onsdag 16. juni 2010

Elvefiske…

Lykke er…

   Juni 2010 012 bJuni 2010 042 b

Heimesmidde fiskestenger med krok og makk på…Ein høle i elva…og fisk(sjølv om den er 1 cm stor) på kroken

       Juni 2010 001 bbJuni 2010 003 b Juni 2010 004 b

Her vi bur finst det ein del hyttebebuarar, og i hytta som er omtrent 10 meter frå huset vårt på andre sida av vegen er det ei jente som er like gammal som Rakel. Dei var her ei helg nyleg, og jentene storkosar seg i kvarandre sitt selskap. Pappaen til Vilde smidde fiskestenger av bjørkekvistar til heile ungeflokken. Opp i elva og ned i bakkahølen bar det.

Juni 2010 047 bJuni 2010 051 b

Ungane storkosa seg og jammen fekk alle fire kvar sin lille fisk og..Men vi vart einige om at det var best å sleppe dei ut att slik at dei fekk vekse seg store og sterke før vi lurar dei på kroken att;o)

Juni 2010 056 bJuni 2010 049 b

Utstyret var på ingen måte fancy denne dagen. Men stikkorda var vaksenkontakt, nærheit og spenning…Eg har stor tru på at sånne dagar vil feste seg godt i eit barnesinn, og at vi formidlar gode verdiar som ungane forhåpentlegvis vil bringe med seg inn i SI voksenverd…

2 kommentarer:

Fjordheim sa...

Herlig med slike dager, både for liten og stor.
Ha ei flott helg :)

Tina sa...

Ser ut som dei storkosa sej! Herlige bilder! Ungane dine er berre sååå fotogene! Rakel kledde kjempegodt den genseren :)

Klem