søndag 7. september 2008

Firdalaget vs Drillos98

Eg er trøytt....For andre morgonen på rad er eg oppe
før kl 07.00!!
Fredrik har vore mykje uroleg, sove lite og vore tidleg oppe denne helga. Det er nok delvis pga at det skjer mykje: Gaularmarknad & fotballkamp ~ to store events,
det i seg sjølv er ofte nok til å utløyse loppeblod.
Men i tillegg merka eg på dagen i går at det sannsynlegvis var noko anna på gang og....Jauda,kl. 01.00 i natt høyrde eg gjøyande hoste og tett bryst, han var på grensa til eit kruppanfall:(
Klarte heldigvis å avverge før katastrofa var eit faktum, men eg er nok litt forundra, for det er fire år sidan siste anfall....
Er det all spenninga, i tillegg til skulestart og reoppstart med medisin?!? Kven veit?!?
Svaret får eg nok aldri!!
I dag er i alle fall Bamsefar "heilt gjæra", og impulskontrollen er heilt ute av kontroll...Ja, ja, får berre tru det roar seg. Stakkars lisje guten min, det kan ikkje vere greit....
Vel, vel, over til det innlegget EIGENTLEG skulle handle om;=) I går var det duka for fotballkamp på Skei. Firdalaget er eit samansett lag av unge talent i Sogn og Fjordane der min svoger Ole Jørgen var ein av dei uttekne keeperane:) For evt lesarar som er totalt uinteressert i fotball så er altså Drillos98 det framgangsrike landslaget som Drillos var trenar for!
Her var mange gamle stjerner som td Frode Grodås, Henning Berg, Tore Andre Flo, Mini Jakobsen m.fleire.
Det var ein artig kamp og Ole Jørgen sto i mål i andre omgang.
Resultatet?
3-2
(til Firdalaget sjølvsagt;0) )
Drillo vart spurt i forkant av kampen kva han trudde resultatet vart, og han meddelte då til publikum at laget hadde tatt ei kalkulasjonsberekning på hotellet kvelden før, og var komne
fram til at deira vinnarsjanse var på ca: 37 %!!
Publikum lo godt av den:)
Kos dokke med kampbilda!!

6 kommentarer:

CosiFanTutta sa...

He, he, morsomt innlegg. Der var noen "avdankede" fotball stjerner :o)

The world of Fam.Sandnes sa...

Flotte bilete frå kampen du hadde...her i huset er dei fleste fotballgalne, så når eg over kjøkenbenken spurde kva Drillos 98 var, så fekk eg svaret kjapt...hehe
Krusa mine er Kjøpt på butikken Fryd, ei kjede med butikkar over heile landet. Dei er også veldig gode å drikke av.

tara sa...

festlige bilder:) må takke for mange koselige kommentarer fra deg i det siste...setter stor pris på at du tar turen innom mikael sin blogg også;)
ha en koselig søndagskveld...
stor klem fra tara

~~Randi~~ sa...

Hvordan går det med gutten din? Kan ikke være greit for han, og sikkert slitsomt for alle. Ellers ser det ut til at dere har hatt ei fin helg - artig å se igjen gamle "helter" - Mini bor ikke så skrekkelig langt fra oss, og Tore Andre Flo blir vel snart danseløve?? Koselig å bli kjent med deg - ha ei fin uke:) Klemmer**

KKannDesign sa...

Hei hei..

Jeg har ment å ha gjort det..men har ikke kommet så langt..men nå har jeg linket deg!

Ha en fin fin mandag!

Smil fra KKann

Nunne sa...

ARTIG INNLEGG!
Men du, kjære deg, gå inn på min blogg og hent din award nr.2.
Den ligger der og smiler mot DEG når du kjem innom! Klem.