I dag fann eg og mi gode venninne Tone ut at det var ein passande dag å reise på blåbærplukketur på. Vi smurde med oss niste, pakka sekkane og hoppa i støvlane, klare for nokre timar i skogen. Turmåla er mange,men denne gangen enda vi opp oppe på Hestad. Svigerfar min har hytte med god tilvekst av blåbær kring den. For ikkje å snakke om det attraktive vatnet rett nedanfor. Ungane kosa seg med å plukke blåbær rett i munnen, kaste stein og fange småfisk i vatnet, samt klatre i trea. Vi voksne fekk og nokre flotte timar med god prat og fulle blåbærboksar. For ikkje å gløyme ei lang og god matpause med sandwichar, frukt, saft og kaffe. Ein spanande edderkopp traff vi og på vår veg...
Så glad eg er for at akkuratDUvalgte å besøke bloggen min!! Eg håpar at du finn noko av interesse her inne, som gjer besøket ditt til ei hyggeleg stund... Endå gladare vert eg om du vel å legge att eit spor etter deg i form av ein kommentar, då lovar eg å kome på gjenvisitt:9)
Velkommen til matbloggen min
Storemyras matblogg
Noko på hjertet? Send meg gjerne ein mail:0)
storemyra@hotmail.no
Pappa
Noko du leitar etter? Søk her:o))
Så koseleg at du vil følge bloggen min:0) Klem Line
Vil du vere med? Klikk på bildet så finn du fotoleiken!!
Vil du lage din eigen fotokalender for 2011?
Klikk på bildet og heng deg på:o))
Lilje
WOW!!
Eg er utruleg stolt og rørt over å ha fått denne utnevninga...Ved å trykke på bildet kjem dokke inn på sida der eg har samla alle dei flotte utmerkelsane eg har fått!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar