
Eg har vore nesten heilt frå verande på bloggen denne veka...
Årsaka er at Frode er vekke og eg har vore grasenke!!
Då må det sjølvsagt handlast, og det RASKT!!
Så her har det skjedd ein del endringar i løpet av veka kan ein trygt seie;9)
Mannen i mitt liv kjem heim i dag, og eg må innrømme at eg er SVÆRT spent på reaksjonen....
Er heime med ei sjuk Rakel som allerede ser ut til å vere på bedringens veg...
Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko, no er det siste innspurt i heimen. Skal ryddast, vaskast og leggast på nye sengkle på gjestesengene i dag!!
Vi får nemleg besøk av gode vener i helga, og gledar oss masse alle saman...
Men kvar er bilda lurer du kanskje på no??
Sidan Linda(som les bloggen) kjem på besøk i helga, så vert det ikkje lagt ut bilder frå forvandlinga før over helga, må jo vere litt spenningsmoment her;9)
Så følg med, dum di dum dei....
Det første bildet er av Mamma/Mormor frå då ho var på besøk, og dei øvrige er frå miniputturnering i helga...
Fredrik sitt lag spelt ein uavgjort kamp og vann sju. Fredrik scora fem mål, og vi er så stolte av han!!
Rakel sitt lag tapte sine fire kampar, men var like strålande fornøgde fordi...Det kallar ein ekte idrettsglede:0) Eg fekk ikkje vere med denne gongen sidan eg var på jobb, men gler meg allereie til hausten sine turneringar, då har eg i alle fall fri!!
Nyt dagen alle mine flotte bloggvener og faste lesarar!!
Klem Line