lørdag 20. september 2008

Rapport frå sjukepleiarkongress

Kameraet mitt er dødt, absolutt heilt og holdent avgått ved døden, så her er det ingen bilder å finne:(
Det er så utruleg irriterande.... for det var så mykje å sjå på, oppleve, høyre, vi knytta nye kontakter, pleia gamle, fekk oppleve masse kultur, hadde det råartig i felles buss OG EG SKULLE SÅ GJERNE HATT BILETER AV ALT SAMAN, DET VAR SÅ UTRULEG MASSE EG VILLE VISE FRAM HER, MEN EG HAR IKKJE EIT EINASTE EITT!!!!!!!!!!!
Utanom dette programmet som eg scanna opp
Her er det utveksla forskjellige epostadresser, he-he...
Vi har hatt det utruleg gøy, og verkeleg fått minner for livet...
Vi fekk oppleve blant anna Schola Sanctae Sunnivae i sjølvasre Nidarosdomen, det var berre heilt utruleg flott.
Vi fekk glada av å høyre på det mannlege studentkoret Pirium, noko som verkeleg kan anbefalast.
Kulturinnslaga sto i kø, men det var no desse to som gjorde mest inntrykk på meg:)
I tillegg har det vore eit hektisk fagprogram med mange fantastiske forelesarar.
Dei som gjorde aller mest inntrykk på meg var:
Anneli Eriksson:
Leiar for Lekare Utan Grenser. Det var utruleg å høyre på hennar forteljingar og engasjement. Eg sat med klump i halsen og tårer i augekroken meir enn ein gong.
Arthur Buchardt:
Han fortalte om sitt møte med helsevesenet når han fekk lymfekreft for tre år sidan.
Han er og leiar for Radiumhospitalets venner.
Bjarte Sælevik:
Han har vore med på å organisere og utvikle eit tilbod med brukarstyrte plassar ved ein schizofrene/psykosepost. Dette var eit fantastisk innslag. Eg fekk æra av å møte han "live", og eg skal få tilsendt hans materiale om dette. Eg ser nemleg overføringsverdi til demensomsorga, og har besemt meg for å skrive prosjektoppgåve om dette temaet i mi vidareutdanning. Eg er så tent, og har innmari tru på at dette er muleg å få til:0))))))

2 kommentarer:

Garden Angel sa...

Hei på deg!
Å så kjedelig med kameraet ditt
da:( Håper det ordner seg:)

Jeg var i Nidarosdommen på en midtsommerkonsert for noen år siden. En helt spesiell opplevelse!
Flott å høre at turen var topp!
Og ja...stå på!
"Stå på" mennesker trengs i omsorgsyrkene!!!
God helg videre!

Synnøve sa...

Pirium er bare helt rå god. Skjønner godt at du er tent,virker som det har vært lærerikt. Og trondheim er jo en fin by? synd at kameraet ditt ikke virket. kos deg resten av helga. Takk for koselig kommentar på bloggen min.Er så posetiv alltid du.