tirsdag 19. august 2008

SUPERMAMMA

Like sikkert som skulestart, kjem ungane heim med bøker som skal takast bokbind på.. Dette er diverre ikkje ein av mine favorittaktivitetar då eg beherskar det dårleg, og føler meg som ei skikkeleg kløne. Etter mi meining burde det vere tilbod om kurs i "korleis legge på bokbind" for oss stakkars foreldre i forbindelse med skulestart.
Stor var difor Mamma si glede då Rakel førsteklassing hadde med foreldreinformasjon og følgande sto: Elevane treng ikkje å ta bokbind på nokon bøker, sidan det berre er eingongsbøker dette skuleåret. Eg var sjølvsagt snar til å fortelle dette til mi søte førsteklassejente. Men kva skjer?? Jo, i staden for eit fantastisk Rakelsmil, ser eg ei lita tåre henge i augevippene. For ho hadde sjølvsagt kjøpt rosa bokbind med
DISNEYPRINSESSER på!!

Kva no? Jau, ein klistrar på seg si beste SUPERMAMMA mine & smil og seier: "Men sjølvsagt er det jo og lov å ta på bokbind, og det må jo vi gjere sidan vi har kjøpt så flott bokbind, ikkje sant??" Hvorpå mi lisje prinsesse nikkar forsiktig og litt etter litt kjem med sitt strålande Rakelsmil. Supermamma sukkar i det stille og noterar seg enda ei bok som må bindast inn til kvelden...

No er det gjort, og resultatet blei slik:

4 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Bokbindkvledane hører høsten til....Litt koselig egentlig hvis man klare å sjå det slik. Men eg er også ei sånn kløne når det gjeld å ha på bokbind... Øvelse skapar meistar:)

Eg gløyme aldri når mine to elste begynte i 1.klasse....eg gråt begge gongane...så sentimentalt øygeblikk...og eg blir bare meir og meir sentimental med alderen...kor det blir når treje og fjerdemann skal begynne...huff...kjem til å gråte meg raud i augå...
Dei er så sjønne der dei står...så forventningsfulle...og plutseleg kjem tankane opp i hodet mitt... lisje baarnet mitt...!! Så sårbart..eg kan ikkje beskytte det lenger mot alt...eg veit ikkje om du forstår det eg skriver...men slik føles det når barna veks til og tida har gått ifrå oss....
Man kan ikkje halde dei tilbake heller..dei må få løsrive seg og begynne sitt liv...
Sånn er det. Og klart...man er glad for det også. Så godt at dei er friske og lever sitt liv... Men første skuledagen er bare spesiell...spesielt for ei mor:)
Ønska deg fin kveld
Klem

Anna Lisa sa...

Så artig da!!
Bor ho også på Mork kansje? Syns eg huska det.... Er ikkje sikkert ho suska meg. Det var i 2004 når Omsorgssenteret var nytt.
Ei huggelig dame å jobbe saman med:) DU får hilse ho:)
Ha en fin dag!!
Klem

Unknown sa...

Åh, så yndig ho e. Men du har rett, det e jo bare "engangsbøker", så her var det ingen i klassen som la på bokpapir i fjor...spent på om det blir noe i år, for det er jo faktisk ganske koselig.

Liv sa...

Hurra for supermamma!