onsdag 10. september 2008

Nye tepper til Prinsen

I dag kom teppa som vi har bestilt til Fredrik. Vi blei einige om at det gamle teppet var blitt litt barnslig, så vi har sete på nettet i lag og sett på tepper til auga vart både store & våte... Men til slutt fann poden noko som tilfredsstilte krava på Jotex.
Så no er rommet rydda, vaska og reorganisert, og både mor og son er godt nøgde med resultatet;)
Det vert spennande å sjå kor lenge rommet held seg slik denne gongen...
Slik såg senga ut i dag tidleg. Det er like
ubegripelig for meg kvar einast gong at
dei kan sove med so mykje pø i senga.
Ei blanding av pokalane til både far & son. Fredrik synst det er stas at faren har
vunne pokalar slik som han,og har difor fått lov å ha dei på rommet sitt til pynt .
Denne slagbenken er det stadig diskusjon om...
Eg tykkjer at den tek for mykje plass på eit så lite
rom i tillegg til at det stort sett samlar seg mykje rot,
men far & son meinar sjølvsagt ikkje det...
Enn så lenge får den stå, men vurderar å male den
kvit for å få meir heilheit i rommet.
Denne hyllebenken og oppbevaringskassene kjøpte
vi på Bohus i sommar, og eg er godt nøgd med dei.
Her får eg plass til alle leikar, duppedittar, smålego m.m
Guten er fotballfrelst, og favorittlaget er Sogndal!! På gardinstanga
heng "minner frå svunne tider"~russehua mi
Ferdig!! Synst teppa blei flotte. Guten sin kommentar var: "Wow, så stilig det blei"

3 kommentarer:

CosiFanTutta sa...

Kjempefint teppe!! Gled deg til filmen Så som i himmelen - masse fine karakterer. Svenskene er veldig flinke til deg. Ja, også masse fin musikk. Kjekt at du linker meg :o)

Vakkert Liv sa...

Det var jo et knallfint teppe!!
tenker fotballgutten er glad nå...

A-mora sa...

KNALLTØFT SENGETEPPE. DET HAR SKULLET STÅTT R.B.K PÅ DET .HEHE.DET LIGGER EN AWARD TIL DEG INNE HOS MEG. HA EN SUPER FIN DAG.JEG SKAL UT OG SETTE NED92 BLOMSTERLØKER.