torsdag 16. september 2010

Monstermamma!!

Ein gang i året har vi mødrene til Gutar-99 brukt å spelt kamp mot sønene våre…Dette har vi gjort heilt sidan dei byrja å spele organisert fotball i første klasse. Når  det nærma seg sesongavslutning hadde dei eit stort ynskje om å få spele kamp mot oss,og vi stilte opp…dedikerte som vi er…

September 2010 058 b

For ca 1 mnd sidan gjekk den årlege kampen av stabelen. Som vanleg var dette utruleg moro for både små og store:o) Vi mødrene drog i gang generalforsamling, og det vart bestemt at dette måtte vi gjer oftare enn ein gong i året. Dermed var det jo påkrevd med lagdrakter… og vi ville då ha noko som kunne kombinerast og brukast som supporterdrakter og…

September 2010 056 b

VIPS!så var monstermødrene født!! Vi valgte ein teamleiar som tok på seg å bestille t-skjortene,og som har ansvaret for å sende ut sms når det er aktuelt å spele kamp. Ho har oppretta oss som gruppe på telefonen, og vi ligg under “Monstermødrene”…he he…

September 2010 059 b

I dag har vi spelt kamp att…Veret var elendig, vi hadde ein del fråfall og lysta var under nullpunktet. Men vi var no fem stykker som møtte opp og kom oss i gang med oppvarming. I løpet av fyrste kampen forbarma vergudane seg over oss, og alt i alt hadde vi det som vanleg ufatteleg moro. Vi spelte 4 x 10 minutt a fem minutt pause, og eg kan love at når ein duellerar mot 11 år gamle gutar er det meir enn lange nok kampar;o)

September 2010 057 b

Tapte gjorde vi,men ikkje utan motstand,he he… Reknar med at det ikkje vert altfor lenge til vi krev revansj!! Flotte lagskjorter har vi i alle fall, og eg kan love at vi vekkjer oppsikt når monstermødrene stiller opp på rekkje og skrik & hoiar under kampane…Vi har fått tilbakemeldingar frå dei andre laga på at vi er utruleg engajserte og ikkje minst flinke til å heie.

Kanskje ein ide for andre og?? No ventar sofa og x-faktor…Ha ein fin kveld:o)

8 kommentarer:

Hege sa...

He, he en morsom ide - og kanskje noe for meg neste gang jeg skal heie på Erlend:-)
Håper høsten er bra Line,
klem Hege.

Evami sa...

Så utrolig kult og artig påfunn:) Kan tenke meg at det er stas til både store og små:) Og de tøffeste supporter/lag-skjortene. Digger navnet da:) Ha en strålende kveld:) Klem Eva

FO - 2 sa...

Så gøy! :)
Flott tiltak dette.

Evelyn sa...

Hei :) dette hørtes utrolig morsomt ut da.. og så morsomt navn... kjempe kult.. noe å se tilbake på og gode minner dette.

Ha en flott fredag og helg:):)

Klem

Anonym sa...

SÅ utrolig kult! Jeg har selv stått på sidelinjen og skreket meg hes utallige ganger, og for et samhold det er! Skikkelig artig med de t-skjortene, helt sikkert stor stas for guttene(men om få år er det kanskje piiiinlig, hehe!) Noe sånt kunne jeg godt vært med på, elsker slike tiltak, helt herlig! Heia Monstermødrene! Klem**

Fjordheim sa...

Så stilig da. Hehe. Morsomt å gjøre litt ut av slike ting.
Lykke til med neste kamp :)

Mormor sa...

Artig påfunn. Jeg ønsker monstermamma en fin helg !

Anonym sa...

Fantastisk. Dette var jo veldig bra påkome. Lukke til vidare monstermødre.

Magnus ( barnebarn 7 år ):" Visst det er noko du lurer på om fotball og sånt, bestemor....kan du berre spørre meg altså"

Myrsnipa (bestemor) : "Fint, Magnus. Men då lurer eg faktisk på om du kan hjelpe meg å kome på eit glupt spørsmål eg kan stille deg. For eg veit så lite om fotball at eg veit ikkje ein gong kva eg skal spørre om"

Helsing Myrsnipa