tirsdag 11. august 2009

Aurefiskefest i Sunnfjord!!

Etter onsdagens suksess i Viksdalen steig jo sjølvsagt forventningane til å både kunne vere så heldige å få tyngste fisk og/eller vinne samanlagt.
Vi køyrde med friskt mot opp i Haukedalen.

Der fekk vi litt undervisning i motoren på båten, Evelyn skulle styre denne delen, sidan båten var utlånt av broren hennar.
Vi køyrde utover vatnet og heiv ut stengene med dødsforakt....Men beit det??
Det gjekk 10 minutt, 20 minutt, 30 minutt...Ingen napp...
Etter ein time var stemninga mismodig, men DÅ beit det på, og opp fekk vi ein fisk på kanskje....
100 gram
*sukk*


Vi bestemte oss for å prøve oss litt lenger utpå!! Og endeleg vart det litt bet, men ikkje den største av dei største nei....

Men men, den flotte naturen og friske lufta var upåklageleg.
Største fisk vart på 220 gram....



Fredagen stillte vi opp ved Sunnfjord museum, klar for fiske på Movatnet.

Var litt lite folksomt, og ingen som visste noko, så usikkerheita steig...Var det her vi skulle møte?
endeleg dukka det opp nokon som skulle vere med på konkurransen, og vi var på rett plass.
Sjølv om dei som skulle halde orden på oss, dukka litt seint opp, så kom vi oss i gang til slutt...
Denne dagen hadde vi ikkje båt, men rekna med at det skulle gå greit å fiske frå land. Vi køyrde oss på plass, parkerte og gjekk ned til vatnet...her var det umuleg frå land, kolossale mengder med gras....
Gjekk oppatt mot bilen, og der kom det ein familie med kano. Dei sa at det var nærast umogeleg å fiske frå land i dette vatnet....
Kva no??
Men så sa den kjekke mannen som heitte Steinar at han hadde ein trebåt vi kunne låne dersom vi var villege til å lense litt, for den tok inn ein del vatn.
Om vi ville??


Vi kom oss utpå og var i gang. Frode hadde med flugestanga i dag, og vi bunkra opp på ein sandbanke slik at han kunne utøve sine kunstar.
Fekk ein fin fisk, og vi seig vidare...Som de ser så var det nok ikkje berre fisk vi fekk på kroken;9)


Mykje fint å sjå på. Vakker natur, spennande grotter og koseleg opplæring av andungar...
Fangsten var ikkje den beste, tre fisk totalt.
Den største vi fekk var desverre ikkje meir enn 242 gram.


Konkurransens minste fisk vart og tatt her, av ein gut på 11 år. Den slo ikkje inn på vekta, dermed vart den estimert til 1 gram...

Laurdag var vi heilt klare...Dette skulle bli vår dag. Hestadvatnet har vi fiska i mange gangar, og vi kjenner til dei gode plassane.

Opp og registrere seg, og rett ned til oversida av fossen. Der brukar det ofte å stå storfisk....
Men det var fleire enn oss som hadde same tanken, og dermed var det ikkje mykje fangst her.
Ut i båten resten av tida, og rodde rundt vatnet...
Altfor fint ver, vindtille og ikkje ein regndråpe fører til altfor glatt overflate og lite bitevilleg fisk...
Fekk tre stk totalt og den største vog 242 gram.
Og som vanleg var det ingenting å seie på naturopplevingane:0)


Dette har vore fantstisk gøy, og at vi ikkje drog dei store fiskane gjer jo slettes ingenting...Vi er i alle fall rike på gode fellesminner og flotte naturopplevingar:0)
Neste år er vi sjølvsagt klar igjen!!
Den største fisken var 641 gram, og vart tatt i Viksdalsvatnet av Kåre Wiik på onsdagen. Premien var på 12 000!!

5 kommentarer:

Fjordheim sa...

Oij. Det var litt av en premie.
Ja håper det går bedre for dere neste år. Men mange flotte bilder og mange fine opplevelser rikere er dere i hvertfall.
Ønsker deg ei god uke :)

Evelyn sa...

Kjempe fine bilde og mange fine opplevesler.. kjekt å lese.

Ha ei fortsatt fin uke:)

Evami sa...

Spiller da ingen rolle at fisken ikke beit,eller jo,når det er fiske konkurranse så gjør det jo det!!! Men det jeg mente er jo at dere 4 fikk være sammen,dele opplevelsene sammen:) Det er viktig det også,og neste år,er det nye muligheter:) Flotte bilder Line:) Klem EVa

Malys krok sa...

Du skriver så lett og fint om det dere opplevde på denne konkurransen. Det var synd ikke fangsen ble større, men når fisken ikke vil bite så...
Flotte bilder og mange minner rikere iallefall. Ha det godt. Klem fra Margit.

Beate sa...

Takk for at du deler opplevelsene med oss, ser ut som om dere har gode minner å ta med videre, selv om det ikke ble noen premie :)