onsdag 26. mai 2010

Ei utruleg koseleg familiehelg…

Fredag kom lisjesystra mi med familie på helgebesøk. Vi har verkeleg kosa oss, både små og store. Fredag var det nydeleg ver, og dermed einsbetydane med grilling og uteliv. Laurdag og søndag var det regn, regn og atter regn. Men til tross for dårleg ver og mykje innetid, var det likevel fred og ro i ungeflokken. dei kosa seg i lag, og det var ikkje krangling for heile helga:0)

Mai 2010 551 b

Julie Kristin er ein skikkeleg morgonfugl, og kl. 06.30 på laurdag kom ho trippande og måtte på do. Til tross for gjentatte forsøk på å forklare at vi måtte vere stille, så var ho like strålande, og så kom det kontant: “Tante Line, ej lika å stå tili opp, ej” Dette er vel det ein kan kalle gullkorn frå Barnemunn??

Mai 2010 583 b

Mai 2010 610 b

Mykje kosing, gode samtalar og gjennomførte måltid hadde ein sentral plass gjennom heile helga. Oppskriftene kjem fortløpande HER, dersom nokon skulle vere interessert:0)

Mai 2010 586 b

Det er både fordelar og bakdelar med at familie og vener bur eit stykke unna. Fordelane er jo heilt klart at samværet ofte er lenger og tettare når ein treffast, medan bakdelane sjølvsagt er at treffa blir betydeleg sjeldnare om ein bur i nærleiken av kvarande…

Mai 2010 596 b

Til tross for aldersforskjellane går ungane utruleg godt overeins, og dei kosar seg verkeleg i lag. Fredrik er på veg til å bli den mest forstandige, og synst det er stor stas med Nathaniel. Laurdag var eg ute å trilla Nathaniel, og då kom han etter på sykkel. Overtok trillinga som den største sjølvfølge, medan eg leia sykkelen hans. Vi fekk oss nokre gode minutt saman vi to, medan Nathaniel sov fredeleg i vogna si. han har vet på mykje den store guten min, og refleksjonane og betraktingane hans er til tider overveldane, men så utruleg skarpsindige:0)

Mai 2010 626 b

Tante Tina lagar dei flottaste fletter, og det er heilt klart meir stas at ho gjer det enn mora, he he…

Mai 2010 647 b

Gutta boyz har “kvalitetstid” framfor pcèn;9)

Mai 2010 651 b

Tida flyg så altfor fort i triveleg selskap, og før ein veit ordet av det er det søndag og tid for avreise…Takk for denne gang, og så håpar vi at det ikkje er så lenge til neste gang vi sjåast…

5 kommentarer:

Tina sa...

So monge koselig bilder :) Ja det va ei kjempekoselig helg ilag med dokke! Håpe det ikkje blir altfor lenge til neste gong :)
Julie Kristin og Nathaniel sov faktisk til kl 09 dagen etter vi kom heim, dei hadde tydeligvis litt manko i søvn, sånn det skal vere :)

Klem lisjesysta

Einy sa...

Her var det mange koselige bilder og hyggelig lesning :)
Slike gode stunder ilag med familien er det viktig å ta godt vare på og nyte :)
Det siste bildet av alle 4 ungane var jo heilt nydelig!!

Klem

Brit. (lille meg) sa...

Her ser det ut til at det har vært hyggelig, både for små og store, ja!
Trivelig med besøk av søsken. Ikke så artig at de bor langt unna, men veldig hyggelig når de møtes....
Storebroren min ser jeg bare to- tre ganger i året. Da er det alltid stas å møtes. .......
Har dessverre ingen søster, jeg. Det hadde jeg ønsket meg veldig i oppveksten...... Men jeg har 2 kjekke brødre som jeg er glad i.
Koselig med "familiegjenforening".
Ha en fin dag, Line!

xxxl sa...

Hei Line :)

Ser ut som om dere har hatt ei kjempe fin helg, sammen med famelien.

Masse fine bilde her.. kjekt når en kan kose seg i sammen slik som de gjør her.

Ha en fin onsdag videre:)

Klem

Som dagene går sa...

For noen flotte unger! Ser ut til at dere har storkosa dere alle sammen. Fine bilder!