho gjer det enn mora, he he…

Mai 2010 647 b

Gutta boyz har “kvalitetstid” framfor pcèn;9)

Mai 2010 651 b

Tida flyg så altfor fort i triveleg selskap, og før ein veit ordet av det er det søndag og tid for avreise…Takk for denne gang, og så håpar vi at det ikkje er så lenge til neste gang vi sjåast…

mandag 17. mai 2010

Ein flott nasjonaldag er ved vegs ende….

Mai 2010 438 b 

På trappa før avreise…

Mai 2010 448 b Mai 2010 450 b 

Det er premiering til den klassa som klarar å lage mest liv i toget…Og 5 klasse gjorde definitivt ein heilhjerta innsats for å vinne!!

Mai 2010 465 b

Då har vi komt til grendahuset og er klar for 17 mai feiring i nærmiljøet:0) Her er ei stolt Tante Astrid med Levi på fanget!!

      Mai 2010 474 bMai 2010 514 bMai 2010 491 bMai 2010 481 b

Muntre ungar i full utfaldelse…Det går i potetløp og hesteskokasting…I tillegg var det sekkeløp og styltegåing!! På bilde nr fire ser vi eit EKTE bursdagsbarn…Thea fyllte sju år i dag, og vi sang sjølvsagt bursdagssang for henne.

Mai 2010 519 b

trappa heime pynta vi med mjølkespann, bjørk og flagg. I bakgrunnen ser vi at ei av linslusene har sneke seg med. Her i vest vakna vi til skodde tungt i fjella, og ein temmeleg regnvåt himmel. Men innan toget skulle gå frå kyrkja kl. 13.30, hadde det heldigvis letta. Det har vore overskya og litt kaldt resten av dagen, men kva gjorde vel det så lenge det ikkje regna…Dermed går no nok ein flott nasjonaldag over i historiebøkene!!

søndag 16. mai 2010

Ein staseleg ung mann

 Mai 2010 312 b

Torsdag den 13 mai var vi i konfirmasjon til denne staselege unge mannen som eg er så heldig å vere tante til:0) Det er utruleg å tenke på at fyrste gongen eg helste på han var han to år og verdensmester…og i dag så har han vokse opp til ein sjølvstendig og flott gut…som framleis er litt verdensmester;o)

Mai 2010 337 bMai 2010 332 b

Detaljar frå bordet…Då Eirik såg desse skoa, kom det spontant: “Kvar har du hatt desse i alle desse åra, Mamma?”

Mai 2010 354 b

Kakebordet…

Konfirmanten

Kofirmanten Eirik!!

Mai 2010 380 b

Heile familien…Kjetil, Sondre på 8, Eirik på 15, Anita og Anders på 20…Hjelpe meg så høg den guten er!!

Mai 2010 401 b

Her er tre generasjonar: Frode, Fredrik, Ole Jørgen(Frode sin bror), Sondre, Anita(Frode si søster), Rakel, Henrik(Bestefar & Oldefar), Eirk og Anders.

Mai 2010 414 b

Det siste tilskotet på stammen søv seg som regel gjennom alle fotoseansar… Men her er Levi saman med to av fadderane sine. Levi er Ole Jørgen(bror til Frode) sin son.

Konfirmasjonen til Eirik vart ein flott og minnerik dag der vergudane var med oss:0)

mandag 10. mai 2010

Magiske auger…

Mai 2010 280 b

Litt må det jo vere lov for ei Mamma å skryte… Eg tykkjer verkeleg at dottra mi har dei mest magiske auger ein kan tenkje seg:o)

Mai 2010 281 b

Det er utruleg frapperande med dei (som det står i passet) multifarga augene, som er innramma av dei tettaste, lengste og mørkaste augevippene som overhodet er muleg å førestille seg…*sukk*

søndag 9. mai 2010

Redigeringsmoro…

Innimellom er det utruleg gøy å ta det heilt ut når ein driv med fotoredigering…Har sutte å leika meg litt i picnic, og synst eigentleg resultata blei superkule:o) See for your self…

Mai 2010 155 b

 Mai 2010 177 b

 Mai 2010 147 b

I LIKE:O))

onsdag 5. mai 2010

Fotballmamma!!

Eit nytt fotballår står på døra og bankar på… Eit nytt år med trening og miniputturneringar…Nytt av året er seriekamp og sjuarfotball…Men intensjonane er dei same. At borna skal ha det gøy og trivast med idretten…

Mai 2010 081 b

Eit nytt fotballår med sorger og gleder…Heiarop og oppmuntring frå sidelinja…Trøyst og lindring når det må til…

Mai 2010 082 b

Mødre og fedre som står klar med drikkeflasker, oppmuntrande ord, gode råd, trøyst og gledesdans…Alt etter kva som høver best…

Mai 2010 083 b

Stolte barn, triste barn, glade barn…Foreldra taklar kva det skal vere og trår til i dei ulike situasjonane med det som høver best…Ingen situasjon er for liten, ingen situasjon for stor…Vi tilpassar oss veret, for veret kan ikkje tilpasse seg oss…Stiller på kamp gjer vi, anten det er merkedagar eller vanlege dagar…Vi tilpassar oss fotballen framfor at fotballen tilpassar seg alle dei ulike ynskja…

Mai 2010 083 b

Kampkleda går på vandring, og kvar sin tur å vaske…Noko vi gjer med glede og stoltheit, for belønninga er så stor…Skitne, jordflekkete, grønskedekte, hoppande, haltande, blødande og glade barn med ekte idrettsglede skreve over heile seg…

Mai 2010 085 b 

Seier eller tap med same sinn…Saman er vi BEST!! Hadde aldri trudd eg skulle seie dette, men eg simpelthen ELSKAR å vere fotballmamma…Og er superglad for at begge to har valgt å spele fotball, og ikkje minst at dei har arva i alle fall noko av faren sitt balltalent, for mora eig ikkje så mykje som eit snev;9)

mandag 3. mai 2010

Hipp, hipp hurra

Mai 2010 038 b

…for Fredrik som fyller 11 år i dag:o)

Dagen vart feira frå morgon til kveld på laurdag. Dagen i dag vert feira med kamp, og vi kryssar fingrane for eit målscorande bursdagsbarn;o)