torsdag 4. desember 2008

Utfordringane kjem stadig rekande på ei fjøl...

Eg har blitt utfordra av Tara - Happy in Pink, og her kjem svara mine!!

Kva slags mat et du ofte?
Brød med kjøttpålegg
Når du er på besøk, er du då personen som sit i ro eller hjelper du til med å rydde av bordet?
Eg er nok den som hjelper til med å rydde av bordet.

Kvar sit du når du bloggar?
Her.
Foreløpig i stova, sidan kattungane framleis er på det som skal bli datarom...Men etter jul....

Kjøper du ofte skrapelodd??
Nei, aldri
Kva land eller stad har vore din beste ferie?
Romania i lag med Mamma, Pappa og syskjena mine...Vi var der i 1993, sjølv om eg var vaksen så bestemte eg meg for å reise i lag med dei framfor venninner....Vart ein super tur, med mange minner å sjå tilbake på...

Kva TVkanal ser du mest på?
Det vert nok ein 50/50 mix mellom TV2 og TVNorge

Kva vin er din favoritt?
Casal Garcia ~Ein kvit portugisisk vin som er frisk og perlande. Nydeleg drikkevin.
Ruffino Chianti ~ Den raude favoritten.
Eg utfordrar:
Gamlå
CosiFanTutta
Simmas hus
Lykkehuset
Randi ~ Hverdagsprat
Tofos familieblogg
Silje the mustang
Shamines lille hjørne

Denne utfordringa kjem frå Gry Hege med bloggen Grys lille univers!!
UtmaningSå här funkar det:
* Länka till den som utmanat dig och sätt dessa regler på din blogg.
* Berätta 7 saker om dig själv både alldagliga och knäppa.
* Utmana 7 stycken i slutet av inlägget genom att nämna deras namn och länka till de. Låt de få veta att de har blivit utmanade genom att lämna en kommentar i deras blogg.

1. Eg har bete negler sidan eg var 6 år. Slutta heilt å bite i begge svangerskapa, men begynte på att etter at dei var født. For to år sidan klarte eg å slutte, men har småsprekkar innimellom.

2. Eg har to nydelege ungar som eg elskar over alt på jord. Å få oppleve å bli mor er det største som har hendt meg...Hadde det vore opp til meg hadde vi hatt ein heil skokk. Men etter fleire spontanabortar har eg innsett at kroppen min ikkje spelar på lag i denne saka...Frode har og sett ned foten...

3. Vi har kjøpt hus to gongar. Vi baud for første gong på drømmehuset våren 1999, men då klarte vi ikkje å fylgje med heilt opp i budrundene. Dermed kjøpte vi eit anna hus i november same året. Men to år seinare kom dette huset for sal att. Då var vi ikkje i tvil om at vi heller ville bu her som det er landlig og fritt, framfor i eit byggefelt der det var SVÆRT tett mellom husa.

4. Eg er sjukepleiar, og er no ferdig med mitt tredje semester i vidareutdanning innan geriatri(læra om eldre), dersom alt går bra er eg spesialsjukepleiar våren 2009.

5. Eg traff mannen i mitt liv i min første praksisperiode på sjukeheimen. Han er hjelpepleiar og jobba på den avdelinga eg var i praksis. !4 desember møttest vi ute, og då sa det KLIKK!!

6. Eg har langt hår som eg stort sett alltidt set opp i topp, flettar eller har i ei eller anna form for klemme...Har blitt ein vane, særleg sidan laust hår ikkje er tillatt i jobben min...

7. Eg er ingen "ryddefreak". Likar sjølvsagt å ha det ryddig rundt meg, men ikkje for ein kvar pris. Eg vil at ungane skal huske foreldre som var tilstedeværande og som tok seg tid til å leike, spele spel, lese, vere ute med dei m.m framfor å rydde, rydde, rydde og deretter vaske....
Eg utfordrar:
Tove i Tankar frå ein kvardag
Sol og Bolig
Astrid i Fjordheim
Daisys home
Anna Lisas hjerteblogg
Tara - Happy in Pink
Kkann Design

Den siste kjem frå Turid med bloggen Tofo sin familieblogg

Favorittar i baderomsskapet:
1. Rensegele: Brukar eg ikkje

2. Dagkrem: Pga ømfintleg hud og atopisk eksem er det ikkje så mykje eg tåler. Etter mykje prøving og feiling har eg komt fram til at Spenol er det eg tåler best.

