mandag 18. august 2008

Første skuledag







Då var dagen som Rakel har venta så lenge på endeleg komen. Ho skulle få begynne på skulen. Vi fann fram skuleklea, børsta og ordna etter alle kunstens reglar, og så var vi KLARE!!
Mamma og Pappa var så heldige å få vere med på den store dagen, og i gymsalen fekk ein stolt storebror site framfor førsteklassingane på ei matte i lag med resten av fjerdeklasse.
I gymsalen starta ein med allsong, og så var det opplesing av klassene trinn for trinn.


I klasseromet hadde dei fyrst samling, og så ei arbeidsøkt før dei fekk gå ut slik at alle foreldra kunne få ta klassebilde.

Etter fotoseansen ute tok vi oss og ei runde innom klasseromet og tok bilder av henne ved pulten, for det gjorde jo Mamma når Fredrik begynte i første klasse... Deretter fekk vi streng beskjed av vår håpefulle lille jente at no var det på tide å gå, altså.

Dette sette tankane mine over på Inger Hagerup sitt flotte dikt:

Liten?
Jeg?
Langtifra!
Er akkurat passe.
Fyller meg selv helt.
På langs og på tvers.
Er DU større enn deg selv, kanskje?



Klokka 15.00 fekk vi ei sliten, men lukkeleg lita tulle heim med bussen. Det å starte på skulen var nett like stort som f forventa!!

3 kommentarer:

Tove sa...

Når det gjeld plassering av bilete: dersom du har to bileter i eit innlegg, kan du t.d. klikke på "venstre" når du lastar opp det fyrste biletet, og på "høgre" når du lastar opp det siste biletet. Då har du to bileter på kvar sin kant av innlegget. Bileta kan du då flytte opp og ned (plassèr markøren over biletet du vil ha flytta og hald samstundes nede venstre museknappen. Ellers trur eg du kan velge "ingen" når du lastar opp bileter, då plasserer du dei kvar som helst. Var dette oppklarande???

Unknown sa...

Så koselig at du stakk innom meg! Velkommen i blogglandia, her vil du garantert trives!!
Klem fra Smøla.

Tara sa...

heisann...for en søt skolejente:)
tusen takk for koselig kommentar og for at du kikket innom bloggen til mikael...
veldig koselig blogg du har:)