lørdag 24. januar 2009

Mine favoritting i heimen...

Skulle berre ein snartur innom bloggen, og då såg eg at eg hadde fått ei kjempeartig utfordring frå Randi. Den måtte eg sjølvsagt berre hive meg rundt å ta...
Utfordringa går ut på å vise fram mine favoritt-ting i heimen!!

Dette bildet betyr utruleg mykje for meg!! Det er Morfar som har malt det, og motivet er garden der han vaks opp og seinare overtok...
Biletet har sannsynlegvis vore på utstilling, av di det har eit nummer på baksida. Morfar var ein habil malar som i si tid kom inn på kunst og handtverk i Oslo!! Desverre døydde faren før han tok til på skulen, og han sa difor frå seg plassen og tok over farsgarden!! Men han heldt likevel fram med å male, og gav seg ikkje før fingrane svikta...


Desse herlege bilda av ungane mine er eg sjølvsagt utruleg glad i...
Dei er tatt i barnehagen og Fredrik er fire år, Rakel eitt år...


Denne symaskina fekk eg av Pappa etter ein av reiseturane han var på då eg var lita. Den hadde orntlige nåler, og det gjekk an å sy med den!! Pappa var reisemontør, og var mykje vekke dei fyrste leveåra mine pga jobben. Den verste opplevinga eg hadde i forbindelse med dette var når vi var med han ut på flyplassen og han tok av i eit helikopter som var GJENNOMSIKTIG!!!
Eg huskar framleis korleis eg skreik og kor redd eg var, for eg var heilt overbevist om at det helikopteret kom til å dette ned... Trur eg må ha vore rundt fem år den gongen!!


Kaffekjelen og kaffekverna har eg fått av Mamma. Kverna er nok av nyare dato, men kaffekjelen er gammal!! Kjelen har vel kanskje ikkje den vakraste fargen i verda, men eg er likevel utruleg glad i den...


Kunstveggen der alle bilda er laga av ungane er sjølvsagt eit must!!
Synst sjølv dette var ein genial ide...No viser vi ungane at vi set pris på det dei lagar til oss, samtidig som det er dekorativt med unike bilder som ingen andre har!!
Desse heng på loftsstova vår, men eg har så smått begynt å kjøpe inn rammer til ein tilsvarande vegg i stova nede:0)


Dei to veggfigurane fekk eg av ei god venninne for nokre år sidan!! Synst dei er like fine og dekorative framleis...
Cliviaen fekk eg av Mamma for rundt ti år sidan... Den har fulgt meg trofast sidan og trivst like godt sjølv om eg ikkje akkurat kan skryte på meg å vere den beste vatnaren *rødme*
No beærar den meg med blomar, men ser det er like før den blomstrar av...


Desse to gjenstandane har eg kjøpt sjølv....
Mugga kjøpte eg for ca tre år sidan og den har vore utruleg mykje brukt!! No har den desverre fått ei stor sprekk i seg, og kan ikkje brukast til leskande drikkar lenger...
Men dekorativ er den framleis:0)
Morteren kjøpte eg på studietur i Tunisia i 1997. Då var eg & Frode stormande forelska, og som ein gest til han fekk eg gravert inn både hans og mitt navn på norsk og arabisk:0)


Norgesglasa som fulgte med huset har fått pryda kjøkkenet sidan!!
Synst det er enkelt og dekorativt å ha dei ståande framme...
No har eg pryda nokre av dei med blondebord. Tre av dei har ungane malt, og vi brukar dei som kjøkkenreidskapskrukker....


Mine fyrste sko har sjølvsagt ei spesiell betydning!!


Kjøkkenhønene som eg fekk av mi beste venninne Linda til 25 års dagen min kjem vi sjølvsagt ikkje utanom:0)
Dei har vore med på ein del flyttelass, og pryda både hyblar og leilegheite, endog eit kollektiv!! No har dei hatt fast plass på kjøkkenet sidan 2001...
Eg vel denne gongen å ikkje utfordre nokon spesielle...Men håpar at det er nokon som er innom som synst denne utfordringa var såpass artig at dei har lyst til å hive seg på!!
I praksis utfordrar eg vel då alle som er innom, og gi gjerne frå deg ein lyd om du tek den!!

10 kommentarer:

Anonym sa...

Så utrolig mange flotte ting du viste fram.....det er så koselig å se alle de flotte tingene som folk er så glad i og som betyr så mye for dem :)

Håper du har en strålende helg Line :)

Klem.....

oline's skattekammer sa...

Tusen takk for den fine kommentaren på mitt forrige innlegg! Så utrolig mange flotte ting du viser oss! Kjempekjekt å se hva andre setter pris på! Ha en fin søndag videre!

Anne sa...

Å så spennede å se!! Malieriet var jo bare så flott, med de vakre fargene da. Skjønner godt at slike ting har en helt spesiell plass i ditt hjerte da ja...

Ha en super søndag.

Brit. (lille meg) sa...

Så mange flotte ting, både av eldre og nyere dato!
Tenk at du har tatt vare på dine første sko! Joda, jeg vet andre som har gjort det også, men det har ikke jeg....
Ettersom jeg ikke er så glad i utfordringer, hopper jeg over denne, selv om jeg sikkert hadde greid å grave fram noe.......
Ha en fin søndag, Line!

FO - 2 sa...

Flotte ting, alle sammen, med stor betydning for deg.
Personlige ting med stor affeksjonsverdi. :)
Maleriet som din morfar har laget er utrolig flott.

Jeg har vært med på noen lignende utfordringer tidligere, så jeg hopper over det denne gangen.
Det ene finner du HER
Gelenderet er malt nå, forresten. ;)
Den andre finner jeg ikke igjen. Har ikke etiketter....

Her på Sotra skinner solen og det blir en fin dag.
Ønsker deg det samme. :)
Klem.

Anonym sa...

Ja, det er ting med affeksjonsverdi som betyr noe - spesielt det som ungene lager, synes jeg. Kjempefin kunstvegg dere har! Har masse kunst fra ungene på veggen jeg også, men jeg har ikke vært så flink å ramme inn som du. Og så flink pappan din var til å male, da - skjønner godt det bildet betyr masse for deg. Ha en superfin søndag, Line! Klem fra Randi**

Kathrine sa...

Så morsom utfordring:-) Denne likte jeg godt. Utrolig mye fint du setter pris på.
Synd ikke morfaren din fikk gått på SHKS, men et flott minne du har etter ham.
Kos deg videre denne søndagen. Klem:)

Kathrine sa...

Tar utfordringen din i morgen jeg, Line:) Ok?

Mormor sa...

Du verden så mange fine ting du viser her. Forstår godt at dette er ting som har spesiell betydning for deg. For en super ide med den kunstveggen til ungen dine. Maleriet var flott, så kanskje kunstnerisk evner ligger til familien. Morteren kunne jeg nesten ikke se meg mett på. Ha en fin søndag. Her på Østlandet holder vi på å snø inne.

Henriette sa...

Det er så artig å sjå kva som har ein spesiell betydning for kvar enkelt. Skjønar godt at biletet er spesielt for deg. Eg er og svak for ting med historie. Mamma har drevet både med oljemaling, og porselensmaling, og dei tinga ho har malt betyr masse for meg. Kanskje eg tek utfordringa og viser nokre ting.....me får sjå;)

Ha ein flott søndag, og ei god veke.
Klem:0)