fredag 29. august 2008

Kjøkkenhøner, flaskepost og andre skattar!!

Den gang da...eg fyllte 25 år, som visst nok er nokre år sidan *Kremt,kremt*
Då fekk eg nokre kjempeflotte høner av Linda og Terje.
Desse hønene har fulgt meg i tjukt & tynt i alle år sidan, og eg er innmari glad i dei.
Til tross for at dei har budd på diverse hyblar, pryda kjøkkenet i kollektivet eg har budd i og vore med på tre flyttelass i mitt og Frode sitt samliv så er dei NESTEN like heile.
Babyhøna har fått ei lita skramme på nebbet, men litt må ein jo forvente av skader på slike ærverdige høner...
No har dei hatt sin faste plass på kjøkkenet på Sygna i 7 år, og dei seier at bedre plass å bu, nei, det finnast ikkje!!
Her om dagen kom det dumpande ein artig postkortvariant til mine søte små i postkassa.
Det var sjølvsagt frå Julie Kristin(syskenbarnet) som ferierte i Danmark. Ungane var frå seg av begeistring og syntest at dei var, ja,høyr berre her: DRITSTILIGE!! Heldivis er dei velsigna med ei tante som tenker på alt, og difor fekk dei kvar sin flaskepost....
I fjor var vi på ferie i Danmark. Då vi var på veg oppatt til Fredrikshavn, hadde vi ein stopp i Randers regnskog, noko som forøvrig anbefalast på det varmaste om nokon planlegg tur til Danmark. Der skulle ungane få velge seg noko i utsalsgbutikken. Rakel valgte seg ei vifte og ein bamse. Men Fredrik, nei han var ikkje interessert i dei vanlege, kjedelege minnetinga. Han fann seg eit komplett sett med frø som skulle bli til kjøtetande planter, potter og jord. Vi hadde knapt fått entra norsk jord før han lurte på kva tid vi skulle plante. Så snart vi var innanfor eigne dører, var det faktisk berre å sette i gang. Dei fleste plantene blei det ikkje noko av, eller dei døydde etter ei stund. Men vi har eit eksemplar som har overlevd. Eg tenkte som so at når det blei sol og varme, så vart det fart i vekseprosessen, men den gang ei. No har den hatt samestørrelsen i eit halvt år. Så dersom nokon der ute veit kva som skal til for å få fart på veksten, vert tips mottatt med takksemd...

Den siste skatten eg viser fram i dag er mine første sko.
Mamma hadde dei til oppbevaring til eg vart vaksen nok til å setje pris på sånne skattar.
Eg fekk dei tilbake til odel og eige i 2001, når vi då endeleg busette oss på "orntli".
Dei har og sin faste plass på kjøkkenet i lag med hønene mine, og trivst heldigvis like godt som dei.

Ha ei strålande helg alle sammen=0)

Ingen kommentarer: