onsdag 31. desember 2008

Årets siste dag...


Skal nok ikkje tilbringast i ei krybbe, sjølv om vi har reflektert i lag med ungane over kvifor vi feirar jul...
Tykkjer det er viktig at det ikkje berre skal fokuserast på forbruk og gåver, men at dei skal vere bevisste på den eigentlege bodskapen...

Årets siste dag skal tilbringast i lag med familie og vener...
Kl. 18.00 samlast vi til middag ho Svigermor & Heine!! Der vert det god mat, godt samvær og munter passiar rundt bordet, tenkjer eg:0)
Seinare på kveld reiser vi nok litt kvar til vårt, og vi skal då samlast i lag med gode vener...
Der vert det nok både litt godt på bordet og litt godt i glasa blanda med humor, latter og god prat før vi kler på oss, går ut i natta for rakettoppskyting!!
Kl 24.00 ynskjer vi kvar og ein eit
RIKTIG GODT NYTTÅR!!

Som dokke ser er både ablegøyene og verneutstyret på plass;9)




Med litt stemningsbilder frå heimen gjenstår det då berre å ynskje
gode bloggevener og andre som er innom bloggen
EIT STRÅLANDE NYTT ÅR!!
Gledar meg til nye, trivelege stunder i 2009!!

Håpar at alle kosar seg der dei er i kveld...
VARM KLEM FRÅ LINE

tirsdag 30. desember 2008

Interiørfotosafari på sjukeheimen


Hos oss på Bygdeheimen...Smak på ordet...Syns det er så flott, og inkluderar på ein måte "alle" i heile bygda, samtidig dom det ynskjer bygdefolket velkomment i kraft av dette ordvalget...
Er vi så heldige å ha ein husøkonom som er genuint interresert i interiør...
Ho har blikk for detaljar og god estestisk sans, og gjer sitt beste med dei midlane ho har til rådigheit...
Trappeoppgangen ynskjer dei besøkande velkommen på ein koseleg måte.
Litt pynt på vaktromma må og til i julestria...
Pepparkakehus som barnebarna til ein av bebuarane har laga til personalet:0)
Julekrybbe hører med på ein sjukeheim....

Koseleg pynt og skjønne englar...

Dette flotte flygelet er innkjøpt av øyremerka testamentarisk gåve frå ein pasient...

Små tablå på forskjellige småbord rundt omkring...
Unntatt dama og mannen, det er store figurar som er donert til bygde/sjukeheimen...
Flott pynta vindauge overalt på bygdeheimen...
Eit av mange åkle...


I trappa har vi eit tablå der det er utstilt mange gamle ting, som td gamle rullestolar, tannlegestol, rulle, vekter, rokk med meir...Eit lite stykke historie!!!


Til slutt eit lite utval av alt det flotte som er til salgs på arbeidsstova vår:0)

Quality Street


Quality Street, frukt og lys høyrer definitivt jula til:o)

mandag 29. desember 2008

Nokon som er spente??

På om eg fekk tak i snøkuler til julekalendaren Julafta??

Svaret er JA!! Eg fekk tak i to utruleg vakre snøkuler, og prisen snakkar vi ikkje om *host*

Nydelege engeljenter, ei i blått og ei i rosa...
Med flott sølvsnø:0)

No står dei å viser seg fram på desom ikkje lenger er ein adventsstake, men ein julestake;-)

Vi fann ut at engelen var einsam og trengte selskap...

Vi har investert i nye julestrømper i år, då dei gamle rett og slett var blitt holete og øydelagde...

Til slutt eit julebilde av Gulla mine, der vi takkar for alle gode kommentarar i forrige innlegg...
Mange meinar kanskje at innlegget vart vel personleg...Men slik er eg, og ei av hensiktene med å opprette bloggen var å finne andre der ute med same eller liknande problemstillingar!! Det har vi og gjort, og dei har blitt av mine beste vener her inne...
Vegen vert til medan ein går, ingen har sagt det skal vere lett, men eg har tru på at vi kjem til å kome i mål på ein fantastisk måte ein gong i framtida...

KLEM LINE:=)

søndag 28. desember 2008

Mammahjertet blør...

Det er tøft å vere 9 år og i større og større grad innsjå at ein ikkje er heilt slik som alle andre...

No i kveld oppdaga eg at dei hadde gjort noko som dei ikkje hadde lov til, og hadde ein liten alvorsprat først med Rakel og så med Fredrik!!
Han tok etterkvart til tårene og begynte å snakke om kor vanskeleg det ofte er å "styre seg" når andre ber han om å gjere noko som han egentleg veit er gale...eller at han sjølv er klar over at noko han skal ta seg til med er gale, men at han likevel ikkje klarar å stoppe...
Han gret og gret og var ganske utrøysteleg ei stund, han tykkjer det er urettferdig at han er født med ADHD og ynskjer ikkje at det skal vere slik!! Han vil vere som dei andre, og ynskjer ikkje å gjere sånn som han eigentleg veit er gale...

Til slutt sa han at: "Eg er heilt umuleg", og då kom Mammatårene i strie straumar samtidig som eg prøvde å seie at det er han ikkje!!


Hjartet mitt blør for den elskelege guten min som eigentleg er den finaste og mest omtenksomme personen eg kjenner....

Men dette er likevel ein ny seier for oss begge, for Fredrik har ikkje lett for å snakke om desse kjenslene eller om ting som skjer på skulen!! Vi snakka lenge om temaet ADHD, og grunnen til at han ofte gjer ting som han eigentleg veit er gale eller dumt, er fordi han har ein impulskontroll sm ikkje alltidt høyrer på fornuft...

Vi har no inngått ein avtale om at han skal gi beskjed til ein vaksen dersom nokon prøvar å lokke han til å gjere noko gale. Han vil at eg skal spørre kvar dag om det har skjedd noko vanskeleg på skulen...

Det er ikkje enkelt for ein liten gut når kvardagen er tøff, og andre ser at du ikkje er heilt A4!! Men det jobbast med heile tida her i huset, for det skal heller ikkje vere noko sovepute, og vi skal vere bevisste på handlingane våre...Vi har heile vegen valgt å vere opne rundt sjukdomen, og av den grunn er alle foreldra og ungane i klassen informert om at Fredrik har ADHD...

Vi føyer ein ny seier inn i rekka, men i det stille kjem nok Mammahjertet mitt til å blø litt til....Det er desverre ikkja alltidt like enkelt å vere Mamma og skulle prøve å forklare alle desse tinga, når eg kjenner at eg har det så utruleg vondt på hans vegne...
Du er ikke alene
Jeg føler smerten din,
som store torner i brystet
Jeg tørker mine tårer
for å lege dine sår
Hvorfor skal du ha det så vondt?
Du som minst fortjener det
Jeg sier du ikke må gi opp,
jeg ser solen gå ned i dine øyne
En sorg i to sjeler,
du er ikke alene,
du sa jo at jeg var i hjertet ditt
Jeg kan hjelpe deg å
puste når det gjør vondt
Du mistet deg selv,
du kjempet kampen
for alle andre
Jeg kan hjelpe deg å lete,
vi kan finne deg sammen
De har ikke sett deg som meg,
jeg er jo i hjertet ditt
De kan ikke hjelpe,
de vil aldri forstå
Du trenger ikke si ett ord,
bare hold meg i hånden,
slik vi gjorde før
Jeg vet om noe bedre...
~Anonym~