Mannen i mitt liv vart lagt uner kniven i dag...
Det er pussig korleis ein som sjukepleiar tek alt så kaldt og roleg når ein ikkje har nære relasjonar til den sjuke.
Huskar når eg hadde praksis på kirurgisk avdeling, kor beroligande eg kunne snakke med dei som eg var med på å klargjere til operasjon...Slik var det og i praksis på barneavdelinga.
Men som mor var eg totalt uforberedt på korleis eg reagerte når eg fulgte mine eigen son inn på operasjon. Det vart ufatteleg sterkt, og eg trudde ikkje føtene skulle bere meg oppatt til avdeliga...
. Litt av det same kjende eg på i dag...
No var det ikkje eg som køyrde han bort, sidan eg har vore på skulen siste dagane,.
Men frå han var på plass på sjukehuset såg eg på klokka kvart 5 minutt, kjende på ein indre uro heilt til han ringte og sa han var ferdig...
Var snar om å hente han, og no skal han halde handa heilt i ro i ei veke, og så er det sjukemelding fram til 6 juli, då han skal på ny kontroll...
Han har desverre ikkje fått levna meir enn 60 % sjanse for at dette vert vellykka...Men vi får ta ein dag om gangen og håpe på det beste:0)
Nokon som lurer kva han er operert for? Han har meisla vekk veksande brusk, samt løsna sena frå festet og splitta den då to av senene hadde vakse saman. Nervane låg og i klem, så dei er løsna på og dei er blitt rensa og spylte.

Her er han på plass i sofaen og favorittposisjonen er inntatt;9)

Du er som en rose
som varmer meg,
en rose som fyller meg
og er glad i meg.

Du varmer meg
og er der for meg,
og alltid
når jeg trenger deg

~ Pepper ~