tirsdag 28. september 2010

Minner i skattekista

  Fredag pakka vi bilen og sette kursen oppover mot Sunnmøre. Frode hoppa av på Eid, der Terje venta på han. Dei vende nasa mot Barmen og skikkeleg guttehelg med fisking på menyen:o) Ungane og eg reiste vidare til Volda.vergudane viste seg fram frå si beste side heile helga, og vi har hatt eit fantastisk haustver…

Fredrik og Rakel

Fredag var vi invitert i bursdagsselskap til Julie Kristin som no vert heile 4 år, og er blitt stor jente. Sidan det var så fint ver valde vi å henhaldsvis gå, skate og gå på rulleskøyter til Volda….og sånt vert det jo mange flotte bilder av;o)

Rulleskøytejenta

Rakel er framleis ikkje 100 % stø på rullekøytene, og føretrekk å støtte seg på Mamma. Men ho stavra seg avgarde heile vegen til Volda, og vart flinkare etterkvert som vi la metrane bak oss!!

Skateguten

Fredrik skata som ein meister, og hadde det skikkeleg gøy på brettet. Fekk vise seg litt fram og prøve seg på litt bakkar. Kjempemoro!!

Bursdagsjenta

Vel framme vart vi møtt av eit oppspelt bursdagsbarn, og ein sindigare lillebror;o) Ho fekk mange fine gaver, og det vanka god mat til både små og store. Bursdagsjenta hadde valgt kyllingvingar med tilbehør, og bursdagskaka var sjølvsagt yndlingen: Sjokoladekake!!

Benditcup

Laurdagen besøkte vi grava til Besta/Oldebesta, Pappa/Morfar og Asle…før vi sette kursen mot Volda stadion og Benditcup for å bivåne Gaute, Anna og Ylva. Heldigvis fekk vi sett alle tre i aksjon og attpåtil fått i oss litt mat før turen gjekk vidare på besøk til Farmor/Oldemor.

Oldemorbesøk

Farmor hadde bursdag 17 september, så vi hadde sjølvsagt med oss gåve…ein deilig andletskrem. Ungane utforska som vanleg den spennande senga, før dei fann nokre puslespel.Farmor var tidlegare ein kløppar i å legge puslespel, og ho mora seg stort med å følge med på ungane når dei pusla. Ho hjelpte dei og aktivt med å foreslå kva bitar dei kunne prøve, og før vi visste ordet av det hadde to timar gått. Ei utruleg triveleg stund for både små og store.

Søskenbarntreff

Søndagen opprann med eit strålande ver. Bollebaking måtte til, for kl. 10.30 hadde vi avtalt søskenbarntreff. Mange var heime denne helga, og då var det utruleg triveleg at ALLE hadde anledning til å kome. Vi fann ut at det beste var å vere ute, og avtalte å møtest i Oppigarden barnehage som har eit fantastisk uteområde som fengar alle ungane…frå den minste til den største.Til saman var vi 28 stk. Praten gjekk livleg og ungane fekk utfalde seg med dei orka. Vi pakka ikkje saman før nærare 14.30. Denne helga har opplevelsane stått i høgsetet, og vi hadde mange gode minner å ta med oss heim og gøyme i minneskattekista…

5 kommentarer:

Mormor sa...

Du snakker om å utnytte tida 100%. Absolutt verd å legge i skattekista. Flott bilder, men det har vi etterhvert blitt vant med fra din side:-)

Anonym sa...

Så koselig, Line - både for gammel og ung. Fint innlegg, dette - blir glad av å lese sånt, jeg! Fine bilder også! Klem til deg**

Evami sa...

Ser ut til å ha vært ei helg som ga dere utrolig mye til minneboka:)
KAn se for meg ungene der Rakel stolt går på rollerblades med hjelp og tøffeste Fredrik skata som en helt:))))

Flotte collager du har lagd;) Sov godt:) Klem Eva

Einy sa...

Ei perfekt helg høyres det ut som!Flotte bilder som vanlig :).
Eg kan tenke meg det var stas for Farmor å sjå på når Rakel og Fredrik pusla :).

Søskenbarntreffet blei jo super vellykka!! Det må vi gjenta :)
Eg la akkurat ut bilder derfrå på min blogg, rop ut om noko skal fjernast!

God helg :)
Klem

Tina sa...

Ja ditta va kjempe koselig helg! :)
Vi storkosa oss på både søskenbarntreff og i bursdagselskap. Julie Kristin tok med seg ekornet i barnehagen i går. Dei he nemlig lov å ha med sej ett leiketøy kvar å vise fram til kvarandre. Gjett ken som var den mest populære i går ;)
Nathaniel syns også den e veldig artig, so full score på den gava :)

God helg til dej og dine!

Klem ♥♥