onsdag 13. august 2008

Snart skulestart


Ja, ja, no nærmar sommaren seg slutten for denne gongen, og skule/arbeidslivet bankar på døra om nokre få dagar...
Fredrik har vore medisinfri i sju veker denne sommare pga at han ikkje har vokse tilfredsstillande siste året.
Det har nok til tider røyna på både for oss og han, men no er vi stolte og glade alle saman for at målet er nådd.
Denne veka driv vi med opptrapping. Om kvelden på første "medisindag"" sa han til meg at det var godt¨å få starte oppatt med medisin!! "Mamma, no er det ikkje så mykje bråk inne i hovudet mitt lenger. Du, Mamma; må eg vere uten medisin neste sommar?? Det trur eg ikkje eg orkar" Sitat slutt..
Kva svarar ei stakkars mor med eit allerede sårt morshjerte på sånnt?? Jau, ho svarar så godt ho kan at vi får tru at vi no har fått tatt att det tapte, og at det sannsynlegvis ikkje er nødvendig, men heilt sikker er eg ikkje...
Passar og på å legge til at Mamma og Pappa synst at han har vore kjempetøff som har kome seg gjennom det, og at vi er frykteleg glade i han

Ingen kommentarer: