torsdag 14. august 2008

Nyklipte ungar!!




I løpet av sommaren har håret ein underleg evne til å leve sitt eige liv...
Det veks som ugras, det vert lysare og meir slitt enn ellers i året. Rakel har denne sommaren i tillegg valgt å prøve seg som frisør på eige hår, så no fann mor i huset at her var det på tide med hårrefreshing:)
Resultata blei bra, og begge ungane var godt nøgde.. Litt uvant for familien med ei Rakel med pannelugg(pga den berømte hårklippen måtte det gjerast), men resultatet vart no særs bra, og jenta sjølv er veldig nøgd!!

1 kommentar:

Tove sa...

Ungane dine er så skjønne, Line! Visste ikkje at Fredrik hadde ADHD. Har ein del erfaring med diagnosen, då eg har hatt elevar med ADHD i ymse styrkegrader. Var så karakteristisk å lese at Fredrik vart glad for å få starte med medisin att. Så lenge han får rett medisin og rett dose, så har han det bra. Men viktigaste medisinen er foreldre som bryr seg og engasjerer seg i ungen sitt ve og vel - og det ser det ut til at Fredrik er velsigna med! Kjekt at du har teke til med blogging, forresten. Slik det starta for meg òg, vart inspirert av andre og måtte berre prøve sjølv. Lukke til! Skal kike innom deg ofte! Skrik ut om du treng gode råd!