søndag 11. juli 2010

Sommardag…

 Vi kan vel ikkje nett seie at vi har hatt strålande sommardagar her på Vestlandet…Forholdsvis kaldt, ein del regn og når sola har våga seg fram har det som regel vore isnande kald vind *sukk*

Men det er lenge sidan eg erkjente at det ikkje nyttar å klage på veret når ein vel å fortsetje å bu på Vestlandet, det er faktisk betre å leve MED veret…Då slepp ein unna ualminneleg mange ergrelsar skal eg berre seie dokke:o)

Men I DAG var det ein av desse sjelde flotte dagane…Sola var rett nok mykje til og frå, men temperaturane kraup opp mot 30 grader. Dermed vart det spørsmål om bading, kan ein skjøne. Eg og ei venninne valgte å forbarme oss over ungane, og raska saman badekle og handdukar. Ikkje tok vi med drikke, og heller ikkje tok vi med mat…Rekna nemleg ikkje med at vikingånda vedvarte så veldig lenge hos våre håpefulle små…

Men ungane entra vatnet med frydefulle kvin, og jammen vaka dei i meir eller mindre to timar…Det kallar eg ekte vikingånd. Eg dyppa såvidt tærne nedi, og hadde i grunnen meir enn nok med det, he he…

Og jammen våga ein tredje familie seg ned og…Dermed var det åtte ungar som boltra og kosa seg saman…Til dei vaksne fann ut at no var det på tide med ei matykt…Og dermed bar det på heimveg sidan ingenting låg i veskene;o)

Av rimelege grunnar er her ikkje bilder av barn i bikini og badebukse, men heller blinkskot av det vi fant rundt oss…

Juli 2010 367 b

Ein forankringsstein som ventar trufast på båten sin…

Juli 2010 368 b

Ein båt som ventar trufast på eigaren sin…

Juli 2010 411 b

For kyndige sjeler…Er dette ein humlebille?

Juli 2010 433 b

Og kva trur dokke skjedde når vi var vel heime, maten tillaga og vi hadde sett oss ned?? Tidenes rotbløyte kom over oss som eit skot, og vi måtte regelrett flykte  i garasja til uveret hadde gitt seg. Ja sånn er det å leve i vest…

3 kommentarer:

Tofo sa...

Huff, ja dette er typisk! Akkurat når bordet er dekket og en skal til å spise...så kommer regnet! Men godt at ungene hadde fått badet og kost seg!
Nydelig bilde av den båten...men den "humlebillen" kan jeg ikke huske å ha sett før:)))

Fjordheim sa...

Hehe, ja med det er faktisk ike bare i vest det er slik lenger. Jeg er jo oppvokst på Jæren, og bor nå i det indre av østlander. Der det sies å være et stabilt vær. Kan ikke si at jeg syns det er det lenger. Ikka mange dager i strekk i hvertfall. til nå i sommer har det vært flere soldager på Jæren enn her. Vi har litt sol, så kommer det kald vind, og så noe regn. Men som du sier, en får ikke gjort så mye med det. Må bare lære seg å leve med det og gjøre det beste utav det.
Flott at dere rakk å bade før det begynte å regne da.
Ha en god dag :)

Einy sa...

Herlig at dåkke heiv dåkke rundt og fikk utnytta fineværet :). Ungane var vel veldig fornøgde då vil eg tru :). Kloke ord det med at ein slepp mnge bekymringar ved å leve MED været! Ein kan jo ikkje gjere noko med det uansett, så då er det betre å ta det som det kjem ja :).

Ja, det var fantastisk å få beskjed om at eg skulle bli tante...begge gongane. Og no kom eg faktisk på at det var 12.juli vi fikk vite om Siri også! Det må eg ta med i innlegget :). Eg har venta i mååånge år på å bli tante, så det er veldig kjekt at DSiri og Elias kom såpass tett :). No når Maya og co flyttar til London, kjem vi til å sjå kvarandre oftare også - jippi!! det har vore tøft å ha dei så langt vekk etter at Siri kom til verda.
Du har to (iallefall som eg veit om) nyyyydelige tanteborn du også...og eigne born :).

Takk for tipset om picnik. Eg skal prøve ut det. Men er det det du brukar til å laste inn innlegg, eller brukar du windows live writer til det?

Ha ei super veke!
Klem