3. Dusjolje: Brukar ikkje no, men hadde ein frå Miranda som var veldig god.

4. Kroppskrem/lotion: Clarins ~Paris

5. Handkrem: Spenol.

6. Sminkefjernar: Brukar mild såpe og vatn.

7. Maskara: Maybelline


8.Øyenskygge: H & M


9. Foundation: Øh...Det brukar eg ikkje, men i den grad eg brukar sminke har eg pudder som eg påfører med kost.

10. Leppestift: Brukar sjelden, men trur eg har liggande ein frå H & M.

11. Lipgloss: Brukar sjelden, men har liggande ein som eg har kjøpr på Cubus, huskar ikkje kva merke...
Eg utfordrar:
Gry Hege
Astrid frå eit A4 liv...
Vibeke - Duften av erteblomster
Garden Angel
Tante Julie
Eline - Black feathers
The world of Sandnes

13 kommentarer:

CosiFanTutta sa...

Hei, så trivelig å vite mer om deg. Trist at du ikke får ungeflokken din!! Så blir du kanskje ekstra glad i de flotte barna som du allerede har!!
Jeg er jo himla nyskjerrig så springer til hver gang noen forteller om seg selv. Du er så flink til å være personlig på bloggen din, det er noe av det jeg setter sånn pris på. Jeg er feig og anonym, jeg :o)

Klart jeg tar utfordringen - jeg skulle fått den nederste også, for jeg er skikkelig "dollete", hehe

Ha en fin, fin kveld!

Tove sa...

Hei Line! Denne utfordringa må eg takke nei til, har hatt den ein gong før, og er ikkje kreativ nok til å kome på sju nye ting... Gi meg gjerne ei anna!!!!

Brit. (lille meg) sa...

Å, men dette var mange utfordringer på en gang! Men takk for at du delte en bit av deg med oss andre på denne måten!
Jeg hadde nok nektet om jeg hadde fått så mange....
Ha en fin kveld!:)

Sologbolig sa...

Takk for hyggelig kommentar hos meg og takk for utfordringa, den skal eg nok ta. Ha ein fin kveld!

CosiFanTutta sa...

...ferdig!... :o)

Turid sa...

Hihi..den utfordringen skal eg ta...litt seinare i kveld!
Skal si du var blitt utfordret! Fikke vite mye nytt om deg i dag. Mye kjekt å vite!
Klem fra Turid;)

Nita sa...

Hei på deg, og takk for besøk inne hos meg :) Utfordringer er gøy synes jeg, man blir litt mer "kjent" med hverandre da. Har en selv som jeg skal svare på i kveld. Den sminke-utfordringen var jo morsom da, har ikke sett den før.
Så skjønne unger du har :)

PS: Spent på å se kremmerhusene dine :)

Ha en fin kveld :)

Garden Angel sa...

Hei på deg!
Her ble det mange utfordringer på deg!Gøy å lese:)
Ser du utfordrer meg på en av de..
Skal se hva jeg får gjort de nærmeste dagene;)
God advent!
Klem(",)

Fjordheim sa...

Koselig å lære litt mer om deg.
Har svart på den utfordringen før. Ei stund siden. Har ikke hatt tid til å lete den frem. SÅ da gjør jeg det ikke en gang til.
Ha en flott dag i morgen :)

Anonym sa...

Tar alltid en utfordring jeg :)

Tara sa...

ja, nå ble jeg jammen litt bedre kjent med deg...veldig koselig...
tar gjerne utfordringa...selv om jeg har tatt den før;)))
kan alltids finne på 7 ting til om meg selv...skal få daniel til å hjelpe meg...hi-hi;)
har vært på kino i kveld og sett "fatso"...er helt i sjokktilstand:) heldigvis var jeg og venninna mi alene i salen, hvis ikke hadde vi blitt flaue;)
nå må du ha en fin kveld...
klem fra tara:)))))

Anna Lisa sa...

Hei min venn
Eg så du hadde utfordra meg til ein ny utfordring...men når eg skulle kjike på kva du utfordra meg til så eg ikkje navnet mitt:)
Har eg oversett det...eller misforstått?
Koselig det du skriver :)
Ha ei god natta
KLem

Lykkehuset sa...

Heisann Line! Takk for utfordringen. Jeg har svart på bloggen min nå:-) Klem til deg!