torsdag 6. august 2009

Fiskekonkurranse, del 1


I Sunnfjord er det årleg ein flott Aurefiskefest som går av stabelen.
Her er det mange flotte premiar å hente innan forskjellige kategoriar!!
Høyr berre her:
Premie for største fisk i kvart enkelt vatn.
Premie for minste fisk i kvart enkelet vatn.
Premie for tyngste fisk i tre av dei fem arrangørstadane samanlagt.
Premie for den største fisken i løpet av perioden
Det er eigen kvinneklasse i eit av vatna.
Eigen lagskonkurranse i eit av vatna.
Spesialpremie for beste bergensar eller anna utlending;9)
Startskotet gjekk kl 17.30 i Viksdalsvatnet i går!!

Vi fekk låne båt av nokre vener til naboen vår som og var med...Der fekk vi og med oss tips om dei beste fiskeplassane, he he...
I tilleg reiste vi i lag med eit anna nabopar som fiska frå land.
Vi entra båten og skubba oss ut på, veret var fint. Grått og overskya med litt regndropar innimellom.Ideelt fiskever, og fisken beit villeg vekk:9)
Beste sluken er: MARIHØNA!! Avbilda på fyrste bildet....
Det er noko eige med å ro rundt på vatnet, stillheita og lydane frå naturen og menneska i båten er det ein høyrer. Mykje betre enn motor spør du meg....

Mat og drikke var med: For utan mat og drikke duger helten ikke!!

Vi melde berre på Gutta Boyz i år, det kostar jo litt dette her...
Men Rakel får hive eit par kast og drage inn ein og annan fisk, det held i massevis enno...
Vi syng, pratar, flettar kvarande, dreg hendene i vatnet og morar oss med skuggebilder.
Vi fekk to fiskar av ein viss størrelse, og alle er like ivrige etter å få storfisken opp i båten, jammen er dette moro!!

Kl 21.00 er det over, og vi reiser inn for veging og premiering.
Torill(som fiska frå land) vann kvinneklassen med ein fisk på 368 gram, og Frode kom på andreplass i open klasse med ein fisk på 436 gram. Vinnarfisken var på 640 gram.

Fredrik sin største fisk var på 350 gram. Det burde absolutt vore eigen barneklasse sidan jakt og fiskelaget er opptatt av rekruttering av barn. Foreslo det for arrangøren, og han tykte det var ein god ide...
Vi reiste heim slitne, men fornøgde. Ungane sovna momentant...
I dag står Haukedalsvatnet for tur, stemningsrapport kjem i morgon!

4 kommentarer:

Fjordheim sa...

Spennende å fiske. Enig med deg i at det burde være egne barnekategorier.
Lykke til i kveld :)

Evami sa...

Så utrlig spennede konkurranse:) OG så godt å kunne gjøre en slik ting sammen! Hadde det vært en slik konkurranse ved hytta til mams og paps,så hadde vi vunnet for minste fisk og svartest garn!!!!! ingen i familien vår har hatt fiskelykke ever.

Egen barneklasse hadde sikkert vært ekstra stas ja,men det kan jo være at han vinner voksen klassen også,det hadde vært gøy det:) Kos dere masse på fisketur idag:) Klem Eva

Anonym sa...

Vet du, de beste ferieminnene jeg har fra da jeg var barn, er de 4 årene vi leide rorbu og fisket dagen lang i flere uker. Det er en god opplevelse å sitte i en båt med fiskestanga! Ser at dere har storkost dere, og at det ble premie på mannen også, da - gratulerer! Lurt å foreslå egen barneklasse! Gleder meg til flere oppdateringer fra deg! God torsdagskveld - klem fra meg**

Malys krok sa...

Dette må ha vært en spennende dag for de som var med. Når fisken biter er det artig. Mannen din kom jo høyt opp på listen. Burde så klart vært en egen barneklasse, kanskje det kommer nå etter ditt forslag. ha det godt. Hilsen Margit.