skip to main |
skip to sidebar
Laurdag var endeleg dagen heile bygda har venta på så lenge komen!!Etter mykje nitid jobbing, utallige dugnadstimar, kronerulling og tildeling av tippemidlar vart det ein realitet...Bygda har fått KUNSTGRASBANE!!I ei lita bygd er dette slett inga sjølvfølge, men etter iherdig innsats frå eldsjelene kan ein no sjå fram til heilt andre treningsforhold i alle aldersgrupper....Kake høyrer sjølvsagt med på ein så stor dag!! Den var 2,5 meter lang og pynta etter alle kunstens reglar:0)Alle aldersbestemte lag gjekk inn på bana etter opningsvignetten til Champions Leage, og ein kunne kjenne høgtidskjensla krype under huda..Det var tale av leiaren i idrettslaget, ordføraren og primus motor bak prosjektet...Blomsteroverrekking til dei som har vore mest involvert og til dei største sponsorane, vi fekk 10 000 kroner frå sportsbutikken som vi har avtale med....Alle fotballaga sprang med kvar sin ball og skulle score mot primus motor, og han hadde det rimeleg travelt ei stund;9)Tommy har vore litt stor i munnen og uttalte ein gang at det kom ikkje til å bli kunstgrasbane før han gjekk med rullator, og dermed var den sjølvsagt på plass denne dagen!!Eit vellykka arrangement vart det til tross for noko varierande ver, og vi er strålande fornøgde med den flotte, nye bana vår.Om kvelden feira vi som dokke veit jonsok....Mitt skjønne fadderbarn...Besøk har vi og hatt av gode vener frå Volda, noko som alltidt er koseleg...Det har vore ei utruleg hektisk, men veldig flott og minnerik helg, og mykje takka vere besøket vårt:0)Fire gode venner...Håpar det ikkje vert lenge til neste gang.
4 kommentarer:
Gratulerer med ny kunstgressbane,og for en verdig feiring:) Championsleauge-hymnen og 2,5 m kake...Skjønner at det var vedig høytidelig:) Hva spiller det om været er bob,bob,nåe det er slike begivenheter,det er stoltheten som rår da:)
TRivelig med besøk:) FLotte unger:) HA en fin dag,her skinner sola og det skal nytes:) Klem Eva
Gratulerer med kunstgressbanen! Flott!
Ja vi fikk slik bane for noen få år siden, og da var det reneste 17. mai stemningen. Med musikk, sang og taler. Kjekt når det skjer positive ting i bygden;)
Kjekt med besøk av gode venner!
Så flott at du har hatt så hyggelig helg!
Det er sikkert spennende med kunstgressbane.Det fikk vi i bygda mi også, for noen år siden. Jeg er ikke der, men det er nok viktig for de som holder på med idrett der.
Ha en fin kveld,- og en god torsdag!:-)
Koselig dokke har hatt det :)
Er bare innom for å ønske deg god sommar. Eg tar ferie nå:)
Kjik gjerne innom bloggen min, der er det ein liten konkuranse på gang :)
Klem
Legg inn en kommentar