onsdag 5. mai 2010

Fotballmamma!!

Eit nytt fotballår står på døra og bankar på… Eit nytt år med trening og miniputturneringar…Nytt av året er seriekamp og sjuarfotball…Men intensjonane er dei same. At borna skal ha det gøy og trivast med idretten…

Mai 2010 081 b

Eit nytt fotballår med sorger og gleder…Heiarop og oppmuntring frå sidelinja…Trøyst og lindring når det må til…

Mai 2010 082 b

Mødre og fedre som står klar med drikkeflasker, oppmuntrande ord, gode råd, trøyst og gledesdans…Alt etter kva som høver best…

Mai 2010 083 b

Stolte barn, triste barn, glade barn…Foreldra taklar kva det skal vere og trår til i dei ulike situasjonane med det som høver best…Ingen situasjon er for liten, ingen situasjon for stor…Vi tilpassar oss veret, for veret kan ikkje tilpasse seg oss…Stiller på kamp gjer vi, anten det er merkedagar eller vanlege dagar…Vi tilpassar oss fotballen framfor at fotballen tilpassar seg alle dei ulike ynskja…

Mai 2010 083 b

Kampkleda går på vandring, og kvar sin tur å vaske…Noko vi gjer med glede og stoltheit, for belønninga er så stor…Skitne, jordflekkete, grønskedekte, hoppande, haltande, blødande og glade barn med ekte idrettsglede skreve over heile seg…

Mai 2010 085 b 

Seier eller tap med same sinn…Saman er vi BEST!! Hadde aldri trudd eg skulle seie dette, men eg simpelthen ELSKAR å vere fotballmamma…Og er superglad for at begge to har valgt å spele fotball, og ikkje minst at dei har arva i alle fall noko av faren sitt balltalent, for mora eig ikkje så mykje som eit snev;9)

4 kommentarer:

Fjordheim sa...

Godt når ungene finner noe å drive med som dei liker og har talent for. At det medfører kjøring, vasking og masse venting og heiarop, ja det får en ta med seg som bonus. Lykke til :)

Guttemamma sa...

SÅ enig med deg,har gledet meg flere uker nå...:-)

Malys krok sa...

Noe slikt har jeg aldri vært med på, men skjønner at det er flott å se at ungene trives med det de holder på med!
Gratulerer med dagen til en veldig kjekk gutt!
Ha det godt! -Margit-

Evelyn sa...

Hei Line :)

så flott et innlegg... ja er det noe som er kjekt så er det å se ungene kose seg og ha det gøy... og ekte idrettsglede er det nå i alle fall når ungene spiller.

Har stått på sidelinja og heia og ropa jeg også. Kjmpe gøy :):)

Ha en flott torsdag :)