lørdag 14. mai 2011

Takk for meg...

Eg har gått meg heilt tom på denne bloggen, og kjenner at eg har lite å gi for tida...Når det einaste eg har å kome med er bilder til forskjellige bildeleikar som foregår på bloggane er det på tide å gi seg.
Jungelen av bloggar ute på verdensveven vert stadig større, og dei vanlege kvardagsbloggane fengar ikkje like mykje som dei gjorde tidlegare. Besøka vert færre og kommentarane innskrenkar seg til eit minimum. Ikkje at det skal vere utslagsgivande for blogginga, for eg har heile tida blogga for å setje ord på  og sortere eigne tankar
Samtidig  er det jo kjekt med jamne besøkstal og ein kommentar i ny og ne...det som er verst er at ein har lite aning om kven som er innom bloggen, og eg kjenner at det faktisk hemmar uttrykksforma mi ein del...Eg er redd for å skrive for mykje privat fordi eg er usikker på om innhaldet vil verte diskutert over eit middagsbord i nærleiken...eller at folk som overhodet ikkje helsar på oss fordi vi ikkje har dei rette kontaktene i bygda skal fråtse i blogginnhaldet mitt...det skremer meg og når eg ser at det kjem opp søkeord som gut 10 eller jente 8 frå google...kva ligg bak slike søk?
Det er og trist og leit når andre kristiserer innhaldet av bloggen, at eg i det heile tatt bloggar og attpåtil legg seg opp i korleis eg utformar innlegga  og kva bilde eg vel å presentere...nokon av innlegga mine har blitt omforma som ein følgje av dette...og demed endrar heile uttrykket seg....og eg vert endå meir hemma i mine vidare innlegg...
Det er og stadig fleire born som registrerar seg i bloggverda, og då aukar sjansane for at jamnaldrande med mine born skal kome over min blogg...noko som igjen kan kome att i skulegarden og elles....noko eg på ingen måte vil skal skje...
Matbloggen tek over meir og meir av merksemda mi, og der trivst eg for tida veldig godt.Eg har alltidt elska å ekspreimentere på kjøkkenet, og har samla på oppskrifter sidan eg var ei lita jente...så i desse dagar er det der eg utfaldar kreativiteten min:o)
 Kanskje kjem eg tilbake...eller kanskje ikkje...tida får vise!!
Enn så lenge takkar eg for meg, og vert glad dersom nokon fylgjer med meg inn på matbloggen:o))
Varme klemmar....Line:o))