søndag 30. november 2008

1 søndag i advent:0)

I desember har vi adventstida. Det latinske adventus betyr ankomst, og er betegnelsen på ventetida for Jesu kome i jula. Den byrjar fire søndagar før jul og varar fram til julaftan. I dei katolske land er advent ei botstid med faste, som i tidlegare tider byrja med Mortensmesse. Før var det og skikk at ein ikkje skulle danse og more seg i adventstida.

 PB300083

Adventsøndagane gjev ein forsmak på jula. Då kjem familien saman og tenner adventslysa, alt etter kva søndag det er. Mange stadar held ein enno gamle tradisjonar i hevd, til dømes med høgtlesing av juleforteljingar eller liknande.

 PB300084

Bruk av adventskrans oppsto i Tyskland i 1830 åra, etter ein ide av indremisjonens grunnleggar Johann Heinrich Wichern, der dei gamle julesymbola ~eviggrøne vekstar og lys ~er foreina i ein ring.

PB300085

Opprinneleg brukte ein raude band, som er livets farge på kransane, men i dag finn vi og andre fargekombinasjonar som til dømes lilla band, som er den liturgiske fargen for adventstida.

ADVENT

Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede.

Det står og skinner for seg selv og oss som er til stede.

Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede.

~Inger Hagerup ~

LEGENDEN OM DEI FIRE LYSA!

PB300086

Fire lys brann på adventskransen. Det var heilt stille, så stille at ein  kunne høyre lysene snakke til kvarandre.

Det første lyset sukka og sa:
”Mitt navn er fred. Eg skin klart, men menneska vil ikkje ha fred, dei vil ikkje ha meg”.
Lyset vart  mindre og mindre, til slutt slokna det heilt.

Det andre lyset sa:
”Mitt navn er tro. Men eg har vorte  overflødig. Menneska vil ikkje vete av Gud lenger. Det er meningslaust at eg brenn”.
Så slokna det andre lyset.

Bedrøva og med lav stemme sa det tredje lyset:
Mitt navn er kjærleik. Eg eig  ikkje lenger krafta til å brenne. Menneska overser meg.
Dei ser berre seg sjølv og ikkje dei andre som dei skulle elske”.
Også det tredje lyset slokna.

Eit barn kom inn i rommet, så på lysa og sa:
”Dykk skal då lyse og ikke slokne”, med auga  fulle av tårer. Då høyrdes brått  stemma til det fjerde lyset: ”Vær ikkje redd! Så lenge eg brenn, kan vi tenne dei andre lysa att. Mitt navn er håp”.

Og barnet tok ein flamme frå håpets lys med ein fyrstikk og tende igjen alle dei andre lysa.

ADVENTSSTJERNE

PB300087
Den store femtakka stjerna som vert hengt opp i stovevinduet fyrste søndag i advent, har funne vegen til Norge via Sverige.

Den raudgule stjerna har sin opprinnelse i den tyske frikirkemeinigheta Herrnhuterne, også kjent som Brødremenigheten, som vart grunnlagt på 1700-tallet. Adventstida var viktig i deira kyrkjeliv, og på slutten av 1800-talet byrja borna i meinigheitas kostskular å lage desse stjernene av gjennomsiktig papir som dei sette utenpå oljelampar.

Kvar ideen opprinnelig kjem frå er uvisst, men herrnhuterne sjølv meinar at ein lærar på misjonsoppdrag i Sverige kan ha blitt inspirert til å lage stjerna etter å ha sett svenske stjernegutopptog.

Skikken vart verkelig utbreidt då elektrisiteten erstatta oljelampen. I Sverige vert den i dag kalla ”Polarstjerne” på folkemunne, fordi den skin frå tusenvis av vindauge.

ADVENTSKALENDER

Adventskalendar                Bilde frå Wikipeda

Den masseproduserte adventskalenderen kom i salg i Norge i byrjinga av 1930-årene, men vart  fyrst vanlig blant barn etter andre verdenskrig.

pakkar

Det finst ingen sikre opplysningar om korleis den fyrste adventskalendaren vart  til, men det vert  fortalt at tyske frau Lang laga den fyrste. Ho ville forkorte ventetida før jul for sin sjuke son på 1800-tallet.

14 kommentarer:

Lille meg sa...

Det var en fin fortelling, den om lysene. Så er advent her, julegrana skal tennes på torget i bygda her i ettermiddag.
God adventsøndag til deg!:)

happy in pink sa...

for en vakker fortelling om adventslysa!!! den var virkelig nydelig...
her skal det pyntes litt til jul idag...
mikael er på avlastning...mannen har jobba natt, så han sover og daniel øver på matte-tentamen...så jeg går litt rundt meg selv her...burde vel egentlig gå ut i det nydelige høstværet, og ta noen bilder:))
dere må ha en stemningsfull adventssøndag:)))
klem fra meg...

Trollkåno sa...

So fint pynta, og so litt historie med "på kjøpet", det har eg sansen for.
God advent!

sologbolig sa...

Fint pynta og vakker legende. Kan eg få lov å bruka den i morgon når vi tenner det første adventslyset på skulen ? Ha ein fin søndag !

Hvitrose sa...

jøsses for et flott og langt innlegg!!!Du e jammen flink å skrive:)

her var det mye fint å lese ja!!

ønsker deg og dine en fin første søndag i Advent!!

Klem:)

Hvitrose sa...

å veldig fin adventsstake forresten!!:)

happy in pink sa...

og nå ligger det jammen meg en utfordring til deg inne hos meg;)))
klem...

Gamlå sa...

Heisann

Ja, nå kan Gamlå mye om adventstid og annet om julen. Tusen takk for et flott innlegg.

Flott adventstake har du også laget deg:).

klem fra Gamlå

~~Randi, Hverdagsprat~~ sa...

Så vakkert, Line. Kjempekoselig fortelling om lysene. Takk som deler så mye vakkert med oss. Ha en fin 1. søndag i advent, min venn:) Klemmer**

Tante Julie sa...

Hei !
Dette var omtrent som å sitte på skolebenken å få en skikkelig undervisning i " julehistorie ".
Kjempefint og annerledes innlegg !

Tofo sa...

Mye fint å lese om advent og jul!
Så koselig du har pyntet til advent! Ha en fortsatt fin kveld!
Klem ;)

Fjordheim sa...

Ja der var det mye flott informasjon om tradisjoner i advent. Nydelig den fortellingen om de fire lysene.
Ha ei flott adventstid :)

Tina sa...

For eit rørande innlegg! :) Vakker historie om dei fire lysa! Hekje hørt historia om dei før! Kjekt å lære litt historie og.

Ha ei flott adventstid :)

Kos frå oss i Volda.

Eline sa...

Så nydelig den var den historien om adventslysene. Det er jo litt å tenke på i denne førjulstid. Her har det kommet opp hmm....tre julestjerner pluss en *julestjernelysvindus...* ja lys ihvertfall. Så da har vi to stjerner til å henge opp... Ler
Her hos oss har alle en egen adventslys vinduspynt. Men vi koser oss med alle lysene ;)