lørdag 13. september 2008

Våre nye naboar

Vi har forstått at noko har vore i gjære borte på nabojordet då dei har gått rundt og gjerda oppatt... Og så sant som det var tenkt...her om dagen fekk vi nye, kvite, brekande og bjelleklingande naboar...
Det er forsåvidt koseleg med bjelleklingande beitesauer, men det er no så som så på nattestid når mellom femti og hundre sauer legg på pal kl fire om natta pga hjortejegrar og skudd *sukk*.
Hadde vore trivelegare om dei hadde vore bjellefrie!!
Men ungane kosar seg, og naboane vart vel tatt i mot, no er vi dagleg på jordet med godbitar i form av brød, noko som sjølvsagt vert sett umåteleg stor pris på!!
Etter at eg kom heim frå arbeid i dag, fekk vi raskt besøk av ei venninne og henna to ungar, noko som alltidt er utruleg triveleg... Men det har vore eit atrålande ver veeldig lenge no, så frysaren var sørgeleg tom:9(
Då er denne snaue oppskrifta utruleg god å ty til..
HAVREKNEKK:
175 gram smør
125 gram sukker
50 gram sirup
350 gram havregryn
Forvarm ovnen til 180 grader.
Ha smor, sukker og sirup i ein kjele. Settast over svak varme i 2-3 minutt. Rør til alt er smelta. Ta kjelen av varmen og tilsett havregryn. Blandast godt. Hell blandinga i ei
18 x 30 panne. Trykk jamnt med slikkepott.
Steikast midt i ovnen i 25-30 minutt(til kaka er gyllen) Avkjølast i 10 minutt. Del så opp i ruter og la dei ligge i forma til dei er heilt kalde.
Kan oppbevarast i boks i ca ei veke.
Det er ufatteleg enkelt å lage og smakar kjempegodt. Når besøket var reist, var kakefatet tomt:)

Fatet eg serverte på er eit av to loppefunn frå marknaden forrige helg.
Her er begge to, "sølv"fatet har eg tenkt å bruke til kubbelys, trur det vert fint.

Utifrå vermeldingane har eg obserert at det faktisk skal vere strålande helgever over heile landet...Håpar at dette stemmer, unnar alle å få nyte det fantastiske haustveret:)
Fortsatt god helg til alle sammen!!

8 kommentarer:

Nunne sa...

Ja, det der må vi uten tvil prøve en dag, det va jo såre enkelt og såg utrolig godt ut!
God helg til deg også!

Daisys home sa...

Tusen takk for koselig kommentar på bloggen min.Ja denne oppskriften må vel bare prøves.såg så godt ut!Ha en fortsatt fin helg.

Tove sa...

Så flotte bileter du viser, og den oppskrifta må vi prøve - kanskje endåtil i dag! Klarte dessverre ikkje å lese det du hadde skrive med gul skrift, vart sikkert for likt bakgrunnen og så er det vel noko smårusk med augene mine.... No har eg endeleg fått lagt deg inn i bloggroll`en min slik at eg får melding med ein gong du har nye innlegg! Du er produktiv, Line!

Mormor sa...

De kakene så gode ut, tror nesten jeg skal prøve den:-)Lykke til med de nye naboene. Fortsatt god helg.

Vakkert Liv sa...

Ja, dette må prøves en dag!!
Så koselig med sauer da..men uten bjeller :)

Fam.Sandnes sa...

Koselig med sauer ja...og ikkje minst er det kjekt for ungane, men eg forstår godt frustrasjonen kl. fire om natta...:).............
Supert med lettvinte kaker...den skal eg notere meg å prøve ein dag:)
Ha ein fin søndag!
Klem

Tove sa...

No står havreknekka i ovnen og gjestane er venta om ei lita stund! Dette vert nok ein suksess! Og du, tusen takk for at skrifta vart raud... Då klarte sjølv eg å lese det! Vert det Voldatur på deg med det fyrste??? Hadde vore kjekt å treffe deg!

sologbolig sa...

Takk for hyggelig besøk i bloggen min. Ja, her er det tomt i frysen (nesten) etter ein sommar med mye reising og mye besøk, så kanskje denne oppskrifta di var noko å prøva seg på. Men den blir vel oppeten før den kjem så langt. Ha ein fortsatt fin søndag!