søndag 17. august 2008

Dagen før dagen


I dag er dagen for ettertanke. Rakel har vore på lang fjelltur i lag med Tone, Mikael og Johannes for å døyve loppeblod og skulestartspenning. Det hadde vore ein knalltur og dei hadde verkeleg kosa seg. No i kveld har ungane bada og flidd seg etter alle kunstens reglar. Sekkane er tilpassa og pakka. Første skuledagklea har hengt framme på hengar eit par dagar. Alt er klappa og klart til skulestart for ein svært spent førsteklassing og ein litt tøff fjerdeklassing. men tom storebror har måtta bete i det sure eplet og innrømt at det skal bli godt å begynne på skule att;0)
Men mor i huset må samtidig innrømme at det er litt vemodig å "vere ferdig med barnehagen", no har vi berre to store skuleungar i hus. Eg har vore på dagvakt i dag, slik at eg kan ha fri neste søndag når Fredrik skal på fotballturnering. Så som ein skjønar er sommaren ugjenkalleleg forbi, og hausten med sitt heseblesande tempo og aktivitetar bankar på døra!! Ynskjer med dette alle landet sine førsteklassingar, samt deira foreldre lukke til med dagen i morgon. Eg vonar alle er like spente som oss...

1 kommentar:

Tove sa...

Lukke til med morgondagen til deg og dine! Her er det ikkje skulestart før onsdag. No har vi to på skule og ei i barnehage. Spennande for alle å byrje på den nye kvardagen...

Klem!