fredag 16. juli 2010

Grillparty:o)

Onsdag hadde både yr og storm meldt nedbørsfri med fine temperaturar… Vi vakna til grått og tungt ver som var alt anna enn varmt…Hmmm, då går vel grillinga i vasken i dag og, var min første tanke. Vi har lenge tenkt på å arrangere ein grillfest sidan broren til Frode, sambuaren og baby Levi skal flytte til Oslo ganske snart *snufs*…Kl. 10.30 var det framleis opplett, og temperaturane hadde stege…Frode tok med seg Fredrik og Aksel på fisking i elva, Rakel reiste til Helene, og eg heiv meg på sykkelen for ei treningsøkt…

Juli 2010 562 b

Nå eg kom att frå sykkelturen hadde temperaturen krope opp mot 20 grader og det var framleis ikkje regn i sikte. Eg sjekka på nettet, og det var framleis løfterikt for resten av dagen.

Juli 2010 563 b

Dermed heiv eg meg over tlf og sendet ut fylgjande sms: “Hei:o) Vi set vår lit til yr og storm og inviterar på grillparty for små og store i Storemyra frå kl. 18.00:o) Ta med noko å legge på grillen og det dokke ynskjer å drikke, tilbehøret held vi. Håpar dokke har anledning til å kome:o) Line, Frode, Fredrik og Rakel. Fekk raskt tilbakemelding, mest alle takka ja…Bortsett frå dei som vi ansåg som hovedpersonar, for dei hadde invitert til grilling hos seg sjølve, he he…

 Juli 2010 564 b

Eg laga potetsalat, grillpoteter som er oppkutta og krydra, bakte poteter, salat og grillgrønnsaker. Vi dekte langbord med kvit duk, papptallerkar og matchande serviettar, plastglas, lys og friske blomster frå hagen. Kl. 18.00 presis kom heile gjengen sigande, og Frode var grillmeister sedvanen tru:o) Til sammen vart vi rundt 20 stykker med stort og smått!! Broren til Frode kom og innom ein liten tur sidan det eigentleg var jentefest hos dei, koseleg:o))

 Juli 2010 577 b

Ein superkoseleg kveld med god mat, raudt i glaset familie og vener, gode samtalar…Livet kan neppe bli betre:o) Veret valgte verkeleg å vise seg frå si beste side, kl. 17.30 skein sola frå fullstendig skyfri himmel…

 Juli 2010 581 b

Det er vel neppe nødvendig å nevne at vi sto opp til regn og tunge skyer neste morgon?

5 kommentarer:

Einy sa...

Dette høres jo kjempe koselig ut!
Slike impuls samankomstar blir ofte veldig vellykka :).
Bra at været var på dåkka side slik at kvelden blei perfekt!

Eg ynsker deg og dine ei riktig god helg!
Klem

Ingun sa...

Så hyggelig. Flotte bilder.
God helg!

Fjordheim sa...

Herlig,
Ha ei fortsatt flott helg :)

Evelyn sa...

Hei :) ja hehe.. slik har været vært nå i sommer.. en dag med fint vær for så anre dagen og våkne opp til surt og grått vær... men.. kryss i taket i dag våkna jeg opp til sol selv om det var fint i går.. hmm vill det vare hele dagen tro hihi....

Så ut som om dere hadde et kjempe fint grillparty... fine bilde. Koselig :):)

Ha ei flott helg :):)

Som dagene går sa...

Ja, her må en nok handle på impuls. Vanskelig å planlegge noe med det ustabile været vi har. Lørdag og delvis i dag har vært bra, men no har det slått om med vestavind og skodde og regn med raskt fallende temperatur