søndag 2. november 2008

Tallet er 4!!

Fekk ei artig utfordring frå Vibeke i dag!! Har no tenkt litt fram og tilbake, for eg har mykje eg kunne ha svart på nokre av spørsmåla...Men her er i alle fall resultatet:0)

Fire jobbar eg har hatt:

1. Min første sommarjobb hadde eg når eg var 13 år som: Jorbærplukkar. Vi var i åkeren i alt slags ver, med lange dagar på opptil 12 timar. Lønna var elendig, men hjelpe meg for nokre minnerike somrar med ein gjeng herlege jenter og gutar. Vi hadde kasettspelar med i åkeren, rocka og sang av full hals, vi hylte og skreik når edderkoppar, makk, åmer og sniglar kraup over fingrane våra og ikkje minst fekk vi ete så mykje jordbær vi berre ville...

j0144405 j0422530

2. Jobba to somrar hos Osli A/S, der Pappa var ein av eigarane. Eg slipte, sveisa,sag, stansa og dreia med livet som innsats. To lærerike somrar i eit skikkeleg mannsdominert miljø. Som einaste jente skal eg love at eg vart tatt godt vare på(Men gjett om det var skikkeleg griseprat på pauserommet;0) )

j0401916

3. Eg jobba eit år i barnehage på 0-3 årsavdeling. Synst det var kjempegøy, og yrkesvalet mitt sto mellom førskulelærar og sjukepleiar. Sjukepleiaryrket vann!!

j0262693 j0427648

4. I studietida mi jobba eg på barneavdelinga på FSS tredje kvar helg, som tilkallingshjelp og ein sommar. Dette er den mest verdifulle praksisen eg har plukka med meg inn i sjukepleiarrolla mi. Barneavdelinga er ei spesiell avdeling å jobbe på der gleder og tragediar går hand i hand, og eg har svært lyst til å jobbe der igjen om anledninga skulle by seg.

j0402123 j0426557

Fire filmar eg kan sjå om og om igjen:

1.Dirty Dancing

2.Grease

3. Triologien Ringenes Herre

4.Mitt Afrika

Fire plassar eg har budd:

1. Volda. Her er eg fødd og oppvaksen.

2. Stranda. Gjekk to siste åra på gymnaset der inne. Ei flott og minnerik tid.

3. Førde. Budde der medan eg studerte

4. Gaular. Der eg har busett meg i lag med samboar og barn.

j0145104 j0185194

Fire TVshow eg likar/har likt:

1. Friends

2. X-files

3. Idol

4. CSI

Her sto det eigentleg elska, men det synst eg no er å ta litt hardt i i forhold til tv, så eg nøyar meg med likar...

Fire plassar eg har vore på ferie:

1. England. Eg & Linda var på språkreise til Brighton i 1989. Det einaste vi hadde høyrt om Brighton på forhånd var at det var mykje homofile der, så vi kika og kika om der var nokre homofile par i gatene fyrste dagane, men trur du vi såg nokon???

j0422869 j0423744

2. USA ~Florida. Jul/nyttår i 1990/91 var fekk eg vere med Besta, Morfar og Onkel Ivar "over there" for å besøke Onkel Kjell, Tante Debbie, Tatum og Maggie. Onkel Kjell er broren til Mamma og har budd der sidan 1980. Eg & Onkel Ivar var på rundtur i Florida i fem dagar, der siste stopp var Key West...Fantastisk plass som anbefalast på det varmaste!! Ein flott og minnerik tur, der eg fekk anledning til å bli litt betre kjent med den amerikanske delen av familien....

ADE064

3. Bulgaria. Eg, Linda & Sissel var på vår første utanlandsferie heilt på eiga hand i 1992. Vi fekk låne Pappa sin Toyota til Oslo,instruert i korleis vi skulle peile og fylle på olje(den lak olje som ei sil), og dersom motoren fuska så måtte vi fram og blåse i bensinfilteret for å reingjere det. Ser dokke synet føre dokke når vi sto midt på Strynefjellet og bles i bensinslangen?? *Leeer*Vi hadde ein kjempeflott tur med mykje moro. Bl.a song vi så mykje kareoke at vi var stemmelause i tre dagar!!

j0431034 j0433885

4. Tunisia. Studieturen vår i februar/mars 1997. Dette var verkeleg ein uforgløymeleg tur:0) Vi var 26 stk frå kullet som reiste, og blant dei var det berre 2 gutar. Vi besøkte ein sjukepleiarskule, og for å sei det sånn, så var det som å kome 50 år tilbake i tid. Dei gjekk med uniformer og hadde klasseromsundervisning. Respekten for lærarane var stor. Vi fekk og besøke eit sjukehus. Det tekniske utstyret var meget imponerande, og låg lenger framme enn Norge på den tida. Men ellers var dei ikkje tatt i bruk så mykje eingongsutstyr, så dei sterileiserte instrumenta på den gode gammeldagse måten. Fødeavdelinga var kald og lite innbydande, men kuvøsene var av imponerande standard. Vi fekk eit utruleg samhold på den veka vi var der, og overalt vi gjekk fekk vi høyre: "There comes the group with 26 people... " Vi var på båttur, kamelsafari, vi pruta og shoppa, og fekk utruleg mykje god mat!! For ikkje å snakke om då vi hadde korsong i foajeen på hotellet der vi budde;0)

j0430667 j0427683 Medina shop

Fire websider eg besøker kvar dag:

1. Bloggen

2. Hotmail

3. Fronter

4. Facebook

Fire plassar eg heller ville ha vore no:

1. Jorda Rundt reise med familien min.

j0410043 j0396042

2. På Voldabesøk!

j0401185

3. Til Sør Afrika for å treffe Nelson Mandela

4. Konsert med Madonna

Fire bloggarar eg sender utfordringa vidare til:

1. Kate

2. Brit

3.Kathrine

4. Elin

Alle bilda er lånt frå nettet

7 kommentarer:

Brit. (lille meg) sa...

Hjelp! Jeg er ikke så glad for utfordringer, men lover å prøve.
Jeg har også hatt sommerjobb som jordbærplukker.
Ha en fin kveld!:)

Kathrine sa...

Aaa...Jeg tar utfordringa jeg ja.-) Blir sikkert rare greiene, men sånn er nå jeg...

Klem:-D

CosiFanTutta sa...

Hei du, den var morsom! Jeg plukket også jordbær som 13-åring, hehe. Plukket fortest av alle og telte penger i hodet, hehe :o)

Morsomt å bli bedre kjent med deg! Masse spennende land og opplevelser!

Nyt restene av helgen og ha en fin uke :o)

AnneGrethe7 sa...

Tusen takk for helsinga på dagen til vesle prinsen våra. Utruleg at han er 1 år allereie...kvar blir dagane av?
Det har vore eit fantastisk, vidunderleg år og skulle ønske eg kunne vore lenger heime. Dei harde fakta er at om 22 dagar er det jobb igjen....:) Skal bli kjekt å¨møte elevane att også.

Ha ei god natt:)
Klem

Vibeke sa...

Så utrolig bra Line!!!!!Detta var gøy å lese :o)

Klem

Anonym sa...

Dette var koselig lesning, igjen - du skriver jo så bra! Har fått utfordringen jeg, også - og skal ta den ganske så snart. Glad i sånne utfordringer jeg, sjø:) Håper du har det bra, Line - og at du får ei strålende uke! Klemmer**

Kate-Marita Pettersen sa...

Har tatt utfordringa jeg:)

Klem og god uke til deg og dine:)