mandag 15. september 2008

Produktiv mandag

Dagen i dag har vore produktiv på mange måtar... Eg & min kjære har hatt fri i dag, og dagen har vorte godt nytta. Etter at ungane var avlevert oppe på skulen reiste vi til Førde å kjøpte nytt fjernsyn, handtak til skapdører, kubbelys til loppefunnet mitt,maling, penslar & rullar...
Fjernsynet vårt rauk på forsommaren, så vi har hatt eit midlertidig fram til no.
Overgangen frå dette....
til dette....

var rimeleg STOR!!
Men ok, det var kjekt å få nytt fjernsyn, det må innrømmast;9)
Slik blei loppefunnet med kubbelys oppi:9)

Vi har lenge hatt planar om å pusse opp det minste rommet på loftet, for å bruke det som datarom, og i dag skreid eg og Frk Fryd til verket.
Slik såg det ut.....


Slik såg det ut undervegs...

Kjempegøy å få LOV til å male på veggen;0)
og slik er det blitt....
BRA?!?
Eg er i alle fall fornøgd:)
Malte og bordflata på bordet, men beina skal forbli mørke. Eg tykkjer det er fint med kontrastar, og golvet skal beisast i omtrent same fargen!!

Til slutt i dag har eg laga blåbær og plommelikør, samt plommesyltetøy!! Syntest det vart ein nydeleg farge på syltetøyet, og det smakte rett og slett himmelsk...



Oppskrita kjem her:
Plommesyltetøy:
1 kg plommer(når steinen er fjerna)
1/2 dl vatn
9 dl sukker(eg brukte berre halvparten,
synst det vart søtt nok, men her gjeld det å smake seg fram)
Saft av 1 sitron
1/2 pose Certo syltetøypulver(eg måtte buke ein, av di dei var ganske blaute)

Ta plommene i ein kjele(delast opp i småbitar), og tilsett vatn og sitronsaft. Kok opp og la småkoke i 15 minutt. Ha i sukker og kok opp under omrøring. Trekk av plata og tilsett Certo.
Hellast over på reine glas.

5 kommentarer:

lykkehuset sa...

Hei, hei Line! Ta en titt på siden min:)

Astrid sa...

Først; gratulerer med nytt tv:) Det er noko anna med flatskjerm ja!
Og så lyst og fint det vart på loftet! Sikkert kjekt for jenta di å få vere med på malarjobben kan eg tenke meg.

Plommesylta såg god ut, det har eg ikkje smakt på mange år, mi kjære bestemor brukte å lage det, så eg veit at det er godt:)

Ha ei fin veke!

A-mora sa...

Gratulerer med ny tv. Lyst og fint ble det på lofte også. Plommesyltetøy det liker jeg. Har du prøvd det på is?Farlig godt. Ha en fin tirsdagskveld.

Steinbokkjen ;o) sa...

Tusen takk for kommentaren! Go ord varma alltid! Ha elles hatt kjempe opptur den sista vekå, å da e berre so hææææærle!

Du finn award t deg i bloggen min!
Kooooz deg!

~~Randi~~ sa...

Så flinke du/dere har vært! Datarommet blir nok bra knæsht, men jeg synes nå tapeten som var der var fin også, jeg:) Tenker det var stor forskjell fra mini-TV til flatskjerm - ble nok litt annen opplevelse å se på TV nå. Og du er så flink til å lage så mye godt, og heldig for oss så elgger du ut oppskrifter. Tusen takk for det, snille Line! Du; Det ligger en liten hilsen til deg inne hos meg:)Ha en fin tirsdagskveld! Klemmer**